surnadal ungdomsråd

– Bra at ungdommen blir høyrt

Under kommunestyremøtet i Surnadal torsdag heldt medlemmar frå Surnadal ungdomsråd presentasjon, der dei fortalte om aktivitetar og planer. Samtidig retta dei ei takk til Surnadal kommune for godt samarbeid.

Surnadal ungdomsråd fortalte i presentasjonen sin torsdag at dei i stor grad har vorte involvert og høyrt i Surnadal kommune sitt arbeid med planverk.

– Det er godt at vi har vorte høyrt, ettersom det er vi ungdommane som veit aller best korleis ungdommane har vi. Så vi set pris på at vi har fått komme med innspel undervegs i planarbeidet, seier Una Langeland Gravvold frå ungdomsrådet.

Blant rådet sine aktivitetar er og ansvaret for å arrangere UKM, som i år gjekk av stabelen 16. februar, samt å bere flagg under folketoget 17. mai. Det kjem dei i år til å gjere for tredje året på rad.

– Vi er og med og organiserer Dig-in, som er eit arrangement om matlaging og økonomi for folk som enten bur- eller har tenkt å bu på hybel, seier Eivind Bolme.

Han fortel og om ungdomsrådet sitt samarbeid med MOT.

– MOT tok kontakt med oss og ville samarbeide, og i fjor vedtok vi at leiaren i ungdomsrådet skal sitte i styret i MOT. Det har fungert veldig bra, seier Bolme.

 

Ungdomsrådet har vore tungt inne i prosessen for å få til ny fritidsklubb.

– Vi har hatt ei sterk stemme i saka for å få til ungdomsklubb, og vore med på omvisning i fleire lokaler. No er det landa på lokaler vi er veldig fornøgde med, og vi har mange idear om korleis vi kan bidra, seier Vilde Dønheim Berle, og legg til:

– Vi ungdommar kjempar for det vi har bestemt oss for å kjempe for, og har sterke meiningar.

Ho trakk med glimt i auget fram lite samarbeidsvillige politikarar som ei potensiell utfordring for ungdomsrådet, men var rask til å legge til at dette heldigvis ikkje var noko ungdomsrådet i Surnadal har støtt på så langt.

 – Tvert imot gjorde vedtaket til kommunestyret i desember, der dei sette av pengar til fritidsklubb, at vi vart veldig motiverte til å stå på og jobbe for at dette skulle bli ein realitet.

 

Hedda Krangnes Edvardsen fortalte at ungdomsrådet jobbar for å gjere stemma til ungdom i kommunen høyrt, og at dei vil vere med på å utvikle Surnadal til ein attraktiv plass å bu og opphalde seg i. Ho understreka og viktigheita av at ein klarar å halde fritidsklubben gåande i åra framover.

 

Leiar i ungdomsrådet, Elise Stensønes, takka kommunen for godt samarbeid.

– Vi vil ha eit godt samarbeid med kommunen og i åra framover, slik at Surnadal held fram med å utvikle seg i positiv retning, sett frå ungdommane sin ståstad.

Ordførar Lilly Gunn Nyheim (Ap) takka ungdomsrådet for presentasjonen, og ba ungdommane om innspel om parkeringssituasjonen på skuleområdet på Øye.

Margrethe Svinvik (Sp) spurte om kva forventningar ungdomsrådet har til den kommande fritidsklubben.

– Vi har ganske mange idear når det gjeld ungdomsklubben. Det skal vere eit samarbeid med frivilligsentralen, og vi har mellom anna klare tankar om korleis det skal innreiast slik at det både kan ha eit ungdommeleg preg og fungere godt som frivilligsentral. Vi ser og for oss at asfaltplassen utanfor kan brukast aktivt av dei som er på klubben, seier Stensønes.

Ragnar Halle (Sp) let seg begeistre av presentasjonen til Surnadal ungdomsråd, som i tillegg til dei oppmøtte og består av Guro Moen og Lars Kvande, samt politikarane Sondre Ormset (Sp) og Oddny Hoem (Ap). 

– Eg er imponert av ungdommen, og kunne tenkt meg å oppmode ungdomsrådet til å involvere seg endå meir, med spørsmål til kommunestyret - til dømes gjennom spørjekvarteret.

Også Marit Granhus Langli (H) utfordra ungdommane til å bidra til auka engasjement.

– I år er det valår, og ved alle val ser vi at valdeltakinga blant ungdom er låg. Vi kunne difor ønske oss innspel om kva saker ungdommen vil ha opp i valkamp, kva er viktig for dykk? Kva saker vil få ungdommar til å stemme i lokalvalet i haust? Å sjå nærare på kva ein kan gjere for å auke valdeltakinga blant ungdom kunne vore eit fint prosjekt for ungdomsrådet.