Søndag
Søndag Delvis skyet
10°
Delvis skyet
Svak vind
Mandag
Mandag Skyet
15°
Skyet
Svak vind
Ingress Todalsfjordsak ps 2500

– Vi kan ikkje berre sitte her og halde kjeft om Todalsfjordprosjektet - vi må ha svar no

Tore og Kristina Svinvik har satsa tungt på Svinvik Gard, og restauranten er no fullbooka i to månader framover. Paret har store, offensive framtidsplaner for garden, men er redde det betyr kroken på døra for dei dersom Todalsfjordprosjektet vert realisert slik det no ligg føre.

Ingressfoto: Tore og Kristina Svinvik håpar på rask avklaring og flytting av vegtrasé for Todalsfjordprosjektet. Rett til venstre for Tore er neset der brua etter planen skal starte på surnadalssida.


– Vi er ikkje kjende for å vere dei som ropar høgast, men det er viktig for oss å seie at dette ikkje er greitt.

Det seier Tore Svinvik, fødd og oppvaksen på Svinvik Gard. Han og kona Kristina har satsa alt på å etablere ein gourmetrestaurant utanom det vanlege i fjøset på garden, og restauranten har på kort tid rukke å verte veldig populær.

Saka Tore viser til, er Todalsfjordprosjektet, med mellom anna bru frå Rakaneset til Svinvika, rett gjennom Svinvik Gard.

Tore og Kristina Svinvik er klare på at dei i utgangspunktet ikkje ønskjer å vere dei som sett stopparar for prosjektet, og at dei forstår at nokon må ofre noko når slike store prosjekt skal realiserast.

Dei håpar likevel at Todalsfjordprosjektet, som har generalforsamling med påfølgjande strategiarbeid i Kristiansund måndag (ekstern lenke til Tidens Krav), i det minste vil revurdere kvar vegen vert lagt - og på den måten ta omsyn til dei som vert råka.

– Planane dei har vist oss er, for å seie det rett ut, jævlig øydeleggande for oss, seier Kristina, medan Tore legg til:

– Kvar einaste valkamp har det vore fleire politiske parti på befaring her, og alle har dei sagt at «Svinvika skal bevarast». Det er for så vidt greitt at mange kjem og seier dei er samde med oss, men dette er eit ømt tema, og det er ingen som vil stikke seg fram og tale imot prosjektet.

Tore held fram:

– Vi får heile tida høyre at det vil vere snakk om eit «skånsomt inngrep», men blir prosjektet gjennomført slik det no er planlagt, er det etter vår meining ei rasering av Svinvika.

Ekteparet fortel at dei opplever at det er stor kontrast mellom det som tidlegare har vorte sagt, og planane som er lagt fram.

– Dette er langt frå noko skånsomt inngrep. Eg håpar dei forstår at dei må ta omsyn til oss når dei no skal jobbe vidare med strategien sin, seier Tore.
 

Meiner det finst meir skånsomme løysingar

Tore og Kristina meiner at det finst meir skånsomme løysingar enn den som no ligg føre. Blir traseen som planlagt, vil den nye vegen gå midt over ekra til Svinvik-paret.

– Hadde dei vinkla vegen slik at den kom bak den naturlege høgda her, hadde det vore annleis. Vi hadde fått litt ekstra belastning og støy då og, men langt i frå i same grad, seier Tore, og fortsett:

– Med ei slik endring kunne ein snakka om at ein hadde lagt til rette for oss som bur og driv her. Vi ville måtte gjort om på ein del ting vi har planlagt då og – som til dømes konkrete planar om satsing på overnattingsplassar – men ei slik endring ville gjort det mykje lettare for oss.

Svinvik-paret kjøper ikkje det dei opplever som hovudargumentasjonen til vegvesenet.

– Det dei har sagt til oss er at dei må legge brua og vegen slik den no er planlagt, fordi doseringane gjer at dei ikkje klarar å få vegen bak den naturlege høgda her - slik vi håpar. Skulle dei endra traseen måtte dei legge brua annleis ute i fjorden, og det vil gjere prosjektet dyrare, seier Tore.

Han meiner det er feil prioritering.

– Om prosjektet blir 20 millionar dyrare har ingenting å seie i det lange løp. Då er det viktigare å gjere det på ein god måte, seier Tore.

Todalsfjordsak 2 Ekra.jpg
Dersom Todalsfjordprosjektet vert realisert slik det no ligg føre, kjem vegen til å gå over denne ekra i Svinvika.

