– Heldige som får halde på med dette
Både elevar, lokalt næringsliv og SINTEF er svært fornøgde med utbyttet av forskningsprosjektet SKILLS, som no går mot slutten.
I fire år har SINTEF drive forskningsprosjektet SKILLS, med Pipelife, Siemens Power Electronics Centre og Sandvik Teeness som bedriftspartnarar. I prosjektet deltek ungdomsskulane Surnadal og Charlottenlund, samt dei vidaregåande skulane Surnadal, Charlottenlund, Heimdal og Byåsen.
SKILLS-prosjektet inneheld fleire ulike forsøk, som har som mål å utvikle gode modellar for samarbeid mellom skular og næringsliv.
Eitt av forsøka er «Fra fjortis til fagarbeider», der ungdomsskuleelevar samarbeider med vidaregåande skule og næringslivet for å lære meir om korleis yrkesfagvegen ser ut, og korleis det er å jobbe i ei produksjonsbedrift.
– Vi har sett nærare på kva slags kompetanse fagarbeidarane treng i framtida, og korleis bedrifter og skular kan jobbe saman for at dei skal få den, seier Linn Thøring. Ho representerer faggruppa for organisasjon og produksjonsledelse ved SINTEF Digital, avdeling Teknologiledelse.
Stort engasjement
Thøring fortel at prosjektet «Frå fjortis til fagarbeider» er eit konkret tiltak i dette arbeidet. Her skal elevane byggje flåtar, med materiale frå Pipelife og Talgø MøreTre.
I starten av prosjektet jobba ungdomsskuleelevane kvar for seg, og kom opp med eigne idear. Deretter gjekk dei saman i grupper på fire, der dei vart samde om ein idé dei ville utvikle vidare.
Pipelife skisserte og teikna så opp ideane, og leverte eit konsept tilbake til elevane. Etter vidare dialog mellom Pipelife og elevane vart det laga eit grunnlag det no vert laga fysiske modellar av. Også dette arbeidet er det elevane sjølve som står bak.
Yrkesfagelevar frå Surnadal Videregående skole fungerer som rettleiarar for dei frå Surnadal ungdomsskule, og har og fått mulegheita til å komme med innspel og idear undervegs i prosjektet.
– «Fra fjortis til fagarbeider» framstår veldig vellykka så langt, med stort engasjement blant elevane. Det er tydeleg at dei tenkjer mykje på prosjektet, for dei kjem stadig med nye idear, seier Thøring.
– Synleggjer mulegheitene for elevane
Jørgen Brekke og Marius Nordheim er med frå Pipelife, og Brekke er full av lovord om prosjektet.
– Vi jobbar med å få fram den metodikken vi brukar i produktutviklinga vår til dagleg. Ein må tenkje breitt med mange idear på bordet, og jobbe systematisk for å vidareutvikle dei beste av dei. Dette er veldig gjevande for vår del.
SKILLS er finansiert av forskningsrådet og dei tre bedriftspartnarane Pipelife. I «Fra fjortis til fagarbeider» er altså Talgø MøreTre og med på laget. Bedrifta støttar prosjektet med gratis material til flåtane.
– For vår del er det viktig å utvikle både elevar og yrkesfagutdanninga. Det er bra at ein ser på andre måtar å drive yrkesfagutdanning på, og vi ønskjer å vere med på å ta ansvar for utdanning i nærområdet vårt, seier Arve Ervik produksjonsleiar i elementfabrikken.
Han legg til:
– Her får vi synleggjort for elevane kva sjansar og mulegheiter som ligg i å velje yrkesfag. Vi må legge til rette for utvikling av lokal arbeidskraft, slik at vi slepp å reise land og strand rundt for å rekruttere folk med rett kompetanse.
Ervik får støtte av Thøring:
– Målet med SKILLS er å gje elevane innsikt i arbeidsliv og yrkesfag før dei tek valet om kva retning dei vil gå etter ungdomsskulen.
I første omgang går SKILLS-forskningsprosjektet fram til sommaren i år, men dei positive erfaringane gjer at det kan vere absolutt å fortsette vidare.
– Ja, vi vil i alle fall støtte opp om ei vidareføring, skyt Talgø MøreTre-representant Ervik inn.
Thøring fortel at SINTEF ønskjer å utvikle prosjektet til ein modell, etter kvart meint for bruk på skular over heile landet.
Ove Magne Aasen (f.v.), Linn Thøring, Jørgen Brekke, Arve Ervik og Marius Nordheim er veldig fornøgde med SKILLS-prosjektet.
