elise ingress

Elise Stensønes (19) jobba 10 veker i Namibia og Zimbabwe:

– Eg har frykteleg mange draumar, men det må no vere lov?

Etter ti fantastiske veker i Namibia og Zimbabwe, feirar Elise Stensønes no jul heime i Surnadal. Den reiseglade 19-åringen fortel om ein strålande Afrika-tur, og om neste mål: Australia.

– Dersom nokon går og tenkjer på om dei skal reise på ein slik tur, har eg berre eitt råd: gjer det! Det er ingenting å tenke på, eg anbefalar det - veldig.

Det seier Elise Stensønes, som 23. september pakka kofferten og reiste til Namibia.

Gjennom organisasjonen GoXplore, som har program for frivillig arbeid over heile verda, valte Elise seg ut Wildlife Rescue Center i Namibia og Medical & Lions i Zimbabwe. Det førte til 10 veker med opplevingar ho aldri kjem til å gløyme.

– Eg visste at eg ville jobbe med dyr og menneske, og eg er glad for at eg fekk mulegheiten til å prøve begge deler, i to ulike program i to forskjellige land.

Elise valte å reise ut i den store verda heilt åleine.

 – Det var akkurat det eg ville - å reise heilt åleine, utan at eg kjende nokon av dei andre frivillige frå før. Eg har alltid hatt lyst til å reise på ein slik tur, og har vore fast bestemt på at eg ville gjere det sjølv, seier Stenønes, og legg til:

– Då vert ein og tvunge til å snakke engelsk heile tida, og til å bli kjent med nye folk.

elise stensønes 1.JPG
 

Overgjekk alle forventningar

Etter rundt 40 timar reising og fire flyturar, kom Elise fram til Namibia 24. september i år. Der budde ho på garden Na'ankusê og jobba som frivillig i programmet Wildlife Rescue Center i seks veker.

Opphaldet overgjekk alle Elise sine forventningar.

– Eg hadde i grunn ikkje så høge forventningar før eg for, rett og slett fordi det var så vanskeleg å vite kva ein skulle forestille seg, kva ein gjekk til. Uansett viste det seg å verte langt, langt betre enn alle forhåpningane mine, seier ho, og smiler:

– Turen var rett og slett ei utruleg god oppleving, eg vert nesten mållaus når eg fortel om den.

Na'ankusê Wildlife Rescue Center ligg rundt fire mil frå Windhoek, hovudstaden i Namibia, og der budde Elise tett på blant anna bavianar, sjimpansar, påfuglar, vortesvin, surikatar og dyr i mungofamilien.

Målet til Wildlife Rescue Center-prosjektet er å beskytte og bevare naturen og dyrelivet, og intensjonen er at garden og det 3200 hektar store naturreservatet det er ein del av, skal vere ein trygg stad for foredrelause og skadde dyr, som treng hjelp, pleie og rehabilitering.

– Vi tok imot dyr som ikkje kan vere ute i det fri, og målet er at dei skadde dyra, som til dømes er redda frå krypskyttarar, vert rehabilitert slik at dei kan settast fri igjen. Det er det dessverre ikkje alle dyra som vert i stand til, så difor er det viktig at vi gjer det vi kan for at dei skal få eit fint liv, seier ho.

Medan Elise var i Namibia vart dyra sine levevilkår gjort endå meir utfordrande av at landet opplevde si verste tørke på 100 år.


Stortrivdest i Namibia

Dagane ved Na'ankusê starta med frokost frå klokka 7, og klokka 8 var det morgonmøte, der alle dei 65-70 frivillige, frå land rundt om i heile verda, fekk vite kva dei skulle jobbe med.

– Vi var inndelte i grupper, der kvar gruppe hadde ansvar for ulike aktivitetar kvar dag - gjerne ein før- og ein etter lunsj.

På laurdagane var det lagt opp til aktivitetar, som koreografi og dans, og på søndagane hadde dei frivillige fri til å gjere det dei ville, fortel Elise.

Ho trekkjer fram bavianturar som døme på ein slik aktivitet.

– Vi gjekk mange turar med bavianane, som stort sett budde på eit stort, inngjerda område. Stort sett gjekk vi i ein halvtimes tid, før vi satt to timar i det fri medan bavianane leika i trea og liknande. Baby-bavianane ville helst kose i staden for å leike, smiler Elise.

– Med både bavianane og dei andre dyra handla det om å akvitisere dei, slik at dei opplevde variasjon og trivsel i kvardagen. Vi prøvde rett og slett å gjere livet deira best muleg, ved at vi blant anna rydda og ommøblerte i bura deira, vaska vekk avføring og lagde nye leikar til dei.

Elise fortel at det ikkje var vanleg at dyra stakk av.

– Nei, dei visste at dei fekk mat hos oss, så dei ville alltid vere med tilbake, seier ho.

