– Må vise motstand før konsesjon er gitt

Fjellområda nord for Rindal, i Bæverdalen og i nye Heim kommune er aktuelle for vindkraftutbygging. No får dei motvind frå ei lokal partipolitisk uavhengig aksjonsgruppe med tilknyting til den nasjonale aksjonsgruppa Motvind.

Irene Sæterbø, Magne Løfaldli og  Silje Beate Holten b.JPG
Det er Iren Sæterbø (t.v.) og Silje Beate Holten frå Surnadal, og Magne Løfaldli frå Rindal som står bak aksjonen.

8. oktober 1979 hadde Altaaksjonen sin svelteaksjon framfor Stortinget.

8. oktober 2019, 40 år seinare, blir det vardetenning ved Brattset i Bæverdalen og på Furuhaugfjellet ovafor Røen i Rindal. Vardebrenning er eit sterkt, historisk faresignal.

Høringsfristen for vindkraftutbygging i desse områda og andre område i Norge var 1. oktober. Høringssvara viser massiv motstand. Av 60 kommunale høringssvar var berre 3 positive. Totalt kom det inn 4000 høringssvar.

Fylkesmannen i Trøndelag har rådd frå denne vindkraftutbygginga.

Det er kjent og godt dokumentert at vengene til vindmøllene tek livet av mykje fugl og flaggermus. Det vart nettopp meldt at det på Smøla er registrert 100 drepte havørnar sidan vindmøllene vart reist der. Is, som dei roterande vengene slenger frå seg, vil utgjere stor fare for folk og dyr som ferdast i nærleiken.

Utbyggingane vil komme i områder der Fjordruta til Kristiansund og Nordmøre Turistforening går.

Det er vidare eit tankekors at 15 av 18 planlagte norske vindkraftanlegg har utanlandske eigarar.

Aksjonsgruppa er opptatt av at ein må vise motstand no, før konsesjon er gitt.

Aksjonsgruppa ønsker å bevare friluftsområda våre for desse store vindmøllene og den vegutbygginga det fører med seg. Produksjonen av anlegga er heller ikkje særleg miljøvennleg. Med ei brukstid på desse møllene ned mot 20 år og lite gjenvinnbar som dei er, så er ikkje dette bærekraftig.

Magne Løfaldli peika på at ei opprusting av vasskraftverka som alt er utbygd, kan gje stor kraftgevinst. Produksjonen kan aukast med 15 – 20 %, 20 – 30 Twh med oppgradering.

Skattereglane gjer at dette ikkje er positivt for kraftutbyggarane. Medan skatt på overskott er 22 % for ny vindkraft, blir skatt på overskott hos oppgraderte vasskraftverk 60 %.

Tirsdag 8. oktober kl. 19.00 tenner ein vardane ved Brattset i Bæverdalen og Furuhaugen ovafor Røen i Rindal, der det er skogsveg opp lia og eit kvarters fottur til vardeplassen.

– Møt opp ved Røen kl.18.00, seier Magne Løfaldli.

– Dette vardebålet blir godt synleg frå bygda. Kanskje blir det lokale vardebål også?

– Møt opp, - ta gjerne med pølse, kaffe og godt humør, seier Magne Løfaldli.

VindmøllerTysklandFotoOleT_690x920.jpeg
Vindmøller ved ein Bundesweg i Tyskland (Foto: OleT)