mons otnes_350x291

- Nei til svekka ambulanseteneste!

Ordførar Mons Otnes i Surnadal har sendt ein uttale til styret for Helse Midt-Norge før styremøtet i morgon. Der viser han til legevaktsamarbeidet som nettopp er inngått med Orkdalsregionen med ei god ambulanseteneste som eit av argumenta. Han rår sterkt ifrå å sende ut til høyring eit forslag om svekking av ambulansetenesta. Du kan lese heile brevet her!

På Kiwi og Domus i Surnadal vart det tirsdag lagt ut underskriftlister som skal sendast til Helse Midt-Norge. Facebook-sida ”Vi som vil beholde den nåværende ambulanseordningen” har på kort tid fått nesten 1700 sympatisørar frå Nordmøre og Trøndelag, og talet aukar nærast frå minutt til minutt. 

I går hadde Trollheimsporten dette oppslaget!