– Dersom nokon einingar brukar for mykje, må andre bidra
Kommunestyret i Surnadal følgde torsdag formannskapet si tilråding om å regulere budsjettet ved å justere rammene til einingane, i staden for å ta pengar frå disposisjonsfondet.
Ingressbilete: Varaordførar Hugo Pedersen og ordførar Margrethe Svinvik (begge Sp), saman med Eli Vullum Kvande (MdG), Lars Inge Kvande (Sp), Annett Ranes (Ap), Ole Stensby (SV) og Ole Joar Bruset (H).
I tilrådinga frå formannskapet var det foreslått å nedjustere dei økonomiske rammene til Surnadal Ungdomsskule, Øye skule, Helse og familie og Vaksenopplæring og integrering. Tilsvarande totalbeløp vart justert opp i rammene til sentraladministrasjonen, kultur, sjukeheimen, Øye og Skei barnehage og Todalen og Stangvik oppvekstsenter.
Ordførar Margrethe Svinvik tok ordet først i saka, og informerte om formannskapet si behandling av saka.
– Formannskapet ønska å sjå på ei løysing der vi justerte rammene for einingane, i staden for å ta av disposisjonsfondet vårt. På denne måten kunne vi framleis komme ut i null, sa Svinvik, og fortsette:
– Med bakgrunn i andre tertialrapport, rekneskapstala per 31. august, har vi foreslått reduksjon i rammene på ein del einingar og auka på ein del andre. Dersom nokon brukar for mykje, må andre bidra.
Svinvik fortalte at eit samla formannskap meiner at prinsippet framover må vere at det viktigaste framover må vere å få drifta til å gå i null, og ho ba difor kommunestyret om å tenkje prinsipp i staden for detaljbeløp i den påfølgjande diskusjonen.
Bergsvein Brøske (Sp) gav formannskapet ros for at dei ikkje foreslå å ta frå kommunen sitt disposisjonsfond.
– Eg vil gje stor ros til formannskapet, som samrøystes har valt å starte på det økonomisjefen har fortalt oss – at vi må jobbe på brei basis for å korrigere kursen, sa Brøske, og la til:
– Når det gjeld sjølve detaljane i justeringa er det alltid ei mulegheit for at formannskapet har vurdert feil, men denne måten deira å tenke på – å fokusere på den totale summen av disponible midlar – er heilt rett. Eg er glad for at formannskapet har starta på denne reisa, saman med administrasjonen.
Ola Magne Nordvik (H), som og er nyvalt leiar av kontrollkomiteen i kommunen, støtta Svinvik og Brøske sine innlegg og formannskapet sitt ønske om ein ny modell for budsjettreguleringa. Han var samtidig klar på at ein må prøve å ta grep tidlegare.
– Tertialrapporten vi regulerer på bakgrunn av, viser rekneskapen per 31. august. No er vi i november. Skulane rammejusteringane vedrører hadde akkurat starta skuleåret då rekneskapen vi har som grunnlag for regulering vart laga, så handlingsrommet blir altfor lite når vi er komne så langt som vi er no før vi gjer justeringar.
– Her må vi finne ein betre flyt, og formannskapet må ta med seg det at dei må jobbe meir fortløpande, saman med administrasjonen, for å kunne gjere tiltaka tidlegare, sa Nordvik.
Kommunedirektør Knut Haugen tok replikk, og fortalte kommunestyret at kommunen skal over frå tertialrapportar til kvartalsrapportar, kanskje allereie frå våren 2020.
Helge Røv (Ap), som og sit i formannskapet, fortalte at både administrasjonen og formannskapet ser det som muleg å finne ei betre løysing, som Ola Magne Nordvik spurte etter, til seinare justeringar.
Gruppeleiarane samla seg til diskusjon for å bli samde om eit revidert forslag, basert på formannskapet si tilråding. Det nye forslaget, som vart samrøystes vedteke, førte til at Øye skule fekk nedjustert ramma si med 125 000 kroner til, Helse og familie med 100 000 kroner til og Vaksenopplæring og integrering med 25 000 kroner til. Sjukeheimen si ramme, som formannskapet foreslo å auke med 400 000, vart i kommunestyret vedtak auka med 50 000 mindre.
Dermed var det Helse og familie (800 000), Surnadal ungdomsskule (500 000) og Øye skule (325 000) sine rammer som vart nedjustert mest, medan dei største oppjusteringane var Todalen og Stangvik oppvekstsenter (400 000), sentraladministrasjonen (375 000) og Sjukeheimen (350 000)
Kommunedirektør Knut Haugen (t.v.), økonomisjef Trond Håskjold og kommunestyrerepresentantane Ola Magne Nordvik (H) og Ole Joar Bruset (H)