Norunn og Lilli foto Surnadal kommune

Lagar tursti til plassen der Spitfire-flyet vart skote ned

- Eit viktig kulturminne frå krigen

Fredag 27. september er det 100 år sidan RAF-piloten Alastair (Sandy) Gunn vart født i Skotland, og dette blir markert ved minneplaketten etter han på Surnadal kulturhus.

Sandy var pilot i Royal Air Force, og er piloten som vart nedskoten i spitfireflyet sitt over Nordmarka den 5. mars i 1942. Han vart teken til fange av tyskerane, og endte livet etter at han deltok i «The Great Escape» frå fangeleiren «Stalag Luft III» den 24. mars 1944. «The great escape» er filmatisert av Hollywood. Historia til Sandy og Spitfire AA810 er blitt kjent både gjennom ei bok og ein dokumentar som er laga i samband med at ein delegasjon frå England, under leiing av Tony Hoskins, kom til Surnadal for å bringe heim flyvraket sommaren 2018. Mange delar av vraket vart henta ut frå marka i fjor sommar, og desse skal brukast i samband med ein rekonstruksjon av flyet i England.

- Plassen der flyet krasja, er eitt av dei viktige kulturminna våre frå krigen, og skal markerast med ei infotavle. I samband med det vil vi lage ein merka tursti til krasjstaden, det er også muleg at dette blir ein av Stikk Ut!- turane til neste år, seier Lilli Husby og Norunn Holten ved kulturavdelinga i Surnadal kommune. Det vil bli ein familievennleg tur på rundt 3 km ein veg med utgangspunkt ved Andersvatnet på Nordmarka. Målet er å få turen ferdig merka og skilta til neste sommarsesong.


Foto: Surnadal kommune