Ingressbilde Sørsia Krokvatnet-sak 2000

Storfamiliens ferieparadis:

– Krokvatnet er vår himmel på jord

Tre søsken, Ingebrigt Aasbø, Randi Aasbø Wanvik og Halvdan Aasbø, eig ei hytte saman på Krokvatnet på Nordmarka i Surnadal. Hytta er lett å legge merke til med sine koselege utbygg og anneks, og ofte kan ein høyre høg latter og sjå mykje aktivitet rundt hytta.

Ingressfoto: F.v.: Sondre Aasbø Nilsen, Henriette Aasbø Nilsen, Amalie Aasbø Nilsen, Edgar Aasbø Nilsen, Ingebrigt Aasbø, Henrik Aasbø Nilsen og Ann-Mari Aasbø.

– «Skarehytta» vart hytta kalla på folkemunne, etter bestefaren min, men namnet har alltid vore «Sørsia», fortel Ingebrigt.

Bestefar til dei tre søskena, Halfdan Skare, kjøpte hytta i 1957, han budde i Trondheim, men hadde ei dotter som hadde stifta familie på Surnadalsøra.

– Eg hugsar godt når far og bestefar var på visning på hytta, seier Ingebrigt.

– Dei kom seint heim og vi var spente på korleis det hadde gått.

Hytta vart kjøpt og Halfdan elska å vera på hytta, han var der både sommar og vinter. Han tok adresseavisbilen frå Trondheim tidleg om morgonen og hoppa av på Åmot, deretter gjekk han til Oppistua i Dalseggen og fekk seg morgonkaffe med Gudrun Bjørnstad.

– Dersom Gudrun var i fjøset laga han seg kaffe sjølv, ler Ingebrigt. 

– Dei hadde ein slik avtale. Etter kaffen gjekk turen vidare til fots til Krokvatnet og hytta.

– Bestefar var veldig glad i oss barnebarna og bygde eit anneks vi kunne overnatte i, annekset vart kalla «Drengloftet» og påbygget på annekset fekk namnet «Pikeværelset». Ein gamal fjæring delte han i to og laga utedo. Vi hadde det utrolig koseleg med bestefar og mormor på hytta. Det var ikkje alltid like greitt å få til eit besøk, spesielt om vinteren, men bestefar hadde råd, han fekk tak i ein liten reklamefigur av ein liten gut, denne snakka han til på hytta når saknet etter barnebarna vart for stort.

Sørsia-sak 1.jpg
Hytta "Sørsia" ved Krokvatnet (Foto: Privat).
 

Etter kvart vart hytta ført over til dei tre søskena som eig ho i dag. Tilsaman er det 36 etterkommarar etter foreldra deira, Lucie og John Marius Aasbø, dersom ein tel med både barn, barnebarn og svigerbarn, og alle har lyst til å vera på hytta. Korleis får ein plass til alle, kan ein lure på.

– Jau, da, her kjem det an på innstillinga, seier dotter til Ingebrigt, Henriette Aasbø Nilsen, som bur på Hamar. 

– I natt sov barnebarnet til Halvdan, Johan, i hengekøye. Vi har med oss telt om det knip, og så løyser det seg på eit vis. Hadde ein fare heimafrå med tanken om at det hadde vorte trongt, da hadde det vorte trongt. Vi har ei heilt anna innstilling. Vi fokuserer på kor heldig vi er som har ein plass der vi får møte slekningar og at ungane våre som faktisk er tremenningar også blir kjent. Ofte sitt vi ti slekningar på trappa om kveldane, strikkar, drikk vin og skravlar.

Dottera til Henriette, Amalie, er tolv år og har også eit spesielt forhold til «Sørsia» og Krokvatnet.

– Det er mykje meir å finne på her enn heime, seier ho. På hytta har dei to kajakar, fire båtar, kano, SUP (ståande padlebrett) og wakeboard.

– Det er alltid noko som skjer på hytta, vi spelar spel eller så finn vi på noko å gjere ute. Det beste er at eg kan bade når eg vil, seier Amalie.

Kvar sommar arrangerer dei «Krokvatnet games», det blir konkurrert i alt frå svømming til steintårnbygging. Konkurransen er mellom dei tre familiane, og små og store deltek. Vinnaren får ein vandrepokal som familien får behalde til neste sommar.

To av barnebarna til Randi, Harald og Magnus, held på med paragliding.

– Dei går på Langora og hiv seg utfor. Da står vi på hyttetaket og følgjer med, seier Ingebrigt. Dei landar på isen om vinteren og om sommaren landar dei på flystripa hans Ivar Fiske.

Sørsia Krokvatnet-sak familiebilde 690.jpg
F.v.: Ann-Mari Aasbø, Ingebrigt Aasbø, Edgar Aasbø Nilsen, Henriette Aasbø Nilsen, Amalie Aasbø Nilsen, Sondre Aasbø Nilsen og Henrik Aasbø Nilsen.


Ingebrigt og kona Ann-Mari, som bur på Fornebu, er her mange veker om sommaren, barn og barnebarn kjem og fer som dei vil.

– Eg står for det meste opp klokka seks, seier Ingebrigt.

– Eg kokar kaffe og egg, så tek eg meg ein joggetur. Resten av dagen er går ofte til turar i nærområdet, Kufjellet og Skåkleiva, og fiske i fjellvatna, i går var vi på Stuttjønna og fiska, men det vart ikkje fisk, men turen var fin, det er nydeleg utsikt over Trollheimen der, fortel Ingebrigt.

– Vi har hytte på Austlandet også, seier Ann-Mari,

– Der er det 35 mil med oppkøyrde skispor, men det er til Krokvatnet vi fer i påska, likevel. Om vinteren pilkar vi, barnebarnet Sondre borrar opp til ti hol og er ein ivrig fiskar. Før i tida sette vi garn i Krokvatnet på sommaren og fekk ein gong ein aure på 4, 5 kg, men så vart garnsetting forbode. Fiske gjer dei likevel, og her om dagen fekk Sondre ein stor aure på kroken.

Stemninga rundt middagsbordet på hytta er god når Trollheimsporten er på besøk. Latteren sitt laust og dei har friske kommentarar til kvarandre.

– Ja, her får ein høyre det, ler Ingebrigt. Vi har det høgt under taket. Eg kunne skrive ei bok om alle opplevingane eg har hatt her på hytta. Dette er verkeleg vår himmel på jord.

Sørsia-sak 2 ps.jpg
Seela Wanvik praktiserer Yoga på Krokvatnet (Foto: Privat).

Sørsia-sak 3 ps.jpg
Jonathan Wanvik, Leo Wanvik, Tobias Aasbø, Johan Aasbø og Henrik Aasbø Nilsen. (Foto: Privat)

Sørsia-sak 4 ps.jpg
Ingebrigt Aasbø og Henrik Aasbø Nilsen (Foto: Privat).

Sørsia-sak 5.jpg
Sondre Aasbø Nilsen (Foto: Privat).