oddvar mikkelsen

Opprettar beredskapsgruppe for landbruket:

– Kritisk hvis mange bønder får korona samtidig

Etter initiativ fra varaordførar Hugo Pedersen vart det før helga nedsett ei beredskapsgruppe landbruk i Surnadal. Oddvar Mikkelsen er kontaktperson opp mot Surnadal kommune, og oppmodar no alle med tid og interesse til å melde seg som potensielle avløysarar.

Den nye gruppa skal bestå av leiarane i bondelag og småbrukarlag og i saueavlslag, mjølkeprodusentlag, skogeigarlag og liknande. I tillegg er både varaordførar og jordbrukssjef med, og det same er avløysarlaget og Indre Nordmøre Landbrukstenester.

– Utgangspunktet for gruppa var varaordførar Hugo Pedersen, som meinte det burde vere ei eiga beredskapsgruppe for landbruk. Landbruk er omhandla i vesentleg grad i beredskapsplanen til Surnadal kommune, men denne gruppa vil forhåpentlegvis sette ting litt i system og gje ein klar tenesteveg.

Det seier Oddvar Mikkelsen, som er klar på at det kan oppstå dramatiske situasjonar innan landbruket, som følgje av koronaviruset.

– I verste fall risikerer vi at mange bønder blir sengeliggande med koronavirus på same tid, og alt etter når det er, kan det vere dramatisk.

– Som eit døme: hvis mange sauebønder får koronaviruset samtidig under lamminga, er det kritisk.  


Kan få for få avløysarar

På landsbasis skapar det, ifølgje Mikkelsen, størst problem at vietnamesiske og øst-europeiske sesongarbeidarar, som mellom anna jobbar med bærplukking, ikkje får innreise til landet.

– Det har vi ikkje så mykje av på våre kantar, men all produksjon i landbruket kan verte ramma dersom mange bønder vert smitta av korona, seier han.

Mikkelsen oppmodar alle som har ledig tid, til å melde seg som avløysarar:

– Meld dykk til Indre Nordmøre Landbrukstenester, slik at dei har ei namneliste å gå etter, dersom mange gardbrukarar treng hjelp på kort tid. Dei har allereie ein del namn, men vi kan komme i ein situasjon der det er for få.

Det å miste permitteringsgodtgjering fordi ein jobbar som avløysar medan ein er permittert, er ifølgje Mikkelsen ikkje noko ein treng å frykte.

– Den siste meldinga frå bondelaget er at forståinga deira er at ein kan tene 100 000 kroner utanom, utan å miste permitteringsgodtgjeringa si. Viss det stemmer, treng ikkje folk vere redde for det, seier han, og legg til:

– Det vert fort langsamt å sitte heime heile våren og sommaren, så i staden for å gå i kø på Nordmarka kan ein melde seg som avløysar og hjelpe bønder som treng det.

Han understrekar at ein ikkje kan garantere at det blir jobb på alle som melder seg.

– Det kan jo hende at alle bøndene held seg friske, så vi kan ikkje love ut at det blir oppdrag på alle. Men vi oppmodar likevel alle som er disponible til å melde seg.


Vil hjelpe storsamfunnet

Den nye beredskapsgruppa skal, med sitt breie kontaktnett, hjelpe begge vegar: både dersom nokon i landbruket treng hjelp, og dersom samfunnet elles kan trenge hjelp frå landbruket.

– Landbruket sit med kompetanse og maskineri som kan vere nyttig for storsamfunnet i ein del samanhengar, seier Mikkelsen, og nemner døme:

– Det kan vere alt frå at entreprenørar med sjukmelding eller koronakarantene treng at noko blir ordna opp i ganske fort, til brannslukking med møkkavogner. Mange bønder har eiga gravemaskin og maskinførarbevis, i tillegg til traktorar og liknande.

Mikkelsen, som skal fungere som eit bindeledd mellom bereskapsgruppa og kommunen, trekkjer fram storflaumen i fjor haust som eit døme på korleis bøndene hjelper kvarandre.

– Vi såg under flaumen i fjor kor mange som bidrog, og det er den ånda vi no vil følgje opp med no, om enn i ein litt annan samanheng – og kanskje til og med på varig basis, seier han, og fortsett:

– Oppmodinga til bøndene er at vi brukar dei mange foreiningane vi allereie har, til å signalisere når vi treng hjelp, og når vi har kapasitet til å hjelpe.

Rett «tenesteveg» for dei som har behov for hjelp eller kapasitet til å hjelpe, vil dermed vere å kontakte si lokale foreining og leiarane der.

– Ja, så kontaktar dei meg og eg Surnadal kommune. Vi håpar at det ikkje blir bruk for denne beredskapen og dette systemet, men må førebu oss på at det kan skje, seier Mikkelsen.

Han håpar tiltaket og gruppa kan vere til inspirasjon for andre kommuner.

– Innan landbruket er det jo ein heil drøss enkeltmannsforetak, med mange lag og foreiningar, men utan ein formalisert tenesteveg. Det er det vi prøvar å få til no, seier han.

oddvar mikkelsen 2.JPG

(Arkivbilder: Oddvar Mikkelsen).