marit granhus langli 690

– Risikerer at tilskotet blir inndrege

Kommunestyresaka om tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS/Surnadal Alpineiendom AS vart torsdag utsett, på grunn av usikkerheit rundt EØS-reglar.

Ei av dei sakene det var knytt størst spenning til på kommunestyremøtet i Surnadal torsdag, var saka om tiltak for styrking av økonomien i Surnadal Alpinsenter AS/Surnadal Alpineiendom AS. 

Diskusjonen rundt sjølve saka vart kort denne gongen. Bergsvein Brøske (SP) gjekk på talarstolen og uttrykte usikkerheit rundt om det er innanfor regelverket at tilskotet selskapet får via næringsfondet blir rekna som stønad til samfunnsnyttige formål i staden for driftsstønad. 

– Sæterlia er eit kjempeviktig anlegg med tanke på både bulyst og trivsel, men eg føler meg usikker på om vi kan bruke desse midlane slik det er foreslått, eller om det fell utanfor regelverket.

Brøske fekk støtte av Marit Granhus Langli (H), som la fram eit utsetjingsforslag. 

– Eg deler bekymringa til Bergsvein om saksframstillinga. Ikkje noko vondt om Sæterlia, tvert imot meiner eg dei bør få støtte. Men dersom vi ikkje tek hensyn til EØS-reglane i saksutgreiinga risikerer vi faktisk at tilskotet dei får blir inndrege, og det med tilbakeverkande kraft, slo Langli fast, og la til:

– I verste fall kan selskapet måtte betale tilbake tre år med tilskot. Eg vil ikkje at verken alpinsenteret eller kommunen skal miste pengar.

Utsetjingsforslaget, som slår fast at saka vert sendt tilbake til administrasjonen, og at det neste gong kjem til behandling i kommunestyret via formannskapet, vart samrøystes vedteke av kommunestyret.

Også saka "Godtgjersle til folkevalde i interkommunale selskap og andre styrer m.m.", der diskusjonen mellom anna gjeld godtgjerdsle i samband med SuSu, vart utsett. Marit Granhus Langli (H) sitt utsetjingsforslag vart vedteke mot Nils Håvar Øyås (SP) si stemme.