
Startar senioruniversitet for Indre Nordmøre
- Ein møtestad for fagleg påfyll

23. mars er det klart for første møte i det nyetablerte Senioruniversitetet. Da kjem forskar og utflytta surnadaling Nils Røv til Surnadal Kulturhus på føremiddagsmøte for å fortelje om Nordaustpassasjen, der han sjølv har vore. Neste samling blir i mai på Enge i Halsa, hos Jon Bojer Godal - ein av dei fremste ekspertane i Norge på byggjeskikk.
- Senioruniversitet er næærast blitt ei "bølgje" på landsbasis, og fleire kommunar og byar i Møre og Romsdal har allereie slike tilbod. Den demografiske utviklinga her i distriktet er klar: Det blir stadig fleire eldre og godt utdanna innbyggjarar. Vi ønskjer no å prøve ut senioruniversitet også her på Indre Nordmøre, som ein møtestad for fagleg påfyll på interessante måtar. Her ønskjer vi å bruke regionale ressurspersonar. Vi startar litt forsiktig, med eit par møter i halvåret. Så ser vi korleis det utviklar seg, seier Eivind Hasle.
- Det er allereie fleire lokale lag og organisasjonar som arbeider for dei eldre. Vi skal ikkje konkurrere med desse, men samarbeide. Vi håpar også at folk ikkje blir skremt av at vi brukar nemninga "universitet". Dette er eit tilbod som alle interesserte kan vere med på, understrekar Styrkår Brørs.

.png)