Arbeidsdagane handla mykje om stell, og dei frivillige hadde og ansvaret for både å førebu maten til dyra, og å mate dei.

– Det var ikkje veldig koseleg å kutte opp kjøtt til løvene, men ein må jo, slik er naturen, seier Elise.

Ho fortel at dei frivillige, i tillegg til løvene, jobba med blant anna leopardar, gepardar og hestar, og at ho tykte det var stor stas å få sjå så mange ville dyr.

– Ja, blant anna hadde vi giraffar rundt oss, og sjølv om det var litt skummelt med ville hyener, var det og mest av alt kult.

I løpet av opphaldet var Elise med på ein researchtur, der dei budde i ørkenen i ei veke.

– Det var ei artig oppleving det og, men eg sakna dyra på garden veldig den veka eg var på tur.

Dyrebesøk vart det og på researchturen, men då av det litt mindre hyggelege slaget.

– I løpet av den veka hadde vi to slangar innom huset vårt. Først ein slangebaby, som vi ikkje fann ut at var giftig før etter at den for. Så kom det inn ein kobra, som er dødeleg. Den fann vi plutseleg ikkje att, så vi satsar på at den for ut og langt vekk.

Elise fortel at opphaldet i Namibia verkeleg åpna auga hennar.

– Ja, ein får sjå ei litt anna side av verda og samfunnet enn ein er vant med heimanfrå. Eg er veldig takknemleg for å ha opplevd det, og det gjer nok at eg set meir pris på ein del ting - som berre det å få dusje når ein vil. Det er ikkje sjølvsagt for alle.

Den siste veka ho var i Namibia jobba Elise på Na'ankusê sin eigen skule, «Clever Cubs School», for lokale ungar.

liggende1.jpg
Foto: Privat.
 

Jobba tett på mødre og barn i Zimbabwe

Etter dei seks vekene i Namibia, venta fire veker med frivillig arbeid for programmet «Medical & Lions» i Zimbabwe.

Elise budde på garden Antilope Park, med dyr som sebra, gnu, løve, elefant og apekatt tett på.

I vekedagane køyrte ho ein halvtimes tid inn til byen Gweru, der ho frå 9-16 jobba på Mkoba – ein polyklinikk for menneske.

 – Det var ein ganske gammal klinikk, med slitne lokaler og maling som flassa av. Den var for alle aldrar, og folk vart blant anna testa for HIV og tuberkolose. Til saman var det vel 6 000-7 000 som var registrerte med HIV der.

Elise jobba mykje med mødre som kom inn på kontrollar etter fødsel. Der tok ho blodtrykk og puls, og vegde folk.

– Eg følgde opp både vaksne og ungar, og sidan eg var den einaste kvite på mi gruppe, var ein del tydeleg fascinerte av det. Dei fleste tykte det var stor stas, og ville ta bilete av meg og babyen sin, seier ho, og legg til:

– Så var det nokre to-tre-åringar som hylgrein og tykte eg var kjempeskummel.

liggende 2 namibia.jpg
Elise Stensønes (t.h.) og nokre av sjukepleiarane utanfor polyklinikken. ​Foto: Privat


Fekk vere med på fødsel

Då Elise først kom til klinikken, meldte ho seg frivillig til å ta ei vakt på det som heitte «Dressing room».

– Eg trudde det var eit slags skifterom, men det viste seg å vere eit sårskifterom. Den første pasienten var tre år, og hadde falt i aske. Den vesle jenta var dekt av eit tre dagar gammalt brannsår, og bandasjen hadde stivna i såret frå dagen før. Det var litt av ein start, men eg måtte jo berre hoppe i det.

Heime i Surnadal jobbar Elise på sjukeheimen, og er difor vant med sår og liknande.

– Dette var likevel noko heilt nytt. Eg trudde ikkje eg skulle reagere slik, men eg vart så svimmel at eg berre måtte sette meg ned. Det tykte sjukepleiarane var kjempeartig. Eg trur det gjorde ekstra inntrykk på meg at jenta var så ung.

Ein slik start kunne fått nokon og ein kvar til å velje vekk sårskifterommet ved seinare vaktval. Men det var ikkje aktuelt for Elise.

– Dei gongane eg fekk velje kor eg ville vere, valte eg meg ofte dit. For sjølv om det var tøft, var det veldig lærerikt, seier ho, og fortel om ein gong ho plastra saman ein mann som hadde vorte steina.

– Akkurat det var heilt grusomt, men stort sett fekk eg jo jobbe med babyar, og eg trivdest utruleg godt, seier ho, og fortsett:

– Det var så mykje koseleg å vere med på, og siste natta eg var på jobb der, fekk eg og gleda av å vere med på ein fødsel. Det var ei kjempefin oppleving, og då eg overleverte ungen til mora rann gledestårene.

