Søndag
Søndag Delvis skyet
10°
Delvis skyet
Svak vind
Mandag
Mandag Skyet
15°
Skyet
Svak vind
Todalsgutta_350x233[1]

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

Med Todalsgutta på dans i 1968

Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Her er Todalsgutta frå Todalen, som starta i 1968 etter at forløparen Jobus slutta. Frå venstre: Jan Ludvik Rendal (orgel, trekkspel), Jon Olav Ørsal (gitar), Terje Nordvik (gitar, orgel) og John Moe (trommer).

Todalsgutta spelte variert dansemusikk med mykje Sven Ingvars, som var populært den tida. Dei opptrådte mest på indre Nordmøre.

- Siste speleoppdrag var på nyttårsfest i Bondehuset i Stangvika 1.nyttårdagskveld
1971.
Så var det hærens grønne i Kløvkp på Maukstadmoen frå 3. junuar, fortel Jon Olav Ørsal.

Sjå fleire bilder av Todalsgutta på Plekterfesten.no. Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.