- Gammelt for meg – nytt for deg
Det er slagordet til Brukt og Bakels, butikken til Marit Landsem. Den hadde sesongåpning pinseaften ettermiddag med frisk konsert med familiebandet The Siskens.
I konkurranse med kongeleg bryllaup på TV og lokal konfirmasjon, var det mange som hadde funne vegen til Landsemholten både for ein god handel og for konserten med The Siskens.
Marit ser utover The Siskens i ulike former.
Tilbudet i butikken kan du sjå nedst i denne artikkelen.
Bakelssalget gjekk som smurt, og ved eit av borda gjekk diskusjonen varm om kva som var rett sida av bakelsrundingen.
Odin, Martinus, Bendik og Lars Landsen
The Siskens har alle Landsem til etternamn, bur på Hovin i Melhus og har fritidshus i Rindal. Martinus, Odin og Bendik hadde med seg far Lars, men i dag mangla dei keyboardist og vokalist Eivind. Derfor måtte Martinus steppe inn som vokalist.
Bandet praktiserte forresten utstrakt jobbrotasjon. Det måtte jo til, for vi registrerte 7 ulike strengeinstrument; fiolin, mandolin, bass og gitarar!
Lars hadde også fått med seg bror Arne, her med revyvisa Litago og Gjertrud som begge hadde nedkomst!
Etter ein tur bak Ola-huken (scena) dukka Arne fram igjen, denne gongen som Visarbekrinn, som mange kjente frå Rindalsrevyen.
Arne stilte også opp i lag med bandet som gjestesolist på Beatleslåta Don't Let Me Down, men gitarsolofinale ved Lars.
Publikum storkosa seg på Landsemholten pinseaften.
Nedafor ser du nokre av varene som var i salg før opninga. Kor mykje som er att må du stikke innom for å sjå sjølv.
Opningstidene finn du på Facebook her!
Trondheimskjendis Sveinung Sundli samla barn rundt seg!
Doet er gjenbruk frå Storåsfestivalen, tre rom; frå høgre: Det Kongelege, Beatlesrommet og Storåsfestivalrommet!
Brukt og Bakels er ny medlem av Trollheimsporten!
The Siskens med ei nyinnøvd svensk vise: Jag vill ha en egen måne (Ted Gärdestad).
Fenderslåtten etter Øystein Sunde.