Femte juledag inviterer det unge talentet Hans Olav Settem, søstera Gunhild Marie og kremen av musikktalenta i Surnadal til storslagen konsert i Øye kyrkje.

– Vi trur og håpar på fullsett kyrkje, kviskrar Gunhild Marie Settem (27), songar, student, og for tida nærast stemmelaus.

– Ja, no må vi håpe med måte, i fjor var kyrkja halvfull, det var vi godt nøgd med, seier Hans Olav (19). Stemmen til Gunhild Marie har tatt juleferie, men dei håpar han kjem att til konserten.

– Ja, det hadde vore artig om ho var med, men konsert vert det uansett, seier Hans Olav. Gunhild Marie nikkar. Hans Olav har gjort suksess som vokalist og gitarspelar i Batteri, dei spelar poprock på nynorsk.

– Det vart slik at alle i bandet kunne vere med på julekonserten, det er stas! Fortel Hans Olav. Dei andre medlemmane er Stein Boge (gitar), Oddbjørn Sponås (trommer), Brage Kristian Einum (tangentar) og Sondre Skogseth (bass).

– Og det kjem kanskje ein gjest innom også, fortel Hans Olav lurt.

Musikknissen kjem med gåver til alle.

– Vi kjem til å spele både nye og gamle julesongar med nye arrangement og forskjellige stilartar. Det vert noko for alle med hørsel, alt frå folketonar til rock og moderne jazz. I fjor fekk vi litt lite tid på oss, og starta ikkje planlegginga føre juleferien. I år har vi hatt litt meir tid på oss, og har allereie øvd eit par gonger, fortel Hans Olav. Den unge stjerna går for tida på NISS (Nordisk institutt for scene og studio) i Oslo.

– Ja, eg studerer populærmusikk. Det er utruleg artig, men eg veit ikkje om eg kjem til å gå ferdig bachelorgraden min der. Det å verte kjent med nye folk med same interesser er viktigare for meg enn graden, fortel Hans Olav. Han fortel at bandmedlemma i Batteri har vorte spreidd, og bandet lagt på is ei stund.

– Vi har spelt inn nokre nye låtar, men venter med å gjere noko meir. Det er ekstra stas at vi alle kunne møtast og spele i lag i jula, seier Hans Olav.

Søskena Settem har sunge og spelt i lag lenge, både innanfor og utanfor heimen. Konserten i Øye kyrkje er på heimebane for søskena.

– Ja, vi har sunge mykje her i kyrkja, i mange forskjellige samanheng, fortel Hans Olav. Konserten er byrjinga på ein ny tradisjon, skal ein tru søskena.

– Ja, det hadde vore artig om det vart ein tradisjon. Eg burde kanskje lokka med kaffe og kaker, men det vert det nok ikkje servert. Eg håpar mange kjem på konserten lell, seier Hans Olav.

– Ja, dykk er hjarteleg velkomne, kviskrar Gunhild Marie.