Vil finne kompetansen lokalt
Pipelife er opptekne av rekruttering frå nærområdet, og bedrifta ser at krava til kompetanse for å jobbe der blir stadig høgare.
– Difor er det så viktig med denne typen prosjekt, og yrkesfaglege linjer på skulen. Det gjer at vi forhåpentlegvis kan finne den kompetansen vi spør etter hos lokale arbeidstakarar, seier Brekke.
Arve Ervik deler Brekke sitt syn:
– Skal ein henge med i dag er ein heilt avhengig av effektiv produksjon og høg kompetanse. Dessverre ser vi at elevtalet på byggfag går ned, men vi arbeider for å få det opp igjen. Det er mange snekkerbedrifter i nærområdet vårt, og ei eventuell nedlagt linje vil nødvendigvis gå utover dei og. Det er kjempeviktig at vi har ei bygglinje i bygda.
I samanheng med auka krav til kompetanse og stort behov for lokal arbeidskraft, er både Pipelife og Talgø MøreTre veldig positive til det dei har sett av SKILLS og «Frå fjortis til fagarbeidar».
– Det handlar om å få praktisk forståing, og då er det spesielt artig å sjå slike prosjekt, der jobben dei legg ned endar i noko handfast, seier Brekke.
Thøring frå SINTEF bekreftar at det er planer om sjøsetting av flåtane.
– Det er synd det var så mykje is på fjorden i dag, ler Ervik, som får forsikringar av Brekke:
– Ja, men våren kjem snart, den!
Marius Nordheim (f.v.), Jørgen Brekke, Ole Moe Stensønes, Håvard Heggset, Håvard Mikkelsen, Lars Holte og Arve Ervik er alle viktige bidragsytarar under "Frå fjortis til fagarbeidar", som er ein del av SKILLS-forskningsprosjektet.
– Veldig lærerikt
Det er ikkje berre forskarar og lokalt næringsliv som er fornøgde med prosjektet. Elevane trivst og godt med utvikling og bygging av flåtar.
– Vi laga teikningar i starten av skuleåret, og starta sjølve bygginga rett før jul. Prosjektet har vore bra så langt, fortel Mikal Lars Harang Berset, som jobbar på spreng saman med Daniel Lund Paulsen.
Elevane, frå niandeklasse ved Surnadal Ungdomsskule, sagar, hamrar og diskuterer flittig rundt om kring i rommet. Skiver, bits og motor er tema som går att, og det er tydeleg at dette er arbeid elevane likar.
På ein av flåtane bistår vidaregåande-elev Magnus Brevik kvartetten Håvard Mikkelsen, Håvard Heggset, Lars Holte og Ole Moe Stensønes. Det trivst han godt med.
– Eg tykkjer det er veldig artig, og det er veldig lærerikt for dei som er litt yngre. Det er artig både for meg og dei å få lage noko som kan brukast.
Dei fire niandeklassingane deler Brevik si oppfatning:
– Vi er heldige som får mulegheita til å halde på med dette, seier Moe Stensønes, medan Holte og Mikkelsen legg til at arbeidet med prosjektet både er lærerikt og artig.
– Prosjektet har vore bra så langt, seier Mikal Lars Harang Berset (nærast kamera), som jobba flittig saman med Daniel Lund Paulsen og lærar Johan Almås.
Skaper neste generasjon fagarbeidarar
Lærar Ove Magne Aasen ved Surnadal Ungdomsskule rosar leiinga på skulen for fleksibiliteten som gjer at prosjektet let seg gjennomføre, og deler og ut gode ord til Pipelife og Talgø MøreTre.
– Det er kjempeviktig at det lokale næringslivet bidreg slik dei gjer, og for dei er det jo ein fordel at elevane får prøve slike ting. Det er eit stort behov for arbeidskraft, og det vi gjer her er jo å skape neste generasjon fagarbeidarar, seier han.
Aasen omtalar prosjektet som eit pilotprosjekt i Noreg, som er høginteressant for elevar både ved vidaregåande og ungdomsskule.
Han understrekar samtidig at prosjektet naturlegvis ikkje legg føringar for kva elevane skal velje å gjere etter vidaregåande.
– Men kanskje kan det hjelpe dei å ta rett val, sidan dei får eit innblikk i kva yrkesfaga faktisk går ut på, seier Aasen, som med eit smil legg til:
– Då eg gjekk på skulen og hadde sløyd laga vi spekefjøler.
VG2-elev Magnus Brevik (t.v.) kjem med gode råd og tips til niandeklassingane Lars Holte (nr 2 frå venstre), Håvard Heggset, Håvard Mikkelsen og Ole Moe Stensønes.