- Ei fantastisk musikkoppleving!

Søndag inviterte Prosjekt 17-koret til to julekonsertar, først i Todalakyrkja og så i Åsskard kyrkje. - Det var ei fantastisk musikkoppleving, fortel Kristin Strand, som er nytilsett prest i Stangvik, Todalen og Åsskard.

Julekonsert Åssk a AMIGOS ØVER.jpg
Barnekoret Amigos sjarmerte alle.


Fullsett kyrkje i Åsskard

Konserten i Åsskard var ein suksess, med fullsett kyrkje av storbegeistra frammøtte. Dette var ei satsing med svært variert innhald og mange utøvarar - frå barnekor til profesjonelle operasongarar - som også denne gong fekk stormande applaus. Like eins eit kor med stoff frå gospel til klassisk Bach og Handel, med Hallelujakoret som eit høgdepunkt. Dertil eit ensemble med strykarar og klaver/orgel på høgt nivå.

Julekonsert Åssk b TORUNN.jpg
Torunn Kroknes (mezzosopran/alt)

Julekonsert Åssk c SIGRID.jpg
Sigrid Vetlesæter Bøe (sopran)

Julekonsert Åssk d  ERIK.jpg
Erik Rosenius (bass)

Julekonsert Tod ALLSONG.jpg
Bernt G. Bøe leda allsongen

Julekonsert TOD Kvartetten øver.jpg
"Christmas Quartet"

Strand Kristin NY PREST.jpg
Kristin Strand er nytilsett prest i Stangvik, Todalen og Åsskard. Ho vart presentert på konserten søndag kveld.
 

Ein vakker konsert

Kristin Strand vart tilsett som prest i Stangvik, Todalen og Åsskard av Møre bispedømeråd sist fredag. Ho var til stades på konserten, der ho vart presentert for forsamlinga. Bernt G. Bøe kalla de nye presten ei "julegåve" og "pakka henne ut" i eit kort intervju på konserten. Stangvik, Todalen og Åsskard har vore utan eigen prest det siste året, så dette var ei fin overrasking til dei frammøtte. Den nye presten startar i stillinga i januar/februar neste år.

Kristin Strand fortel til Trollheimsporten at det var ein vakker konsert, som vekte stor begeistring frå publikum i ei fullsett kyrkje. Barnekoret song av hjertens lyst, og det gjorde inntrykk. Ho var óg imponert over dei profesjonelle songarene og den musikalske kvartetten, og Bernt G. Bøe batt det heile fint saman.


Du kan lese om konserten i Todalskyrkja på Todalen.no.


Blida er sendt oss av Bernt G. Bøe