Fylkesutvalet vedtok å berge bygg og anlegg-linja ved Surnadal vgs:
– Følger saka med stor spenning
Tysdag vedtok Fylkesutvalet, med åtte mot fem stemmer, ei budsjettløysing der bygg og anlegg-linja ved Surnadal vidaregåande skule består. Rektor Mons Otnes er spent før saka skal til endeleg behandling i Fylkestinget 10. desember.
Ingressfoto: Rektor ved Surnadal vidaregåande skole, Mons Otnes (f.v.) og ordførar Margrethe Svinvik er spente før fylket sitt budsjett for 2020 skal vedtakast 10. desember. Her er dei to saman med Sp-gruppeleiar Nils Håvar Øyås og fylkestingsrepresentantane Kristin Sørheim og Bernt Venaas.
Fylkesutvalet, som tilsvarar Formannskapet i fylkespolitisk samanheng, gjorde tysdag vedtaket som kan redde bygg og anlegg-linja ved Surnadal vidaregåande skole. Dei rødgrønne partia sette fram forslaget, medan Høgre og Framstegspartiet stemte imot. Dermed vart forslaget vedteke med åtte mot fem stemmer.
Dersom vedtaket og får fleirtal når det skal behandlast i Fylkestinget 10. desember, vil og dei foreslåtte kutta ved dei vidaregåande skulane i Sunndal og Tingvoll bli berga.
Det var Tidens Krav som meldte dette først.
Ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik, orienterte om vedtaket i Formannskapet sitt møte tysdag ettermiddag.
– I vedtaket får bygg og anlegg-linja vår bestå som småskalatilbod. Det har vore ein hard kamp for fleire, og det er mange om beinet når det gjeld vidaregåandetilbod, men det kan sjå ut som om det går vår veg, fortalte ordføraren. Ho understreka at ein må vente på endeleg vedtak 10. desember før ein kan sleppe jubelen laus.
I og med at avstemninga i Fylkesutvalet var såpass delt som åtte mot fem stemmer, ligg det an til spennande dagar fram til endeleg politisk behandling i Fylkestinget.
Rektor Mons Otnes ved Surnadal vidaregåande skole påpeikar det same som ordførar Svinvik:
– Eg er veldig spent, og følger prosessen med stor interesse fram til endeleg behandling i Fylkestinget 10. desember.