- Kjempedag
Utsagnet kom ikkje frå ein lokal helt, men frå ein av dei vaksne som følgde dei unge Freidigalpinistane frå Trondheim til Sæterlia denne laurdagen. Surnadal IL Alpint arrangerte kretsrenn i slalåm og storslalåm, det såkalla Sæterliarennet.
Øvst ser vi deltakarane i klasse jenter under 8 år (J U8) med premiane sine.
- Rennet vart perfekt gjennomført av ein dyktig arrangør, sa trondheimsmannen, ein frå Oppdal sa seg heilt enig. Dermed kan vi slå fast at Surnadal IL Alpint har ein solid arrangørstab som trygt kan ta på seg nye oppdrag.
Bakken var gjestane også svært fornøgd med, perfekt preparert og variert og utfordrande, og ikkje minst er dei fornøgd med lengda. Vinterferiegjestar har også kome med liknande utsegner.
Lørdagens konkurranse hadde mange lokale deltakarar i tillegg til unge frå Molde, Oppdal og Trondheim. Med over 70 deltakarar, og både slalåm og storslalåm var dette eit tidkrevande arrangement, men arrangøren heldt tidsskjemaet med god margin.
Birgitte Øie Nordvik og Alexandra Drøpping er berre 5 og 6 år gamle og var dei første utfor i storslalåm.
Jaran Sveen Finnvik lika seg godt i bakken og var godt fornøgd med resultatet.
Ein blid oppdaling, Aksel Håvimb Sperstad, var også blid etter målgang i Sæterlia.
Aksel Kalstø Grimsmo var på heimebane.
Veret varierte, men temperaturen var fin vintertemperatur. Det førte til god stemning i bakken utover dagen, men publikum var nok mest familie til deltakarane. Heisen gjekk heile tida, så mange oppheldt seg i dei delene av bakken som ikkje var avsett til konkurransen. Av bilda nedafor vil du sjå at vi fekk ei lita, lett snøskure også.
Nedafor får du først bilde av vinnarane i dei ulike klassane, og heilt nedst kan du sjå stilstudiar frå storslalåmdelen!
Gutar under 8 år (G U8) på pallen
Nedafor følgjer dei andre klassane i Storslalåm og Slalåm på pallen med fine premiar som dei må rydde plass til når dei kjem heim.
Last ned resultatlister: