Jenny Klinge selfie 2

– Rein og skjær galskap å radere ut norsk matproduksjon

– No er vi midt inne i ei helsekrise som raskt utviklar seg til ei stor økonomisk krise. Vi veit ikkje om vi klarer å unngå ei matkrise, sjølv om det førebels heldigvis ser lyst ut. God matberedskap vil vera heilt avgjerande for å halde liv i oss i ulike krisesituasjonar, seier Jenny Klinge.

Jenny Klinge er stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal. Dei to siste vekene har ho hatt heimekontor i Surnadal. På grunn av koronakrisa har Stortinget redusert antal politikarar som er til stades i salen til kvar tid, og politikarane vil bytte på å vere på Stortinget framover. Klinge skal tilbake til Oslo og stortingssalen etter påske.


Gjer ikkje forskjell på flyutslepp og ku-fis

Jenny Klinge fortel at regjeringa har bestilt ein rapport som skal vere fagleg grunnlag for klimapolitikken i åra fram til 2030. Rapporten, "Klimakur 2030", vart lagt fram no i vinter.

– Det som er så trist med dette er at rapporten ikkje ser forskjell på flyutslepp og fisen frå ei ku, seier Klinge.

Ho er svært opptatt av matberedskap og lokal matproduksjon. Grunnen til at dette er viktig i Surnadal og Rindal, som i mange andre jordbruksbygder i landet, er at det landbruket vi har her hovudsakleg er gras- og husdyrproduksjon. Dersom bøndene her skal legge om produksjonen til bønner, grønnsaker, frukt og korn, så vil mange av gardsbruka bli lagt ned, meiner ho. Og tilgangen på mat enda meir usikker no enn før.

– Eg var svært oppteken av nasjonal matproduksjon i eit beredskapsperspektiv, også før koronakrisa. Eg og Senterpartiet er opptekne av at dei gardsbruka vi har i Noreg skal produsere mest mogleg i år, for det kan hende at vi treng det, seier Klinge.


Landbruket er eit viktig verkemiddel

Førebels ligg det an til at folk i Noreg skal ha god nok tilgang på mat resten av året og neste år. Men tiltak for å førebyggje at det oppstår ei matkrise no er likevel svært aktuelle, meiner Klinge.

– Det er nettopp fordi vi ikkje har oversikt over situasjonen, verken på kort sikt eller utover dei næraste vekene og månadene. Dersom krisa forverrar seg og transportlinene til sjøs og elles blir forstyrra, kan det potensielt bli vanskeleg å få tak i den maten vi i dag importerer utan problem.

Ho ønskjer ikkje å overdramatisere, men ho meier det er viktig å vere realitetsorientert, for dermed å kunne gjera viktige politiske grep i tide. 

– For matproduksjonen og landbruket i Møre og Romsdal vil det vera viktig at regjeringa no ser at også landbruket er eit viktig verkemiddel for at krisa skal handterast best mogleg.


– Rein og skjer galskap!

I Klimakur-rapporten står det følgjande:
«Scenarioet som er valgt lagt til grunn for tiltaket innebærer redusert produksjon av melkekyr, ammekyr og sau/lam med nesten 15, 70 og 40 prosent i 2030 sammenlignet med 2018. Samtidig forutsetter tiltaket økt produksjon av potet, frukt/bær, grønnsaker (inkludert belgvekster) og matkorn (spesielt innen bygg og havre). I forutsetningene ligger også at norskandelen av forbruket øker, altså at forbruket endres fra importerte varer til norskproduserte varer. Dette gjelder for både kjøttvarer og vegetabilske varer og er med på å øke selvforsyningsgraden».

Dersom Klimakur 2030 skal gjennomførast må altså antalet husdyr reduserast fram mot 2030. Talet på mjølkekyr skal reduserast med 15%, ammekyr med 70% og sau på utmarksbeite med 40%. Senterpartiet har rekna ut at dette utgjer ein reduksjon på 238 mjølkekyr, 135 ammekyr og 3185 sauer i Surnadal,  og 214 mjøkekyr, 41 ammkyr og 1590 sauer i Rindal, fram mot 2030. Dei har bruka tal på husdyr frå Statistisk sentralbyrå i 2018 som grunnlag for berekningane.

Til saman 60 908 ammekyr, mjølkekyr og sauer må vekk i Møre og Romsdal dersom måla som er sett i rapporten skal bli nådd. Det er dramtiske tal, meiner Klinge.

– Det er rein og skjær galskap dersom norsk matproduksjon skal raderast ut for å oppnå klimamål! Følgjene for matproduksjon i framtida og matberedskap i krisetilfelle, samt omsynet til levande bygder, er jo ikkje teke med i reknestykket. Sjølvsagt kan ikkje rapen og fisen frå ei ku og utsleppa frå eit fly blir sett på som like ille! Og det at folk et den maten som norsk natur kan frambringe kan ikkje bli definert som ei klimasynd, seier ho.


Vi kan vera heilt sikre på at det kjem kriser seinare

– Eg nektar å finne meg i ein klimapolitikk som raserer landbruket i fylket vårt! For det er nettopp i fylke som Møre og Romsdal at den største nedgangen i talet på gardsbruk og den største attgroinga av matjord vil koma dersom desse klimakrava blir køyrte gjennom på kostnad av matproduksjonen og landbruket vårt. Koronakrisa kan hende går over utan matkrise, men vi kan vera heilt sikre på at det kjem kriser seinare der også matberedskapen blir sett under press.

Eit av klimatiltaka i rapporten er at mange av bøndene skal leggje om gardsdrifta frå grovfôr, altså frå gras og beite til husdyr, til produksjon av korn og grønsaker. Dette er umogleg mange stader. Det går også fram av rapporten «Klimakur 2030», der det står: «Mesteparten av det grovfôrbaserte husdyrholdet foregår i deler av landet der de klimatiske forholdene umuliggjør slik omlegging. I disse områdene vil det være sannsynlig at en betydelig andel av jordbruksdriften avvikles.»

– Ei viktig problemstilling er kor mykje import vi kjem til å måtte ha av mat i åra som kjem dersom vi skal slutte å produsere det mykje av den norske naturen er best eigna til å produsere. Og kor mykje skal vi tillate at matjord og beitemark skal gro att, med tanke på det behovet vi vil få i framtida for ein nasjonal matproduksjon og matvareberedskap, avsluttar Klinge.
 

Jenny Klinge selfie 1_450x582.jpg
Jenny Klinge har mykje heimekontor slik mange andre har for tida, og påpeikar at det fører til mange "bad hair-days" og mindre sminkebruk enn elles.
 

Begge foto er selfies.