IJIversen_1024x805

Smånytt frå kommunestyremøtet i Surnadal

- Eit lite makkverk

Under eit kommunestyremøte blir det gjort mange vedtak i mange ulike saker og ikkje alle er like store og interessante for folk flest. Samtidig blir det sagt mykje rart, inniblanda gode historier frå talarstolen, som kanskje ikkje er så alvorleg meint eller sårande som det høyrest ut for. Slik var det også i Surnadal kommunestyre i går:

Jau, det var Inger Johanne Iversen (SV) som sa: - Eit lite makkverk! Og gjekk ned frå talarstolen. Da hadde ho kommentert ekstrasaka om val i ungdomsrådet i Surnadal. Nærast som vanleg kom den saka opp som ei hastesak og var tydelegvis svært dårleg førebudd. Først vart det peika på manglande kjønnsmessige forhold med berre 25 prosent kvinner. Dette vart avvist da det ikkje var alle i styret av ungdomsrådet som var nemnt i saka, berre dei nye. Vidare kom det til slutt fram at det berre var leiar og vara for denne som kommunestyret skulle godkjenne. Dette vart gjort einstemmig, men ordførar Mons Otnes (Ap) understreka at dette ville han ikkje ha opp att ein gong til. Med andre ord: - Eit lite makkverk, sa Inger Johanne Iversen (til høgre).

Vidare vedtok kommunestyret å innføre papirlause møter og PC til alle politikarar i løpet av neste år. Det vil koste 900 000 kroner - heile saksutgreiinga her.

Surnadal kommunestyre vedtok også å bruke kr 32 235 000,- av tidlegare års låneopptak til finansiering av vedtekne investeringar i anleggsmidlar i 2010. Det blir ikkje gjennomført nye låneopptak til dette formålet i 2010. Det fekk Eilert Mikkelsen (Krf) til å ta ordet og samanlikne midlar til disposisjon med eigen økonomi. Det nyttar ikkje å referere Eilert - til det er han ein for god historiefortellar, men han fekk heile kommunestyret ut i latter - han må opplevast. Heile saksframlegget her.

Lina Therese Sæterøy hadde søkt om fritak frå alle politiske verv i Surnadal kommune. Dette godkjente kommunestyret og Rannei Bøe vart valgt inn i H2 i staden for henne, med Svein Andersen som femte vara, etter forslag frå Marit Kringlebotn (Frp) (til venstre).

Når det gjeld val av medlemmer til verneområdestyre for Trollheimen landskapsvernområde vart Mons Otnes (Ap) foreslått av Ingebrigt Moen (Sp), med Gunnhild Bøklepp Bøe (Sp) som vara. Det vart einstemmig vedtatt. Men Ragnar Halle (Sp) kunne ikkje dy seg denne gongen heller og nemnte den utlyste stillinga for verneområdet i Trollheimen, der han tykte Surnadal burde ha fått den, mens politikarane med Mons Otnes og Jon Bruset i spissen har gått inn for Møresida av Trollheimen. - Vi har det største området og et godt fagmiljø og eg håpar toget ikkje har gått, men eg forstår det er mange hestehandlar oppi dette, sa han og rekna med det vart Rindal som fekk stillinga. Klikk her og sjå heile saksutgreiinga.

Under saka om budsjettregulering nummer to var Marit Kringlebnotn (Frp) (til venstre) frampå og spurte hvorfor tuben mellom kulturhuset og Vårsøg hotell hadde blitt ein halv million kroner dyrare når kommunen skulle betale halve prisen, som var fast. - Prisen har økt og vi greier ikkje å sno oss unna dette. Det er planleggingskostnader som har kome til og vi må nok betale, svara rådmann Geir Vikan og kunne kanskje ikkje anna enn å innrømme at dei hadde ein dårleg avtale. Heile saksutgreiinga her.

Til slutt vedtok kommunestyret to valdagar for kommune og fylkiestingsvalet 2011 i Surnadal - søndag 11. november 2011 og månmdag 12. november 2011.