- Kjære rindalsbønder!!

Dette er meir eit rop om hjelp (til sjølvhjelp) enn ei helsing.
Vi gir ordet straks til Rindal Avløysarlag:

AVLØYSARKURS

Kjære rindalsbønder!!!!

Som tidlegare annonsert skal vi prøva å sette i gang avløysarkurs 21. mai.
Eit samarbeidsprosjekt mellom avløysarlaga i Halsa, Surnadal og Rindal.
Mangelen på kvalifiserte avløysarar er stor, men likevel er det få som har
meldt seg på kurs.
Så no kjem vi med oppmoding til bøndene:
GJER EIN INNSATS FOR Å FÅ AVLØYSARANE DYKKAR PÅ KURS!
Spør også andre ungdomar de kjenner til om ikkje dette er noko for dei.
Påmeldingsfrist: 12 mai.
Ring og spør om de lurar på noko.

Helsing
Rindal Avløysarlag