Fellesbilde 2

– Ein pris som forpliktar

Fredag fekk MOT Surnadal besøk av Regine Oen Hatten, leiar for kjerneaktivitet i MOT, og regionleiar Gunn Anita Gjøvik, som del av ei markering av at Surnadal i slutten av september vart kåra til "Årets MOT-partner" i kategorien for kommunar.

Ingressfoto: Kommunedirektør Knut Haugen (bak f.v.), MOT-coach Eva Sæterbø, regionleiar Gunn Anita Gjøvik, Regine Oen Hatten frå MOT Norge, MOT-coach Kristin Børset, MOT-coach Laila Sollid, rektor Bjørn Høivik og konferansierane/MOTivatorane Maren Karlsen (framme frå venstre), Mathea Polden og Oda Bæverfjord. Haugen og Sollid hadde pynta seg i samband med MOT-til-å-nisse-dagen, som vart arrangert fredag.

– Vi får aldri svar på korleis det ville vore i Surnadal no utan MOT, men det vi ser er at det gjev stort fokus på trivsel, det å ta rette val og det å vere reale med kvarandre. 

Det seier kommunedirektør Knut Haugen, som saman med MOT-ambassadørane Laila Sollid og Eva Sæterbø mottok prisen "Årets MOT-partner Kommune" under MOT sin ildsjelkonkurranse på Hell i slutten av september i år.

Han fortel at det har vorte jobba mykje med å forankre MOT, både hos den administrative og politiske leiing i Surnadal kommune, i tillegg til ute hos skular, lag og foreningar. 

– MOT-møter og -samlingar er noko vi så langt det let seg gjere alltid prøvar å prioritere. Det er ei viktig sak, og det er og eit viktig signal at leiinga både politisk og administrativt tek MOT-arbeidet på alvor. Det føler eg vi gjer i Surnadal, seier Haugen, som fortel at det vert jobba for å få til ei mini-MOT-økt med det nyvalte kommunestyret i løpet av våren 2020.

Kommunedirektøren trekkjer vidare fram damelaget Surnadal/Søya/Todalen i fotball, som er eit MOT-lag, som eit døme på godt samarbeid med andre aktørar i kommunen.

– Det handlar om å finne nye og gode arenaer for å spreie MOT-arbeidet og kva det faktisk handlar om. Dette er ikkje noko vi kan halde på med i eitt år, og no som vi har halde på i 10-12 år, ser vi gode resultat av jobben som er gjort, seier han.
 

Rosar arbeidet i Surnadal

Regionleiar Gunn Anita Gjøvik var full av lovord om MOT-jobben som er gjort i Surnadal:

– Surnadal har vore veldig gode på å byggje stein for stein, og no står MOT veldig sterkt her. Kommunen har og veldig gode resultat på MOT si undersøking om effekten av MOT-arbeidet, der elevane ved ungdomsskulen svara at det har vorte betre miljø i klassane, at dei har fått betre sjølvtillit og at dei føler seg tryggare og sterkare på grunn av erfaringane med MOT.

Tingvollgjeldingen Gjøvik, som er regionleiar for Møre og Romsdal og Nordfjord, støttar Haugen i at MOT er godt forankra i kommuneadministrasjonen i Surnadal, og ho trekkjer i tillegg fram Surnadal Ungdomsskule, som med dyktige MOT-coachar og -ambassadørar har jobba jamt, trutt og godt.

– Vi ser at ungdommane herifrå utmerkar seg på samlingane våre, og går framom som ekstra gode forbilder, seier ho, og fortel at alle desse faktorane var viktige for at Surnadal mottok den gjeve prisen under årets Ildsjelsamling.

Knut Haugen er klar på at prisen forpliktar.

– Prisen anerkjenner jobben som vi har gjort, men samtidig forpliktar den ei vidare satsing på MOT. Vi er fornøgde med det arbeidet vi har gjort, men vil helst få pila til å peike endå meir opp og gjere endå meir av denne typen haldningsskapande arbeid, seier han.

Gjøvik trekkjer og fram støtte frå næringslivet i kommunen som medverkande til at Surnadal fekk Årets MOT-partner-prisen.

– Vi ser at MOT Surnadal mottek økonomisk stønad frå bedrifter, som Svorka, og at dei har fått gåver frå arrangement som gjev vekk heile eller delar av overskotet sitt. Det viser at næringsliv og kommunen dreg i samme retning, og det er kjempepositivt, seier ho, medan Knut Haugen nemner Ræta Opp som eit døme på arrangement som har gjeve overskotet sitt til MOT Surnadal.

– Det er eit signal på at folk i kommunen har oppdaga at MOT er bra, og at innsatsen på det feltet fungerer godt, seier Haugen.
 

Lagar film om MOT-arbeidet

Leiar for kjerneaktivitet i MOT, Regine Oen Hatten, var og på plass ved Surnadal Ungdomsskule fredag. Ho intervjua kommunedirektør, MOT-coachar og andre involverte ved skulen, og det vert no laga ein film frå Surnadal, som skal leggast ut på MOT sine kanalar på nett. Det tykkjer regionleiar Gjøvik er stas.

– Det er artig at vi får vist fram det gode arbeidet som vert gjort her, seier ho.

Kommunedirektør Haugen håpar no å få med Surnadal vidaregåande skole på MOT-laget.

– Eg vil oppfordre vidaregåande til å bli med, det hadde vore veldig fint. No er vel kanskje ikkje tida for å forvente at Møre og Romsdal fylkeskommune skal løyve meir pengar, men hadde dei funne dei økonomiske rammene til det og blitt med, hadde vi fått behalde MOT-arbeidet litt lenger. No blir det ein veldig brå slutt for elevane etter ungdomsskulen, seier Haugen, og fortsett:

– No har i tillegg MOT-coach Torgeir Kvendset bytta arbeidsplass frå Surnadal Ungdomsskule til Surnadal vidaregåande skole, så alle føresetnader ligg til rette der no. Så dette er vel i grunn ei oppmoding til Møre og Romsdal fylkeskommune og skulen sjølv.