Onsdag
Onsdag Regn
17°
Regn
Flau vind
Torsdag
Torsdag Regn
10°
Regn
Flau vind
Alexandr og trollheimssolistene

Pressemelding:

TrondheimSolistene feirar med Alexander Rybak

TrondheimSolistene vil for 14. gong halde sin nyttårskonsert i Surnadal kulturhus. Fredag 6. januar vil dei feire nyåret saman med elevar frå kulturskulen og Alexander Rybak. TrondheimSolistene er godt kjent for nordmøringane. Det er vel også Alexander Rybak, sjølv om kanskje ikkje alle veit kor allsidig denne kunstnaren er.

For Alexander Rybak er kanskje mest kjent som den, inntil da, mest suverene vinnaren av Melodi Grand Prix gjennom tidene da han vann med «Fairytale» i 2009. Men han er mykje meir enn det:

Alexander Rybak vart fødd inn i ein musikarfamilie i Kviterussland, med ei mor som spelar piano og far som er fiolinist. Familien flytta hit til landet da Alexander var fire år og han har spelt piano og fiolin i all si tid etter det. Det var nok fiolinen som vart hovudinstrument og Alexander Rybak har vore i lære hos mange og vunne attraktive stipend, som t.d. ved den prestisjetunge musikkskulen Meadowmount i New York – som berre deler ut tre slike stipend kvart år.

Han var på Meadowmount sommaren 2003, og kontrasten er stor til korleis han valte å feriere fem år seinare: Da reiste Alexander rundt som trubadur på kysten her i fylket og tilbaud seg å spele huskonsertar mot mat og overnatting. Og det var akkurat under denne øyhoppinga han skreiv «Fairytale».

Alexander Rybak har vunne fleire prisar for klassiske musikarar, «Spelemannsprisen» og også «Heddaprisen» som årets nykommar i norsk teater (for hovudrolle i «Spelemann på taket»). Han er også forfattar og kom i 2015 ut med barneboka «Trolle og den magiske fela».

Alexander Rybak er mykje sett på fjernsyn og berre i dei siste vekene har han vore med på hyllesta av Jahn Teigen (TV Norge) og sunge «White Christmas» saman med Angelina Jordan på «Lille Julaften» (TV 2).

Det er bokstaveleg talt ein musikar som spelar på fleire strengar som kjem til Surnadal kulturhus på fredag. Kombinert med alltid solide og kvikke trondheimsolistar og lokale innslag vil dette bli eit nyttårsfyrverkeri som lyser opp det som er av vintermørke.