Siste kløverturen før påske gjekk Litjrundt og var innom tre grender: Halagrenda, Øyagrenda og Brusetgrenda.
Les heile sakaSjøisen syng på siste verset
Den siste perioden med godt vêr og ganske høge temperaturar har gjort at sjøisen, som har vore målt til opp mot 20 centimeters tjukkelse, no syng på siste verset.
Les heile sakaMinner om årsmøtet i morgon tysdag
Todalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaTysdag kveld kjem konfirmantane på døra
Todalen sokneråd er ansvarleg for fasteaksjonen i Todalen. Anita Talgø som er KN-kontakt i Todalen fortel at konfirmantane vil få ansvaret for å samle inn pengar for fasteaksjonen i år. Tysdag kveld 19. mars, frå kl 17 og utover, kjem dei på døra med innsamlingsbøssa. I år er det viktigare enn nokon gong at vi er rause til å støtte fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp – vi må gje så det svir.
Les heile sakaInviterer til «felles middag» onsdag 20. mars
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. mars klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaPalmehelgutsal hos Lia gard
Fredag 22. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til palmehelgutsal i Lia. Denne gongen kan Lia gard også tilby spaltbrød og sitronkake, som båe er nye produkt frå dei. Dei som førehandsbestiller er med i trekninga av ei sitronkake. Så da er det mogleg å få sikra seg grovbakst og kaffebrød til påska!
Les heile sakaKløvertur Litjrundt
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 18. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaNostalgisk Jim Reeves-hyllest i Kulturhuset
Laurdag kveld var det ei markering av Jim Reeves 101-årsdag i Kulturhuset. Eigentleg var arrangementet eit år forsinka, men kva har det å seie? Konserten vart ei kjempefin oppleving for oss som hadde teke plass i Storstua denne kvelden.
Les heile sakaFredrikkekaffe i Sanitetshuset med godt oppmøte
Laurdag 16. mars – midt i den første vårmånaden – arrangerte Todalen sanitetsforening Fredrikkekaffe. Sol og fint ver ute, triveleg og sosialt treff inne.
Les heile sakaAr sjømat med salsstand i Todalen
Ar sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 20. mars, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt.
Les heile saka«Kulturskulesleppkonsert» i Trudvang.
Torsdag 21. mars klokka 19:00 inviterer kulturskulen til sin årlege bandkonsert, noko som i år går føre seg i Trudvang. Årets bandkonsert er eit samarbeid mellom kulturskulen og SKUV og blir altså i år arrangert i Trudvang på Surnadalsøra.
Les heile sakaVerdscup for yngre med Romsdal Randonee som arrangør
Denne helga er det VerdsCup i randonee i Molde og verdseliten av unge løparar er på plass i Romsdalsbyen for å kjempe om poeng og medaljer. Rundt 100 deltakarar frå 17 nasjonar deltek.Frå Trollheimen Fjellsportklubb er det to deltakarar, Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, og her får dei skikkeleg konkurranse. Det er rundt 100 deltakarar som er samla i Molde med Romsdal Randonee som arrangør.
Les heile saka