
- Eit svært flott utstillingslokale

Surnadal Kunstforening si utstilling med Grethe By Rise samla eit stort publikum i Finstuå i kulturhuset. Ektemannen Ola - journalist, tidlegare RBK-keeper og no assistenttrenar for fotballandslaget - introduserte kona og utstillinga gjennom eit dikt, og i tillegg deltok aktørane i "Med segl og Wichmann" med utdrag frå fjordakabareten som skulle visast i kulturhuset seinare på kvelden.
Utstillinga står til 7. november, og Grethe By Rise kunne allereie laurdag ettermiddag gle seg over at mange av dei fargerike måleria hadde funne seg kjøparar.
- Dette er første gong eg stiller ut i Surnadal, men eg hadde høyrt mykje fint om lokalet her på førehand. Elling Reitan stilte ut her under Vårsøghelga i vår, og han roste Finstuå for lyset og utforminga, sier Grethe By Rise til Trollheimsporten.
På bildet presenterer ho måleria sine for publikummet i kulturhuset, medan ektemannen Ola fotograferer utstillingsopninga.

.png)

