Tirsdag
Tirsdag Lette regnbyger
Lette regnbyger
Flau vind
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris

Rindal Heimbygdlag

Rindal heimbygdlag Logo.jpg

Føremålet med laget: 

§ 1. Rindal Heimbygdlag skal arbeida for å halda vedlike det verdfulle i bygdekulturen, auke kjennskapen til og vørdnaden for vår eigen kulturarv, så denne kan bli førd vidare inn i framtidssamfunnet. 

§ 2. Med tanke på dette vil Rindal Heimbygdlag derfor:
* driva studie- og opplysningsarbeid 
* samla verdfulle folkeminne og føra arbeidet med lokalhistoria vidare 
* ta vare på bygdemålet i ord og uttrykk gjennom innsamlingsarbeid og bruk 
* berga stadnamna frå å bli gløymde 
* samla folkemusikk og gjera den tilgjengeleg både lokalt og nasjonalt

§ 3. Laget skal vera tilslutta Noregs Mållag gjennom Nordmøre Mållag. 


Noko av det vi har drive med siste tida: Kulturvandring i Aune.Deltaking med stand på torgdagen i Kulturvøkku. Utgjeving av årsskrift, som er den viktigaste aktiviteten. Årsskriftet og boka Rindalshumor er å få kjøpt i butikkane i Rindal eller ved å kontakte styreleiar eller skrivar. Vi er 19 medlemmer i laget og ønskjer oss fleire.

Det er laga ei innhaldsliste, ordna etter emne, for årsskriftet 1984-2016. Denne blir oppdatert kvart år og kan skaffast ved å vende seg til leiar.

Rindal Heimbygdlag mottok Kuliprisen frå Nordmøre Historielag i 2005.
 

2019-02-28 22.17.50.jpg
Her er styret for 2019: Magnar Almberg, Gunnar Nergård Løseth, Edgar Landsem, Ragnhild Stavne Bolme og Ann Grimsmo (fremst).

Styret i år 2020:

Ann Grimsmo, leiar. Tlf. 99518144. E-post: ann-gri@frisurf.no

Ragnhild Stavne Bolme, skrivar. Tlf. 473 54915. E-post: ragnhildsbolme@gmail.com

Gunnar N. Løseth, kasserar. Tlf. 415 14 013.

Magnar Almberg, styremedlem. Tlf. 950 59 054.

Jon Solem, styremedlem. Tlf. 90051064.


Er du interessert i å vere med i laget, eller vite meir, ta kontakt med oss.

Utskrift av Årsmøteprotokollen 2020

Årsmelding for 2019

Utskrift av Årsmøteprotokollen 2019

Utskrift av Årsmøteprotokollen 2018

Årsmelding for 2017

Du finn nyheter frå Rindal Heimbygdlag ved å klikke her.