Koronapandemien sette stoppar for montering av millioninvestering:
– Alt gjekk etter planen fram til koronakrisa
På grunn av koronapandemien vart dei danske montørane av Trollheim sitt nye heilautomatiske kapp- og pakkeanlegg beordra til å returnere til heimlandet, før monteringa var ferdig. No veit ingen når dei kan komme tilbake for å fullføre jobben.
Ingressbilete: Dagleg leiar Lars Inge Kvande (t.v.) og arbeidsleiar ved kappavdelinga, Magnus Berg, skulle gjerne sett at det nye, heilautomatiske kapp- og pakkeanlegget var klart til bruk.
Fredag skulle vore Trollheim sin første produksjonsdag med flunkande nytt kapp- og pakkeanlegg.
– Slik vart det absolutt ikkje.
Det seier dagleg leiar Lars Inge Kvande, før han fortsett:
– Alt gjekk etter planen fram til koronakrisa. Det nye anlegget kom til oss måndag 9. mars, som avtala, og monteringa starta tvert.
Dermed vart det gamle anlegget, som hadde vore i bruk sidan midten av 1990-talet, solgt, og alt såg lyst ut med tanke på å starte ein effektivisert produksjon 3. april.
Både det gamle og nye anlegget er frå den danske leverandøren System TM, som og er ansvarlege for monteringa. Det nye anlegget, som Trollheimsporten først skreiv om i november i fjor, kostar vel 6,5 millionar kroner.
– Utviklinga utover den veka frå 9. mars er verdskjent, og i Noreg slo jo dei første restriksjonane inn 12. mars. I og med at landegrensene då var åpne, jobba montørane framleis. Laurdag 14. tok så dei danske myndigheitene grep om sine grenser, seier Kvande, og held fram:
– Då fekk montørane beskjed om å sleppe det dei hadde i hendene og ta første fly tilbake til Danmark.
Sjølve anlegget er så godt som ferdig sett opp, men etter at montørane hadde gjort sitt, skulle det komme eit nytt team, med ansvar for å plugge i- og koble alt det elektriske, samt gjere nødvendige testkøyringar.
– Det som står att er kanskje tre-fire dagar med montering og ei lita veke med elektrifisering og koblingar, seier Kvande, som forsikrar om at Trollheim er i tett dialog med leverandør System TM.
– Dei har signalisert at tvert grensene vert åpna og det blir muleg å komme hit, så kjem dei.
Han innrømmer at det skaper ein utfordrande situasjon for Trollheim, spesielt fordi det er usikkert når monteringa kan fullførast. Samtidig understrekar han at bedrifta skal klare å levere til kundane sine.
– Slik situasjonen er no veit vi ingenting om når monteringa blir fullført og anlegget klart til bruk. Vi må berre følgje med på kva norske og danske myndigheiter gjer framover, seier han.
Det nye kapp- og pakkeanlegget, Opti-Stack 3000, er så godt som ferdig sett opp, men det som skal pluggast inn og koblast til av elektrisk utstyr ligg framleis i kassar eller på pallar.
Klarar likevel å levere til kundane
I tillegg til at dei kjøper ein del norsk trelast, har Trollheim og leveransar frå Sverige. Dei rullar og går, som vanleg, fortel Kvande.
Det gjer at Trollheim ikkje har nokon problem med råvarestraumen.
– Vi kappa og opp ein del ekstra med det gamle anlegget vårt, slik at vi skulle ha ein buffer i overgangen til nytt anlegg. Så det er ikkje krise leveringsmessig, seier Kvande, og legg til:
– Så lenge Pipelife, som er hovudkunden vår, har normal produksjon, skal vi klare å levere til dei. Det blir naturleg nok litt meir armar og bein no som bortimot all kapping vert gjort manuelt, på kappsager vi har måtta finne fram igjen.
Den daglege leiaren rosar dei tilsette, og fortel at fleire tilsette frå andre avdelingar no trør til for å hjelpe til i kappavdelinga:
– Vi har flinke og fleksible medarbeidarar, som gjer sitt ytterste for å få til å levere det vi skal levere.
