
- Bli med på drama!
Kulturskolen på Indre Nordmøre sine dramaelevar i Surnadal er i gang med ny sesong. Men i Rindal er det framleis mange ledige plassar på dramagruppa, og lærar Gerd Ingrid Kvendset oppfordrar no alle interesserte i grunnskulealderen om å kontakt. - Elevane lærer mellom anna kommunikasjon og å bli trygg på seg sjølv gjennom å stå på scena. Målet er sjølvsagt også å ha ei oppsetjing, og der kan elevane sjølv vere med og bestemme kva dei vil framføre, fortel Kvendset.

Det har foreløpig vore lite søknad til Kulturskulen på Indre Nordmøre si dramagruppe for dei yngste i Rindal dette skuleåret.
- Foreløpig har vi ikkje nok elevar til å å starte gruppe i Rindal, og det er første gong på elleve vi år vi opplever ein slik situasjon. Vi har produsert mange oppsetjingar der før, og håpar no at interesserte tek kontakt og melder seg på, slik at vi kan fortsetje undervisninga i Rindal, seier Gerd Ingrid Kvendset.
I dramaundervisninga får elevane lære seg ulike grunnteknikkar, i tillegg til at det altså skal setjast opp eit stykke i løpet av skuleåret.
Interesserte kan melde seg på via Kulturskolen på Indre Nordmøre si heimeside.
På bildet ser vi Gerd Ingrid Kvendset saman med nokre av dramaelevane frå Surnadal som prøver seg fram i kostymelageret.

.png)