Todalsfjordsak Tore viser hvor vegen skal gå.jpg
Tore Svinvik viser kvar vegen er tenkt i det noverande forslaget. Han og Kristina håpar at traseen vert flytta, slik at vegen vil gå bak heile den naturlege høgda, som ligg bak Tore på biletet.
 

Energitappande situasjon

Tore og Kristina håpar at partane kan sjå meir på ulike løysingar.

– Vi har hatt mykje god dialog med vegvesenet, men det verkar som om dei har låst seg på eitt bestemt alternativ for å spare pengar. Eg tykkjer dei kunne sett på dette ein gong til, for forslaget som ligg føre no er ikkje bra for Svinvika. Det øydelegg både plassen, for drifta vår og vidare planer, samt for matjorda for komande generasjonar, seier Tore.

Han fortel og om god dialog med Todalsfjordprosjektet og dagleg leiar Bergsvein Brøske.

– Vi har snakka mykje og godt med Bergsvein, og han forstår jo sjølvsagt og dette - at vi ikkje ønskjer denne trafikkåra framfor inngangsdøra vår. Det er ikkje for å få 1600 bilar i døgnet på tunet ein flyttar til Svinvika, altså, seier Tore, og legg til:

– Poenget vårt er at viss det er vi som må ofre oss, har vi eit sterkt ønskje om at det vert lagt til rette og teke omsyn. For oss handlar det om vidare satsing. Vi held på å få eit sterkt namn, og føler vi bidreg positivt i regionen.

Han får støtte av kona Kristina:

– Ja, dei må ta med i reknestykket at det er eit ungt par som satsar på næring her. Vi har store planar for framtida, men heile situasjonen tappar oss for energi. Det ligg og ulmar heile tida.
 

– Vanskeleg å fortsette satsinga

Tore og Kristina fortel at dei har full forståing for at dei må vere realistiske, slik ståa i Todalsfjordprosjektet no er.

– Dei har slått fast at det blir her viss det blir, og vi er få som blir berørt, men vi som blir det må kjempe. For det vi ser, er at viss dette blir realisert blir det vanskelig for oss å fortsette satsinga vår, seier Tore.

Satsinga på overnattingsplassar er allereie nemnd. Oppussing av hus er eit anna prosjekt Svinvik-paret har, som avheng av kva som skjer med Todalsfjordprosjektet.

– Blir det veg her renoverer vi ikkje huset, for då blir vi ikkje buande, seier Tore.

– Om Todalsfjordprosjektet høyrer vi stadig at «No blir det!» og «No skjer det!», men så går det nye år. Vi kan ikkje sitte og vente i fem år på å bestemme oss for om vi skal satse eller ikkje, endå ein gong. Det har vi ikkje tid til, seier Kristina.

Med «endå ein gong», viser ho til prosessen fram mot ombygginga av låven på garden, som no er restaurant.

Todalsfjordprosjektet og planane som allereie då låg føre, gjorde at Tore og Kristina var usikre på om det let seg gjere å satse på ein restaurant i Svinvika.

Til slutt kunne dei ikkje vente lenger på ei avklaring, fortel dei, og ekteparet bestemte seg for å ta sats.

Todalsfjordsak Tore ser over til Rakaneset.jpg
Tore ser over til Rakaneset, der brua etter planen skal starte.

Todalsfjordsak Rakaneset ps.jpg
Rakaneset.
 

Håpar på avklaring og flytta vegtrasé

No har dei fulle bestillingslister til langt ut i august.

 – Konseptet vårt fungerer. Det å ha ein slik restaurant i ein låve ute på landet, er så tullete at folk berre må komme hit og sjå kva vi held på med, seier dei, og legg til:

– Mange argumenterer med at auka trafikk vil føre til fleire gjestar, men tvert om: stillheita og naturen rundt er viktig for restauranten vår og konseptet vårt, og vi driv uansett ikkje med drop-in. Det hadde vore annleis om vi dreiv McDonalds.

Det at dei veit dei har fullt belegg i restauranten i to månader framover, gjer at Kristina og Tore i utgangspunktet er i ein posisjon der dei kan sjå framover og planlegge utviding.

Dei to håpar difor å nå gjennom med ønsket om å flytte vegtraseen, og ikkje minst at det snart blir ei endeleg avklaring.

– Vi forstår at vi ikkje har så mykje vi skulle sagt når vi sit her to-saman, men vi treng verkeleg å få svar no.

IMG_9198 690.jpg
Tore og Kristina Svinvik, med Rakaneset i bakgrunnen.