God kvalitet på drikkevatnet i Surnadal:
– Eg har stor sympati for dei i Askøy
Etter drikkevatn-skandalen på Askøy utanfor Bergen er kvaliteten på drikkevatn aktuelt som aldri før. Torsdag orienterte driftsleiar vatn og avløp i Surnadal kommune, Michal Heimlund, kommunestyret om situasjonen i Surnadal.
I Surnadal er det 13 kommunale vassverk, med alt frå fem til 1500 abonnentar.
Driftsleiar vatn og avløp i teknisk avdeling i Surnadal kommune, Michal Heimlund, kunne torsdag vise kommunestyret to prisar kommunen nyleg har fått for kvaliteten på vatnet i Surnadal.
Først fekk Kvanne vassverk pris for beste drikkevatn i regionen. Det gjorde at dei var ein av 128 semifinalistar i den nasjonale kåringa. Der kom dei, som eitt av ni vassverk, til finalen. Sjølv om dei ikkje nådde heilt opp, er Heimlund godt fornøgd med å vere blant topp ni i landet.
– Sidan dei åtte finalistane som ikkje vann ikkje vart rangert, likar vi å tru at vi kom på andreplass, smiler han.
Nyleg var ein delegasjon frå Surnadal kommune, inkludert varaordførar Helge Røv, i Molde, der dei mottok Vannprisen 2018.
Gode rutiner
– Vi har kontinuerleg overvåkning på vassverka våre, gjennom ei solid, skybasert løysing. Her overvåkar vi driftsprosessane i anlegge med ei driftskontrollsystem med SMS-varsling, seier Heimlund, og forsikrar om at kvaliteten på vatnet i Surnadal til ei kvar tid er god:
– Det vert teke vannprøvar for å bekrefte at vannkvaliteten er i henhald til kvalitetskrava til Drikkevannsforikringen.
Reint konkret medfører det prøvar i Fauskåa kvar andre veke, medan vatnet i Bele, Bjøråa, Bøfjorden, Holtamoen, Kvanne, Mo, Prestelva, Sollia og Sæterbø vert testa kvar månad.
Vatnet ved Fiske, Stenbergsgeilin og Sørstranda vert testa minst ein gong i året.
– Grunnen til at det vert teke prøvar sjeldnare her, er at det er snakk om grunnvatn, som er sikrare, ved desse vassverka.
Av vidare planer fortalte Heimlund om viktigheita av å få på plass nytt høgdebasseng ved Galtmettet og på nordsida, og ny hovudplan for vatn og avløp, som skal inkludere desse høgdebassenga.
Andre punkt som står på agendaen er forskrift for olje- og fettavskiljarar, ombygging av ventil i Midtigrenda, rehabilitering og vedlikehald av ledningsnett og rehabilitering av kommunale slamavskiljarar.
– Ikkje e-coli i Surnadal dei siste 20 åra
Heimlund drog og parallellar til situasjonen i Askøy, der bakteriar i drikkevatnet har skapa ein krisesituasjon i kommunen.
– Eg har veldig stor sympati med dei i Askøy, og det er klart at alle som held på i denne bransjen ønskar dei det beste. Vi forstår at dei har jobba døgnet rundt, og at det er vanskeleg å løyse eit slikt problem når du har nasjonalt press på deg, seier han, og legg til:
– Vi tek vatn litt for gitt i Noreg, så når du då kjem i ein situasjon at du får problem med det, er det ressurskrevande å handtere. Då er det viktig å ha beredskapsplaner og øvingar for å vere godt førebudde dersom noko slikt skulle skje.
Ifølgje Heimlund har det ikkje vore påvist e-coli i løpet av dei åra han har jobba i kommunen.
– Faktisk trur eg ikkje det har vore påvist e-coli her i kommunen dei siste tjue åra, seier han.
Etter orienteringa til driftsleiaren fekk Heimlund og teknisk avdeling blomster frå ordførar Lilly Gunn Nyheim.
– Det at drikkevatnet vårt held så høg kvalitet er kjempeviktig for oss som innbyggere. Vi i kommunestyret setter stor pris på dykk og jobben de gjer. Ikkje alle kommuner er like heldige som oss, seier Nyheim.
Ordførar Lilly Gunn Nyheim delte ut blomster til Michal Heimlund, som påskjønning for det gode arbeidet som vert gjort med drikkevatnet i kommunen.
Kommunedirektør Knut Haugen og Michal Heimlund har all grunn til å vere fornøgde med kvaliteten på drikkevatnet i Surnadal kommune.