– Ein blir utruleg rådvill
Tysdag var vegen vidare etter den avlyste anbodskonkurransen om Øye skule på saklista i formannskapet i Surnadal. Der var byggherreombod Helge Rønning klar på at det ikkje går an å få til det skisserte romprogrammet på skulane for den fastsette ramma.
På førre møte avlyste kommunestyret i Surnadal anbodskonkurransen om ny skule på Øye, etter at det billigaste anbodet var om lag 64 millionar kroner dyrare enn den vedtekne ramma på 175 millionar kroner.
Då formannskapet skulle diskutere revidert framdriftsplan og økonomisk vurdering etter avlyst anbodskonkurranse tysdag, vart det stor diskusjon både om rådmannen si tilråding og om vegen vidare.
For stort areal
– Årsaka til at prosjektet er for dyrt, er primært at arealet er for stort.
Det sa byggherreombod Helge Rønning frå XPRO AS til formannskapet.
– I dette prosjektet var det ei tung ombygging, og mi erfaring er at slike ombyggingsprosjekt ofte blir endå mykje dyrare enn tilbodsprisen tilseier.
Rønning understreka at det første ein no må gjere er å gjere vedtak på om det tidlegare vedtekne budsjettet framleis gjeld, eller vedta eit nytt budsjett for prosjektet.
Byggherreombodet ser det som realistisk å komme fram til eit anbodsgrunnlag i løpet av tre til seks månader.
– Det trur eg må vere muleg. Det har vore ganske omfattande rundar med brukarane allereie, så det burde ikkje vere behov for nye rundar med alle brukarane - men det er nok dei ganske uenige med meg i.
Rønning meiner at ein, ved å bygge nybygg ved sidan av ungdomsskulen, i staden for inni, skaffar seg sjølv større fleksibilitet på lang sikt.
– I mitt hovud burde ein sjå på mulegheitene for å bruke eksisterande skulebygg mest muleg som det er. Det er ikkje dermed sagt at det blir mykje meir nytt areal, men prinsippet med å halde det gamle mest muleg uberørt, gjev større mulegheiter i framtida.
– Det er store fordeler ved å tenke litt separat. Ein kan godt lage ein tørrskodd gang, slik at det framstår som eit samla bygg, men ved å ikkje byggje dei to byggja i kvarandre eliminerer ein risiko.
Rønning skisserte i presentasjonen sin byggestart innan eitt år, og forhåpentlegvis tidlegare. Han fortalte at han meiner at kostnadene knytt til alt utomhus, kan haldast utanfor entreprisen.
– Ein kan køyre eigen entreprise på det som skjer utomhus, og heller bruke pengane som blir att der. For det er mindre viktig enn sjølve skulebygget.
Representanten frå XPRO var tydeleg på at han meiner det er mykje nyttig å ta med seg vidare frå det eksisterande prosjektet over til det nye prosjektet.
– Vi må utnytte restarealet vi har, vi har over 100 elevar mindre på ungdoms. Men kanskje får vi ikkje til den fine skreddarsømmen vi tenkte, seier Astrid Mogstad Høivik, kommunalsjef for oppvekst.
Byggherreombod Helge Rønnig frå XPRO AS.
– Har mista tillit
Kathrine Mauset (H) sa klart i frå om at det no er viktig at ein sikrar seg at ein ikkje brukar eit nytt halvår på ein feilslått anbodsrunde til.
– Ein blir utruleg rådvill. Mantraet vi fekk presentert i dag var stikk motsett frå det vi fekk presentert frå eksterne konsulentar før jul, seier Mauset, og legg til:
– Eg må innrømme at eg har mista tillit til alt, både tal og forslag som har komme fram før. Anboda viste at vi var på heilt ville vegar, og det eg har notert meg tidlegare er at entreprenørane er dei som sit med fasiten.
– Det gjer at eg er redd for at vi skal gjere den same feilen igjen. Korleis sikrar vi oss no at entreprenørane får bidra til å sjå løysingar, kan vi få involvert dei på noko vis?
– Vi kan ikkje sitte her på vår vesle tue og tru at vi vedtek ei realistisk løysing, for så å få beskjed frå entreprenørane – nok ein gong – om at det ikkje går, seier Mauset.
Rådmann Knut Haugen er klar på at NorConsult burde sagt frå om at det var urealistisk å tru på anbod innanfor den vedtekne ramma allereie i desember.
– Dei burde antyda overfor oss at summen ville bli langt større enn ramma allereie då anbodet vart lagt ut, slik at vi fekk stoppa det før vi la det ut. No kom ikkje desse opplysningane før etter at anboda var innkomne, og det er skulda til NorConsult, seier Haugen.
– Ja, nokon burde kommentert på eit langt tidlegare stadium at «No byggjer vi for stort», seier Helge Rønning, som og hadde svar til Kathrine Mauset.
– Kostnadsmessig har ein mykje meir kontroll på nybygg enn ombygging. Ein har mulegheita til å få involvert ein entreprenør tidlegare i prosessen alt etter kva entrepriseform ein veljer, men det er ein illusjon å tru at det blir billigare sjølv om ein involverer entreprenør.
– Føresetnaden har endra seg
I rådmannen si tilråding, punkt 1, var den tidlegare vedtekne løysinga, D1+, nemnd:
«1) Surnadal kommunestyre ber om at rådmannen saman med eit fagmiljø, gjennomgår og vurdere mulege endringar av det vedteke skulebygget D1+, for å kome nærast mogleg/innafor vedteke ramme på 140 mill. eks. mva.»
Jonny Melkild (Ap) la fram endringsforslag, der han ønska at D1+ vart erstatta av ei formulering om at ein baserer seg på tidlegare vedtekne prinsipp.
– Heile føresetnaden for å vedta D1+ har endra seg. Vi gjekk for det alternativet, men hadde vi visst at det kosta 240 millionar kroner er det jo ikkje noko automatikk i at vi hadde gått for det same, seier han.
Melkild fekk med seg Ingebrigt G. Moen (Sp), Bernt Venås (Sp) og Kathrine Mauset på forslaget, medan Ap-trioen Lilly Gunn Nyheim, Helge Røv og Oddny Hoem dermed var i mindretal i ønsket om å la D1+ bli verande i formannskapet si innstilling til kommunestyret.
Formannskapet si innstilling til kommunestyret vart dermed slik:
"1) Surnadal kommunestyre ber om at rådmannen saman med ei faggruppe, gjennomgår og vurderer mulege endringer basert på allerede vedteke prinsipp, for å kome nærast mogleg/innafor vedteke ramme på 140 mill. eks.mva.
2) I punktet ovanfor ligg ei føring i retning av forenkling og mindre grad av ombygging i eksisterande bygningsmasse.
3) Eit justert forslag skal så langt som råd ivareta brukarinnspel som har komme fram under dei ulike prosessane med skulebygget.
4) Det justerte forslaget til nytt skulebygg skal så snart som råd, leggjast fram for vedtak i PBN for Øye skuleområdet og Surnadal kommunestyre.
5) Ny anbodskonkurranse blir deretter utlyst på nytt, med konkurranseform etter anbefaling fra faggruppe og PBN.
6) Faggruppe består av Helge Rønning (XPRO), Olav Rønning og Astrid Mogstad Høivik fra Surnadal kommune."
Rådmann Knut Haugen, ordførar Lilly Gunn Nyheim, byggherreombod Helge Rønning og einingsleiar for eigedom, Olav Rønning.