ole stensby, yvonne wold og mons otnes ingr 2000

– Ikkje aktuelt å fire på ressursbruken på vidaregåande skular i distrikta

Surnadal SV hadde onsdag besøk av partiet sin fylkesordførarkandidat i Møre og Romsdal, Yvonne Wold. Ho er redd Nordøyvegen, med prislapp på fem milliardar, vil auke presset på dei vidaregåande skulane. Det vil SV kjempe imot.

Saman med listetopp Ole Stensby, andrekandidat Karina Kalvik og tredjekandidat Inger Johanne Iversen, besøkte Wold Surnadal vidaregaående skole, Svinvika og Todalen.

Wold, som sjølv jobbar som lærar i tillegg til å sitte på fylkestinget, har mellom anna markert seg som ein sterk motstandar av Nordøyvegprosjektet

Prosjektet skal sikre fastlandssamband for 2900 menneske, og knytter dei om lag 10 000 innbyggjarane i kommunene Haram og Sandøy tettare saman. Wold la fram forslag til fylkestinget om å stoppe prosjektet då budsjettet sprakk, men fekk berre med seg tre andre representantar på det.

No er 42-åringen, som er SV sin ordførarkandidat både i Rauma og Møre og Romsdal, oppteken av at gigantprosjektet med prislapp på over fem milliardar kroner ikkje skal gå utover dei vidaregåande skulane.

– Eg reknar med at de her i Surnadal og allereie merkar at fylkeskommunen ønskjer å spare pengar, for det er klart at finansieringa av Nordøyvegen utgjer eit ekstremt høgt beløp for fylkeskommunen sin rekneskap, seier Wold, og fortsett:

– Vi i SV har vore imot prosjektet heilt frå starten, og vi er veldig opptekne av at tilbodet ved dei vidaregaånde skolane ikkje skal verte skadelidande.

Wold var full av lovord om jobben som vert gjort i dei vidaregåande skulane i fylket.

– Vi ser at næringslivet i heile Møre og Romsdal har eit stort behov for arbeidstakarar med høg kompetanse, og dei vidaregåande skulane spelar og ei viktig rolle både der, og i eit desentraliseringsperspektiv, seier ho, og slår fast:

– Det er ikkje aktuelt å fire på ressursbruken ved dei vidaregåande skulane ute i distrikta, som følgje av pengebruken til Nordøyvegen. Sjølvsagt er det ting som kan effektiviserast og i den vidaregåande skulen, til dømes gjennom IKT-tiltak eller bruk av ressursar frå andre skular, men vi i SV kjem ikkje til å inngå noko kompromiss når det gjeld linje- eller fagtilboda ved skulane.

Til det er linje- og fagtilboda ved skulane ein altfor viktig del, seier Wold, som er redd for at Nordøyvegen vil føre til auka press mot økonomien i dei vidaregåande skulane.

– Utfordringa dersom det vert strammare økonomisk, er at det kan føre til at eit redusert tilbod for dei svakaste, seier rektor Mons Otnes, som trur at ei innstramming i den vidaregåande skulen og kan bety at fleire må reise vekk og flytte på hybel.

– Og det treng ikkje vere heldig i så ung alder, seier han.
 

Trøndelagsavtalen må forlengast

Han viste Wold og Surnadal SV-delegasjonen rundt på skulen, og fortalte at han meiner det er frykteleg viktig at Trøndelagsavtalen vert fornya, utover det eine året den er vedteke for per no.

Samarbeidsavtalen gjeld søkarar frå Rindal, Halsa og Aure med ungdomsrett, og søkarar med rett til påbygging etter yrkeskompetanse.

For søkarar frå Rindal vil dette i praksis seie at dei, i tillegg til å ha rett til vidaregåande opplæring i Trøndelag fylke, kan søke plass ved Atlanten, Kristiansund, Surnadal, Sunndal og Tingvoll vgs i Møre og Romsdal. Søkarane frå Rindal vil då konkurrere på lik linje med søkarar frå Møre og Romsdal.

I tillegg vil elevar frå Rindal som allereie har starta vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, få fullføre denne, og det ligg og i avtalen at elevane får skuleskyss, som før.

– SV har i alle fall godt samvit når det gjeld samferdsel. Vi har prioritert mindre prosjekt, som skuleskyss, vegmerking og utbetringar, i staden for dei virkeleg store prosjekta, som aksane og Nordøyvegen, seier Wold, og fortar seg å understreke:

– Eg meiner ikkje med dette at Todalsfjordprosjektet ikkje skal prioriterast, altså.

Det at Nordøyvegen, med prislapp på over fem milliardar kroner, no skal realiserast, vil naturleg nok få konsekvensar for økonomien i fylkeskommunen.

– Det er stor spenning i rektorkollegiet for dei vidaregåande skulane, knytt til kva konsekvensar vedtaket om Nordøyvegen vil få. Det vert hyppig diskutert, innrømmer Otnes.

– Ja, somme prøvar å feie konsekvensane av vedtaket under teppet. Dersom ein tenker seg at presset på skulane aukar, kan ein sjå for seg scenario der det kjem forslag om privatisering av reinhald og vaktmestertenester ved skulane, til dømes, seier Wold, som saman med Stensby, Iversen og Kalvik slår fast at dette er noko SV er sterkt imot.

– Ikkje treng ei slik privatisering føre til at ein reduserer kostnadene heller, seier Iversen.

– Dei vidaregåande skulane sitt viktigaste samfunnsoppdrag er å få elevane gjennom skulegangen – å få dei til å fullføre vidaregåande skule. Med trongare økonomi fryktar eg at fleire vil dette frå, seier rektor Otnes, som per i dag kan vise til ei gjennomføringsgrad ved Surnadal vidaregåande skole heilt i toppklasse, samanlikna med dei andre skulane i Møre og Romsdal.
 

Vil la skulane behalde eige overskot

Yvonne Wold fortalte om at ho har jobba på fylkestinget for å få på plass eit helsesjukepleiartilbod i skulen, og SV’arane sa i klartekst at dei ønska dette som standard ved alle skular.

Fylkesordførarkandidaten trakk og fram tilbod om skulemat som ei viktig SV-sak, noko ho raskt fekk støtte av Inger Johanne Iversen på.

– Ja, det har vi i SV jobba for i snart 20 år her i Surnadal, seier ho.

Ei anna sak både Surnadal og Møre og Romsdal SV går inn for, er at dei vidaregåande skulane skal kunne få behalde sitt eige overskot, og ta det med seg vidare frå eitt kalenderår til neste.

– Skulane er så gode til å ta vare på elevane sine, og ein av grunnane til det er at elevane slepp å reise langt for å gå på skule. Lokalsamfunna er avhengige av skulane, og det er avgjerande at ein har gode skuletilbod i nærleiken, seier Wold, og fortsett:

– Difor tykkjer vi det er fornuftig at skulane skal kunne behalde sitt eige overskot. Det fører til at dei held budsjetta sine, og at overskotet vert brukt fornuftig til å styrke tilbod, kjøpe nytt utstyr eller heve kompetansen. Då har skulane friheit til å bruke pengane der dei trengs mest, og kvar det er det trass alt skulane sjølve som veit aller best, seier ho.

 

yvonne wold, ole stensby, karina kalvik og inger johanne iversen 690.jpg
SV sin fylkesordførarkandidat, Yvonne Wold (f.v.), Surnadal SV sin førstekandidat Ole Stensby, andrekandidat Karina Kalvik og tredjekandidat Inger Johanne Iversen.