Nettopp det å få vere med på ein fødsel har lenge vore drømmen til Elise.

– Eg kjenner på det at det hadde vore veldig fint å verte jordmor, så det spørs om det ikkje blir jordmorutdanning seinare i livet, seier ho.

Mot slutten av opphaldet i Zimbabwe var det klart for ein tredagarstur til Victoria Falls, verdas største fossefall.

Turen tok åtte timar, i minibuss utan setebelte, og med ville dyr på- og rett ved vegen.

– Når ein først er der, må ein ta dei mulegheitene ein får, og vi var veldig heldige med turen vår til Victoria Falls.

I løpet av turen fekk Elise med seg både cruise der dei såg flodhestar og elefantar, måltid med krokodillekjøtt og bongo-tromme-leksjonar.

– Og så hoppa eg og ei venninne 70 meter i fritt fall, fastspente med selar, litt som når ein hoppar i strikk. Eg trudde alt vart drege ut av meg, og det kjentes ut som om sjela mi stod att der vi hoppa frå. Det var fantastisk artig, ler Elise, som og køyrte over til Zambia-sida av Victoria Falls, for å kunne bade der.

liggende3 victoria falls.jpg
Elise ved Victoria Falls (Foto: Privat)
 

– Planlegg i god tid

19 år gamle Elise fortel at ho planla turen og kva program ho ville jobbe ved i over eit år før avreise. Og nettopp god og tidleg nok planlegging er hennar beste råd til andre reiselystne ungdommar.

– Ein må ta seg god tid til planlegge, for både nødvendig vaksinering og det å skaffe visum kan ta lang tid. Eg var fire-fem gongar til Sunndal for å ta vaksinar, og etter jul skal eg tilbake for å gjere ferdig enkelte av dosene, seier ho, og legg til:

– Sjølv om det å planlegge eit heilt år før avreise kan høyrest lenge ut, kom datoen sjukt fort likevel.

Elise legg til at ho er veldig godt fornøgd med oppfølginga ho har fått frå GoXplore.

Det er kanskje ikkje lenge sidan Elise kom heim til Noreg og Surnadal, men ho er likevel godt i gang med planlegginga av neste tur.

– Eg er veldig glad i å reise, og hadde lyst til å vere vekk lenger, men samtidig hadde eg lyst til å feire jul heime. No jobbar eg mot neste mål, som er Australia, seier ho, og fortsett:

– Det er eit naturleg neste mål no som eg har vore i Afrika. Eg har kjempelyst til å reise på backpacking på eiga hand. Berre ta pakke sekken og reise.

Elise smiler igjen.

– Eg trivst kjempegodt med å jobbe på sjukeheimen, men eg har lyst til å få til ein tur til før eg skal studere. Det er viktig for meg å oppleve draumane mine før eg startar studiane.

Ho er og fast bestemt på å ta ein eventuell studiepraksis i utlandet.

– Det skal eg, heilt klart, men eg har og lyst til å oppleve ting sjølv, utan at nokon bestemmer programmet mitt.

Og den store, store draumen? Det er å jobbe med ville dyr, eller som sjukepleiar i krisesituasjonar i utlandet.

– Hadde eg fått tilbod om jobb ved Na'ankusê hadde eg sagt ja til det. Eg trivdest veldig godt i Zimbabwe og, altså, men det å jobbe med ville dyr er draumen, seier Elise, og ler:

–  Eg har frykteleg mange draumar, men det må no vere lov? Noreg er kjempefint det og, men eg trivst så utruleg godt med å reise.

liggende5 frivillige.jpg
Foto: Privat

liggende4 skole naankuse.jpg
Foto: Privat.

elise stensønes 2.JPG
Elise feirar jul heime i Surnadal, medan ho planlegg neste tur, som skal gå til Australia.
 

Her er fleire av Elise Stensønes sine eigne bilete frå dei 10 vekene i Namibia og Zimbabwe:

FB2412A1-FDCB-4A07-A2DD-7BD126E625EA
IMG_0721_Facetune_05-11-2019-12-45-14
IMG_8532
IMG_8619
5F70933B-DC17-4F8C-8429-6C5DEEB8CCB6
8A2C1D2A-90A1-474F-AF7D-087F56F931BD
3920C437-3D30-4C66-B73D-7794E464B265
7289529D-1A51-42DF-A4B2-3F55B442842F
A6C8600B-F5F2-48EB-BB64-C9F052D9B5A0
ABD05798-6201-4565-B647-CE43B9A116A4
C4E2E886-E530-48B5-967D-8A45DC2EA520
C691AB09-0458-417D-84F9-7EAF3E2213D7
E3878057-3E35-4CC5-BEE7-DDFB694CE844
EA6A09A2-C3D6-4CD6-9D39-52DAE6A724AF
EE26479C-0F38-4A89-B75B-983194DEB9B0