1[1]

Salmesong i sommarkveld

– Mokyrkja er som ein gamal ven

For femte år på rad arrangerte Mo sokneråd, i samarbeid med prest Vidar W. Rygh og organist Oddveig Helset Halle, "Salmesong i sommarkveld" i Mo kyrkje. Det vart ein fin sommarkveld med allsong, vakker musikk og tekst til ettertanke. 

Bildet over: Knut Arne Fiske Pedersen og Oddveig Helset Halle

2.jpg

Vidar leia kvelden og fortalte gode historier om salmane vi song og om dei som har komponert og skrive dei.

3.jpg

Tove Mogstad fortalte om kvifor ho bryr seg om Mokyrkja. Ho delte minner og fortalte om korleis dei som kjem og besøkjer den lille kyrkja blir begeistra.

– Det er slike songkveldar, fargene, ord, tonar og det at kyrkja er der slik ho alltid har vore som betyr noko, sa Tove. 

– Mokyrkja er som ein gamal ven.

4.jpg

Sverre Hatle har vore med oss i ord og tonar i alle år og berørte forsamlinga når han satte fram markblomster og song kona Randi si vakre vise «Sommarstill elv».

Hedda Moen Gjerstad, Eiri Lysø og Knut Arne Fiske Pedersen har vorte faste bidragsytarar på songkveldane i Mo kyrkje. Vi er heldige som får følgje desse unge talenta og høyre korleis dei utviklar seg frå år til år. Tenk at vi har så mange flinke musikarar i Mosoknet.

Du finn opptak av songkvelden på facebooksida «Kirken i Rindal og Surnadal».

5.jpg
Hedda Moen Gjerstad

6.jpg
Eiri Lysø