ingress1

- Det klødde i fingrane

Det blir romjulskonsert i Øye kyrkje.
- Det klødde i fingrane etter ei ny romjulskonsert att. Etter eit par års pause tek vi opp att tradisjonen vi hadde med konsert i Øye kyrkje i romjula, seier Hans Olav Settem.
 

Han har med seg ein fin gjeng, for det meste unge surnadalingar på juleferie, når han inviterer til Romjulskonsert i Øye kyrkje fredag 29. desember kl. 19.00.

Det vil bli mykje kreativ utfoldelse, fortel han, men også gamle, kjente folketonar.
- Eg trur alt blir på norsk, seier han.

Han røper også at det vil bli urframføring av sjølvskrive julerelatert stoff frå Hans Olav Settem og Torstein Snekkvik.

Settem kallar seg kapellmester under denne konserten, ein fin tittel han ikkje har prøvd før.

Deltakarar er
Hans Olav Settem, sang, gitar
Torstein Snekvik, sang, gitar
Stein Boge, trompet, gitar
Brage Einum, tangentar – også kirkeorgel
Sondre Skogseth, bass
Oddbjørn Sponås, slagverk
Toril Moe, sang
Marit Othelie Thorvik, sang  
Gunhild Marie Täringskog, sang.

Bildet over: Gunhild Marie (Settem) Täringskog og Hans Olav Settem.

Billettsalg ved inngangen:
Inngang, vaksne 150 kr og barn 50 kr.