Søndag
Søndag Delvis skyet
Delvis skyet
Stille
Mandag
Mandag Kraftig sludd
Kraftig sludd
Laber bris
Mons Otnes, Marvin Haugen, John Ole Aspli_350x232

Tok årets første laks i Surna

Etter berre cirka 40 minutt av årets sesong i Surna vart den første laksen landa, da surnadalingen Marvin Haugen sikra seg fangsten på 7,8 kilo ved Kuøra, Krangnes. Ordførarane Mons Otnes (t.v.) frå Surnadal og John Ole Aspli frå Rindal var blant gratulantane.

Sjølv om han har fiska større laksar i Surna før, var Marvin Haugen svært fornøgd med fangsten natt til 1.juni.

- Eg har tidlegare fått tre laksar på mellom 9 og 10 kilo, men denne på 7,8 kilo er også svært fin. I fjor tok eg totalt fire laksar, men eg har aldri fått fangst første natta før, sa ein smilande Haugen etter å ha brukt rundt 25 minutt på å få surnalaksen på land.

Etter at årets laksesesong på tradisjonell måte vart markert med rakettoppskyting på Brekkøya Camping ved midnatt natt til i dag, tok det altså berre rundt 40 minutt før den første laksen var på land. Den aller første fangstmeldinga kom riktig nok frå Tellesbø berre eit kvarter over midnatt, men fiskaren valde å setje denne laksen på rundt seks kilo ut att i elva.

Elvaeigarlaget er optimistar med tanke på årets sesong. Det er observert ein god del laks i Surna, og det blir forventa fleire fangstar i løpet av i dag, onsdag.