- Godt å sjå de att no
Rindalstrubaduren Jo Sverre Sande er i julestemning, og den første desemberdagen lanserer han julelåta si, «Takka fer det oss ha fått» på YouTube! Godt å hør de, Jo Sverre!
På uforfalska rindalsdialekt syng han hyllingssongen sin til jula som kjem. Han syng om julelengt og fred på jord i lag med eit stjernelag frå indre Nordmøre.
Jo Sverre er stolt over å ha fått med seg Sigrid Vetlesæter Bøe med den gyldne stemmen sin og Andres Larsen med Testorefiolinen sin. Så har han med seg rindalingen Olav Nergård Tørset på perkusjon og bass og Marit Aspås frå Angvik på cello. Det er Conor Patrick frå Trondheim som har produsert songen.
Musikkvideoen, som er innspela i ei vanleg støggu på Bakklandet, kan du høre og sjå på YouTube her!
- Det var ein kamp med tida å få ferdig songen til 1.desember, fortel Jo Sverre.
- Du blir ikkje inspirert til å skrive om jul i juli, seier han. - Du må ha det mørkt og kaldt, og helst snø.
Det er stor spenst i arrangementet, frå det heilt vare vokale med gitarklimp - til fullt trøkk i musikken bak Sigrid og Jo Sverre sin duett! Med god vilje, eller fantasi, kan en også høre kjerkklokkene!
Denne songen kan hørast om att og om att, klisjear som "Fred på jord" framstår som inderleg og høgst aktuelle.
......
Godt å sjå de att no
du e den så gje me ro
lengsel, håp, tru og fred
lyse tennast fer de
......
Bilda er frå musikkvideoen.
OleT