Søndag
Søndag Skyet
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Klarvær
Klarvær
Flau vind
tp_leserinnlegg

Håp for dei minste små

"Kva om desse heimane, med to eller tre born, fekk ta imot eit einsleg flyktningebarn for å gi det omsorg, varme, ein god heim, skule og fritidsaktivitetar, og ikkje minst for å gi det eit trygt, meiningsfullt liv, gode verdiar, framtid og håp", skriv Einy Rendal Elgsæther i dette lesarinnlegget.

«Det de har gjort mot mine minste små...» Det er det vi skal dømmast etter til slutt, sa Jesus, det vi har gjort og det vi ikkje har gjort.

Dei små som sit i flyktningeleirar utan livshåp. Det er alvorleg. I ein situasjon som seriøse hjelpearbeidarar og reportarar kallar «helvete».

Det er i alle fall ikkje tilstandar vi ville by våre born og barneborn.

Politikarane seier; «Dei er ikkje reelle flyktningar. Dei er berre på flukt frå fattigdom, på jakt etter eit betre liv. Ofte med falske pass.»

Vi nordmenn er stolte av Fridtjof Nansens innsats for å berga hundretusener av menneske på flukt med å gi dei falske papir. Vi er stolte av Nansenpasset, eit livsviktig håp for desperate menneske.

Og kor mange er det ikkje i Norge som har tremenningar, ja, enda til søskenbarn i Amerika, etterkomarar av nordmenn som flykta frå fattigdom i Norge til eit betre liv i det rike Vesten, for å gi borna sine framtid og håp. Tenk om dei hadde stranda i trøysteslause flyktningeleirar på vegen.

Og tenk kor mange menneske som vart berga under krigen ved å få redning i Sverige, dessverre så var det alt for mange nordmenn som var med på å senda dei til andre leirar.

Til og med i år måtte ein familie med fleire born i Trøndelag røma til Sverige for ikkje å bli splitta av innvandrarmyndighetene som vil senda ut kone og mor som har vore i Norge i 20 år.

Det er flaut å vera norsk.

I dag lever alle born i Norge i velstand samanlikna med dei fattige i Asia og Afrika, og serleg samanlikna med born som er ramma av krig og konfliktar, og som er på flukt og i flyktningeleirar.

Våre born har alt dei treng av mat, klede, sportsutstyr, datautstyr, så mykje leiker at dei knapt kan koma fram på romet sitt.. Dei har alle slags fritidstilbod, får gå på skule og dra på opplevingsturar og til leikeland i feriane.

Overflod i eit luksussamfunn.

Kva om desse heimane, med to eller tre born, fekk ta imot eit einsleg flyktningebarn for å gi det omsorg, varme, ein god heim, skule og fritidsaktivitetar, og ikkje minst for å gi det eit trygt, meiningsfullt liv, gode verdiar, framtid og håp. Det ville også gi heimen verdiar ved at dei måtte tenkja ut over seg sjølv og sine behov.

Men politikarane våre set foten ned, og risikerer heller at desse hjelpelause borna bli tatt av terrororganisasjonar og opplært til terroristar.

Det er for seint for meg å gjera noko for desse borna, men fleire gonger har ein vore med på å berga menneske frå å bli sendt frå Norge til krigsmassakre og til fengsel, tortur og død ved å skjula dei i heimen og i kyrkja. Og ein har berga mange små foreldrelause born i India ved å gi dei ein plass i heimen i ein kritisk periode.

«Hjelp dei der dei er.» Eg veit også kva det krev, forutan fine talemåtar. Men når dei er i ein flyktningeleir, kva er framtida da for små born?

 

Einy Rendal Elgsæther