sigrid vetleseter bøe

– Det er nok det største eg har vore med på

Tysdag var det offentleggjort at Sigrid Vetleseter Bøe er blant dei uttekne til Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. – Eg er både veldig glad og litt nervøs, seier sopranen frå Bøfjorden.

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse er kjend som ein av verdas leiande songkonkurransar, og vert arrangert annakvart år i Oslo.

Ifølgje konkurransen sine heimesider, har den som mål å hjelpe unge talent til ein framtidig karriere, i tillegg til å vere ein brubyggjar mellom norsk og internasjonalt musikkliv. Øvre aldersgrense i konkurransen er 32 år.

I 2019-versjonen av konkurransen vart det sett ny søknadsrekord, med 304 søknadar frå songarar frå 50 land. Av desse er dei 40 beste, frå til saman 21 nasjonar, no plukka ut.

Frå 13.-23. august vert det arrangert innleiiande rundar, semifinale og finale i Oslo.
 

Glad og nervøs

I statuttane ligg det ei grense som sikrar at det ikkje skal vere for mange songarar frå kvart land, og i år er tre norske songarar er plukka ut til å delta, og blant dei er Sigrid Vetleseter Bøe.

Sopranen frå Bøfjorden skal forsvare Noreg si ære saman med sopran Beate Mordal og mezzosopran Astrid Nordstad.

Som dei andre søkarane, sendte Sigrid inn ei innspeling av at ho song til konkurransen. For om lag tre veker sidan fekk ho beskjeden om at ho var blant dei utvalte.

– Eg vart naturlegvis kjempeglad, og så tok det ikkje lang tid før eg tok til å bli nervøs. Det blir veldig artig, både med tanke på konkurransen i seg sjølv og fordi eg ikkje har gjort noko særleg i Oslo tidlegare. Så dette vert ein fin sjanse for meg å vise kva eg er god for der, seier 29-åringen.

Ho fortel at ho like etter at ho fekk beskjeden fann ut at konkurransen kræsjar med bryllupet til ei god venninne, som ho no går glipp av.

– Heldigvis har eg mange gode venner, som forstår at privatlivet av og til nødvendigvis må vike for ting som dette, seier Bøe.

Sigrid tykkjer det er ekstra artig å skulle delta saman med Beate Mordal, som ho kjenner godt.

– Det er litt godt gjort, i grunn, for ho kjem faktisk på besøk til meg no i helga, seier sopranen med base i Berlin.
 

Ein av tre frå Noreg

Bøe fortel at ho ikkje hadde venta å verte plukka ut til Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse.

– Eg vart skikkeleg sjokkert, sidan eg visste at det er ei grense for kor mange frå kvart land som får delta. Når det då ikkje var fleire enn tre frå Noreg, vart eg overraska over at eg var blant dei, seier Bøe, som er full av lovord om dei to andre norske deltakarane.

Ho legg til:

– Eg veit og av mange andre som søkte, og som held kjempehøgt nivå, men som ikkje kom med. Det er rart å tenkje på at eg er med og ikkje dei.

– Samtidig kan ein ikkje gå til ein slik konkurranse og ikkje tykkje at ein har noko der å gjere, og dei som stod for utveljinga tykte tydelegvis det eg sendte inn var såpass interessant at dei ville sjå meg live, seier ho.
 

Syng Verdi og Grieg

Sjølv om Sigrid Vetleseter Bøe no er klar for innleiiande rundar i Oslo, tek ho ikkje av på nokon måte.

– Ein kan feire litt, men så må ein legge seg i hardtrening.

I dei innleiiande rundane vel kvart jurymedlem ut 12 deltakarar dei meiner skal gå vidare til semifinalen. Det skjer ved at kvart jurymedlem veljer ut fire kandidatar som får tre poeng kvar, fire som får to poeng kvar og fire som får eitt poeng.

Dei 12 kandidatane, av 40, som får høgast poengsum, går vidare til semifinalen. Er det uavgjort om 12. plassen er det juryleiar Birgitta Svendén frå Sverige som bestemmer kva for ein kandidat som skal få den siste semifinaleplassen.

Det er allerede bestemt kva dei ulike kandidatane skal synge i dei innleiiande rundane.

– Eg skal synge arien «Mercè dilette amiche» frå «I vespri siciliani» av Verdi, og «Blåbær-li» frå «Haugtussa» av Grieg, seier Bøe, som og har sendt inn kva ho eventuelt skal synge dersom ho går til semifinalen.

I semifinalen skal jurymedlemmane stemme fram fem eller seks deltakarar som går til finalen, som den sør-koreanske tenoren Seungju Bahg vann sist konkurransen vart arrangert, i 2017.

I finalen, som vert sendt direkte på NRK, er det juryen som bestemmer kva deltakarane skal synge.
 

– Handlar om å gjere sitt beste

– Det er i grunn heilt ulogisk å konkurrere i kunst, for det vil alltid vere ulike meiningar. Men det er slik dette livet er, med audutionar der du av og til får oppdraga, andre gonger ikkje, seier Bøe.

Ho fortel at ho vil vere fornøgd så lenge ho gjer sitt beste.

– Ein har alltid eit mål om å komme så langt ein kan, men det er frykteleg mange gode som er med. Eg veit eg ikkje rår over kven som går vidare og ikkje, så for meg handlar det om at eg skal gjere det beste eg kan. Klarar eg det vil eg vere fornøgd.

Bøe ser på Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse som det største ho har vore med på så langt i karrieren.

– Ja, det er nok det. Oppslutninga om denne konkurransen er om lag den same som då eg var med på Wilhelm Stenhammar International Music Competition i Sverige i fjor. Likevel kjennest dette meir eksklusivt, når vi berre er tre frå Noreg som har vorte plukka ut.