- Gøttj med oppdrag

- Det er så gøttj å få ein slik telefon når det ser så svart ut elles, seier Ingrid Kvam Moen om telefonen ho fekk frå Fylkesmannen i Trøndelag om levering av info-tavler til verneområda i fylket.

A. Kvam i Rindal har fått ein to-årig rammeavtale på levering av infotavler i cortenstål til oppsetting ved verneområda i heile Trøndelag. Dei har også 2 års opsjon på vidare levering.

Ingrid Kvam Moen.jpg
Arkivfoto
- Dette oppdraget er eit lyspunkt i ein utfordrande kvardag, seier Ingrid Kvam Moen hos A. Kvam, som alt førre torsdag sendte permitteringsvarsel til ansatte på grunn av meldingar om utsettingar og avlysingar av oppdrag.

Infotavle A.Kvam-001.jpg

Tavlene (skisse ovafor) skal vere 20 mm tjukke og 2 m høge med varierande breidde på 75 til 125 cm, alt etter mengde informasjon dei skal ha.

Cortenstål i den dimensjonen er ikkje lagervare, så det må bestillast frå Tyskland, fortel Ingid Kvam Moen.

cortenstål_690x518.jpg
Cortenstål er ein type spesialstål med ei legering som gjer at det raskt får ei ytre hinne av rust som skal gjere at vidare rusting går seinare. Det er også kalla rusttreigt stål.

Dette materialet vert gjerne bruka på stader der det er vanskeleg å utføre vanleg rustvern og vedlikehald. Corten rustar til eit visst stadium. Så stoppar rustinga omtrent opp. Erfaring viser at Corten rustar 6-8 gonger treigare enn vanleg stål. Materialet blir også bruka der ein av estetiske grunnar ønsker ein vakker raudbrun patina (Store Norske leksikon).

Inngang A.Kvam_690x920.jpg

Ved inngangspartiet til A. Kvam i Bjergen Industriområde i Rindal har dei nytta cortenstål.

Leveransen A. Kvam har fått gjeld 20 -50 tavler i første omgang. Antalet er usikkert. Kvam reknar med leveransar ein eller to gonger i året.

Foto: A. Kvam.