Kvande fortel at Trollheim og er i dialog med Talgø MøreTre.
– Det foreligg ikkje nokon formell avtale, men dei har eit kappanlegg som ikkje er i bruk heile tida. Vi har ein god dialog, der begge partar er innstilte på å finne ei løysing, dersom det blir behov for det. Det sett vi veldig stor pris på.
Sjølv om eksisterande kundar vil få varene sine, fører det at det nye kapp- og pakkeanlegget per dags dato står uferdig til at potensielle nye kundar må settast litt på vent, seier Kvande.
– Vi var i dialog med nokre mulege kundar, men får ikkje teke på oss meir slik situasjonen er no. Vi har likevel framleis jamnleg kontakt med dei, slik at vi tek opp att tråden så fort det nye anlegget er klart til bruk.
Produksjonsarbeidar Olav Magne Strand og dei andre tilsette ved kappavdelinga til Trollheim kappar no manuelt, ved hjelp av kappsager.
Prøvar å drive som normalt
Trollheim AS er ei samansett bedrift med mange ulike tilbod og avdelingar, og somme av desse merkar koronakrisa meir enn andre.
– Vi har stengt ned jobbfrukttilbodet på Sunndalsøra på grunn av smitterisiko, men vaskeriet der går sin gang. Det er kjempeviktig for å sikre reine arbeidsklede til både helsetunet på Sunndal og alle bedriftene som framleis er i sving, seier Kvande.
Han fortel vidare at oppfølging av jobbsøkarar no vert gjort telefonisk og elektronisk, og at det er gjort ei individuell vurdering av dei som har varig tilrettelagt arbeidsplass (VTA), med tanke på kven som er i risikogruppa for koronaviruset.
– Det gjer at ein del er på jobb, medan andre er heime. Vi har og ein del tilsette som har heimekontor, seier Kvande, og legg til:
– Våre tilsette har, akkurat som tilsette i alle andre bedrifter, eit ønske om å vere på arbeid. Vi håpar at situasjonen normaliserer seg så fort som muleg.
Trollheim-sjefen fortel at bedrifta, i tillegg til å følgje nasjonale retningslinjer, har innført ein del lokale smitteverntiltak.
Blant dei er å stenge ned kaffiautomatar og å redusere felles bruk av truckar, slik at det så langt det let seg gjere berre er ein person per avdeling som køyrer truck. Dei tilsette tek og med eigne drikkeflasker på jobb.
– Utover tiltaka våre for å hindre smitte, driv vi mest muleg som vanleg både i Surnadal og Sunndal: så lenge vi har gode og store kundar, som framleis er i verksemd, gjer vi alt vi kan for å levere.
For dei i Trollheim som driv med sertifisert opplæring, har det vore stilt etter at koronakrisa slo inn, fortel Kvande.
– Der har vi iverksatt- og skal iverksette permitteringar. Nokre er permitterte allereie, medan nokre blir det over påske. Vi håpar og trur at det ikkje er snakk om langvarige permitteringar, seier han, og legg til:
– Folk er restriktive når det gjeld å sende folk på kurs no, grunna smitterisiko, og det er og strenge restriksjonar på det å samle folk. Det gjer at det er vanskeleg å drive kursverksemd slik situasjonen er.
Trollheim vil difor etter kvart tilby fjernundervisning på teoridelen av den sertifiserte opplæringa. Tilbod og informasjon om dette vil truleg bli tilgjengeleg etter påske, ifølgje Kvande.
Anlegget kom til Trollheim 9. mars, men montørane fekk ordre om å reise heim til Danmark 14. mars, før monteringa var ferdig.
Det flunkande nye kapp- og pakkeanlegget til Trollheim er så stort at det ikkje let seg gjere å ta eit oversiktsbilete av heile, sjølv om fotografen klatra opp på ein materialstabel.
Dagleg leiar Lars Inge Kvande og arbeidsleiar ved kappavdelinga, Magnus Berg.
Slik ser skissa av Opti-Stack 3000 ut (Skisse: System TM).