- Misjon er å vere medmenneske
Liv Anne og Asbjørn Innerdal frå Ålvundeid delte temaet «Misjon og møte mellom kulturar» med forsamlinga som var på husmøte i Løsetlånna på Rindal Skimuseum mandag kveld.
Det er ein over 20 års tradisjon at det er husmøte på muséet under Kulturvøkku i Rindal. Mandag var husmøtet i Bjønnåsstøggu, og med temaet «Misjon og møte mellom kulturar» tok Liv Anne og Asbjørn Innerdal oss med på sitt møte med misjonen på Madagaskar.
Ekteparet Innerdal hadde vore på ei reise der i samband med 150-årsjubiléet for norsk misjon på Madagaskar. Dei kjente til at rindalingen Martinus Vik reiste til Madagaskar som misjonær i 1915. Medan Innerdal tok fly via Istanbul og 12-13 timar vidare til Madagaskar, brukte dei første misjonærane mesta eit halvt år på turen.
Begge reisene førte til møte med ein annan kultur, men skilnaden var nok større for dei som reiste sist.
Madagaskar har i dag 25 millionar menneske på 1,5 gonger så stort areal som Norge. Naturen er spesiell og landet satsar stort på turisme. Madagaskar er jo kalla «Solskinnsøya»! På den andre sida er landet prega av enorm fattigdom, underernæring - ikkje svolt, stor folkeauke, pest, vanstyre og korrupsjon.
Kartet over Madagaskar frå 1890, som tippoldefar til Asbjørn Innerdal hadde. På Ålvundeid var det misjonsforeining alt i 1860.
Etter 150 år med norsk misjon på Madagaskar feira dei jubiléumsfest i Betafo med 30 000 menneske på ei gudsteneste som varte heile dagen.
Ingen av verdsreligionane har hatt fotfeste på Madagaskar. Landet hadde sine eigne religiøse tradisjonar som var sterkt prega av fedredyrking.
- Vi går med ryggen inn i framtida, var det ein som sa.
Storfamilien står i sentrum, noko som også kan vere grunnlag for utstrakt korrupsjon.
Religion er svært viktig i kvardagen. Dei kunne ikkje plante risen i beine rekker, for da ville det bli for lett for fedreåndene å finne fram.
I dag er det 4 millionar kristne og 8000 menigheter på Madagaskar. Kirka styrer seg sjølv, og det er berre 5 norske misjonærar der no.
Som i alle andre land Norge har drive misjon, så er det ikkje berre forkynning som er drive. Språkarbeid vart viktig. Bibelomsetjing og faktisk skaping av skriftspråk var oppgåver misjonærar tok seg av. Helsearbeid og skole er sentrale oppgåver, men også skaping av arbeidsplassar, særleg for kvinner.
Innerdal fortalte om ei dame som hadde fått hjelp til å starte broderiforretning. Denne forretninga leverer 12 000 dåpsklutar med broderte motiv på i året til norske kyrkjelydar, og Rindal har vore ein av dei.
Det er mest kvinner som broderer der også, men her viser Innerdal eit bilde av ein gut som broderer hardangersaum, utan å ha peiling på kvar Hardanger er!
80 % av folket på Madagaskar bur på landsbygda og er knytta til jordbruk. Dei dyrkar mais, ris og poteter(!). Norsk misjon stifta Tombontsoa jordbruksskole med meldalingen Ola Foss som primus motor og Tomb jordbruksskole i Østfold som «fadder» på 60-talet. Skolen har i dag frå 1 til 3 års utdanningstilbod, pluss bachelortilbod. Styret på Madagaskar satsar på jordbruket.
Tombontsoa har moderne drift for å tene pengar, 100 kyr, 40 purker og 1000 mål jord. Men dei har modellbruk for gassiske forhold, for bruk med okse- og muskelkraft.
Det vart importert NRF-kyr frå Norge. Dei vart kryssa med gassiske sebu-kyr. Mjølkeproduksjonen vart mangedobla. No sel skolen mjølk til hovudstaden.
Allehelgensdag deltok Liv Anne og Asbjørn Innerdal på gudsteneste som starta kl. 9.00 og varte i 4 timar. Dei tok lønsj undervegs. Gudstenesta inneheld mesta ein halvtime med kunngjeringar, som eit slags menighetsblad, auksjon og fleire ofringar til ulike formål. Dei såg ei jente som vifta med ein 100-ariarysetel, verd 26 øre.
Og det var song – fleirstemt song, mykje song! Misjonærane omsette sjølvsagt norske salmar til gassisk, men gassarane har også sin eigen songtradisjon som misjonærane tok i bruk.
Under Olavsfesten i Trondheim i år kjem det gassiske kristne militærkoret Lova og held konsert i lag med Skruk i Vår Frue kirke 30. juli. Les om det her!
Dette og mykje meir fekk vi høre om Madagaskar denne kvelden!
Kantor Johanne Bjørkhag leda allsongen og delte ein fin salme med oss.
Gassiske julekrybber har sjølsagt sebu-ku med kul på ryggen!
Etter foredraget var det sjølvsagt mat, kaffe og samtale, som på alle husmøter!