showkamp fellesbilde

– No er det verdensklasse her, altså!

God stemning i idrettshallen då innebandygruppa i Surnadal IL utfordra handballgruppa til showkampar søndag. 

– Eg var ganske langt utanfor komfortsona, men det har ikkje så mykje å seie. Det var kjempeartig, seier Knut Bergli frå Surnadal IL Innebandy etter søndagens showkampar mot handballgruppa i same idrettslag.

I løpet av eit par innhaldsrike timar i Surnadal idrettshall vart det spelt to kampar - først i handball, deretter i innebandy. Og sjølv om det raskt vart klart at begge laga trivdest best i sine eigen idrett, sørgja topp innsats og godt humør for at det vart ein triveleg seanse for eit talrikt publikum på tribuna.

Til slutt var det handballgruppa som trakk det lengste strået, 24-14, etter at dei tok med seg ein 21-9-seier frå handballkampen. 
 

Starta med handball

I begge kampane vart det spelt to omgangar på 15 minutt kvar, og første idrett på programmet var handball.

Handballgruppa stilte med målvakt Stig Hermann Rodal, Tarjei Fugelsøy, Stian Kooyman, Ole Joar Bruset, Reidar Rudolfsen, Mikkel Bæverfjord, Lars Bæverfjord og Petter Mathisen Giæver.  

Innebandy stilte med Knut Bergli i mål i handballkampen, og han fekk selskap av utespelarane Henrik Blekken, Trond Ellevset Blekken, Kjetil Rønning, Felix Hoem, Per Iver Skrøvset, Janis Balandins, Ingrid Bergheim, Joakim Andersen og Øyvind Knudsen. I tillegg kom Gry Norshusstuen, som fungerte som handballtrenar for innebandygruppa, inn og spelte det siste minuttet av kampen. Espen Wilhelmsen stod i mål når idrett vart skifta frå handball til innebandy. 

Av desse hadde berre Norshusstuen og Bergheim spelt handball før, og sjølv om fysikken og koordinasjonen stort sett var bra, hadde laget naturleg nok ein del å gå på med tanke på taktikk. 
 

– Dei kjem så nære

Før minuttet av handballkampen var gått fekk handball-målvakt Stig Hermann Rodal æra av å lobbe inn 1-0 på straffekast, og laget scora seks gonger til før Henrik Blekken sette inn innebandygruppa sitt første mål - til stor applaus frå dei frammøtte.

Keeper Bergli hos innebandygjengen meldte tidleg at det neppe var nokon fordel å vere redd for ballen når ein står i mål i handball.

– Dei kjem så frykteleg nære og, men eg var borti det siste skotet deira, så det kjem seg, fortalte han optimistisk, medan ballen var i spel på andre sida.

Reint sportsleg kom nok det største høgdepunktet i handballkampen minuttet før slutt i første omgang, då Petter Mathisen Giæver scora på ein nydeleg flygar. Giæver var, som venta, ein av dei dominerande spelarane både i handball- og innebandykampen.

showkamp per iver skrøvset.JPG
Per Iver Skrøvset frå Surnadal IL Innebandy fyrar av.
 

Imponerte etter pause

Ved pause stod det 12-1 til handball, utan at innebandykarane tok skrekken av det.

– Kom igjen, karar, vi snur dette i andre omgang, meldte Henrik Blekken, medan fleire av spelarane peika på klisteret på ballen som ei stor utfordring.

– Vi varma opp med ein ball utan klister, nemleg, sa Kjetil Rønning med eit smil, vel vitande om at klistereret nok ikkje kunne ta riktig heile skulda for at handballgruppa gjekk til pause med ei 11-målsleiing.

Rønning starta likevel andre omgang med å kontre inn 12-2, og etter pause vart kampen langt jamnare. Handballmålvakt Rodal lobba inn eit nytt straffekast over kollega Bergli, som seinare fekk revansje då han redda Rodal sitt tredje forsøk frå sjumeteren.

– No er det verdensklasse her, altså, meldte ein tydeleg fornøgd Bergli etter strafferedninga.

Fleire vakre mål følgde, både Trond Ellevset Blekken frå venstrekanten og eit trick-skot signert Stian Kooyman, medan Mikkel Bæverfjord gong på gong straffa innebandy-gruppa frå distanse.

Faktisk følgde laga kvarandre tett i målprotokollen i andre omgang av handballkampen, og etter dei ti første minutta etter pause sette Kjetil Rønning inn 8-17, noko som ga innebandygjengen 7-6-leiing i andre omgang. Handballgruppa kom tilbake, og 20 sekund før full tid fastsette Mikkel Bæverfjord sluttresultatet i handballkampen til 21-9, og sikra med det og at handball vann andreomgangen 9-8.

– Eg hadde håpa å score i handballdelen, men den draumen får leve vidare til ein annan gong, seier målvakt Bergli hos Surnadal IL Innebandy.

showkamp stig hermann rodal knut bergli.jpg
Stig Hermann Rodal lobba inn to straffar på Knut Bergli, før Bergli redda den tredje.
 

Jamn innebandykamp

Etter ein kort pause vart det spelt innebandykamp, der innebandygruppa var meir enn klare for revansje. I og med at innebandy er ein mindre målrik sport enn handball skulle det nok godt gjerast å ta att dei 12 måla dei låg under med etter første del, og denne gongen var det handballkarane som viste at dei kan levere varene og utanfor komfortsona.

For med oppofrande forsvarsspel, stor løpskraft og ein drivande god Petter Mathisen Giæver skapa handball stortrøbbel for innebandy, og etter første omgang stod det mållaust. Innebandyerfaringa var det så som så med.

– Innebandyerfaring har eg ikkje i det heile tatt, ler Mikkel Bæverfjord, og får støtte frå lagkamerat Tarjei Fugelsøy:

– Sist eg spelte innebandy må ha vore på ungdomsskulen, trur eg.

Tre minutt ut i andre omgang gav Lars Bæverfjord like godt handballkarane leiinga 1-0, før Janis Balandins utlikna fem minutt seinare. Mathisen Giæver tok så saka i eigne hender og sette inn 2-1 til handball, men Balandins utlikna nok ein gong.

innebandy2.JPG
Godt forsvarsspel og farlege kontringar gjorde at handballgruppa skapte trøbbel for innebandylaget.

Avgjorde på slutten

Snaue fem minutt før full tid var det Knut Bergli, no utespelar i innebandy, sin tur til å overliste Stig Hermann Rodal. 3-2 til innebandy, før Mathisen Giæver scora nok ein gong.

Det såg dermed ut som om det skulle ende med den julevenlege stillinga 24-12, men to scoringar av innebandygruppa i løpet av det siste halvminuttet sørgja for 24-14. Dermed vann innebandygjengen 5-3 i sin eigen idrett, men Stig Hermann Rodal var godt fornøgd med laget sitt i ein uvand idrett.

– Innebandykampen gjorde direkte vondt, men vi går alltid inn for å gjere det beste vi kan, og er fornøgde med seier.

Det er mange gode tradisjonar knytta til jula, og med så mykje idrettsglede og så god stemning som det var i Surnadal idrettshall søndag er det lov å håpe på at dette blir ein ny ein.

 

Surnadal Idrettslag er medlem av Trollheimsporten.

 

innebandy petter giæver
Petter Mathisen Giæver
handball kjetil rønning
Kjetil Rønning scorar
handball mikkel bæverfjord
Mikkel Bæverfjord herja i handballkampen
innebandy kjetil rønning
Kjetil Rønning (blå) og Stian Kooyman