
...og Trollheimsporten overfører direkte!
- Skal yte maksimalt mot Molde
Fotballfeberen er høg i Surnadal, og det er venta storinnrykk til 1.rundekampen mellom heimelaget og gjestene torsdag klokka 18.00. Molde er i utgangspunktet klare favorittar, og forrige NM-møte mellom dei to laga - i 2006 -endte da også med 6-1-siger til romsdalingane.

- Kan yte motstand: Men trenar Ingebrigt Gjerstad (bildet) gler seg til møtet med Eliteserie-laget. Han ser slett ikkje bort frå at Surnadal kan yte motstand, ikkje minst med tanke på at Molde ikkje har imponert så langt i serien. Seinast måndag tapte romsdalslaget 1-4 mot Viking.
- Klarar vi å stå imot i 1.omgang og 20 minutt inn i 2.omgangen, kan MFK kanskje bli utålmodige og dermed gjere feil. Uansett skal vi prøve det beste vi kan. Spelarane får testa seg, og tek med seg denne kampen som den store opplevinga den er.
Viktig seriekamp etterpå: På same måte som gjestane i dag, har også Surnadal hatt ein smårufsete seriestart, med to uavgjort og to tap på dei fire første kampane.
- Difor er seriekampen mot Sunndal førstkomande laurdag strengt tatt viktigare enn Molde-kampen. Vi har mangla roa i seriekampane, medan vi i kvalifiseringsoppgjera i cupen har vore gode. Der har vi lukkast og har scora på sjansane vi ikkje har klart å utnytte i serien, seier Gjerstad til Trollheimsporten. Trenaren understrekar at det blir full innsats i cupkampen i dag.
- Faren er at det kan bli overtenning - meir tenning enn fornuft, for å seie det på den måten. Men spelarane skal våge å prøve, det skal vere lov å mislukkast. Det er klart spelarane kan bli nervøse i møtet med eit lag som Molde og med mykje folk på tribunen. Men klarar dei å fokusere på sjølve kampen, kan Surnadal yte Molde skikkeleg motstand. Ein sponsor har dessutan lova oss 10.000 kroner for kvar scoring, og det er pengar vi godt kan tenkje oss!
Trollheimsporten dekkjer kampen: Det er venta storinnrykk til Syltøran i ettermiddag. Dei som ikkje har høve til å vere til stades, treng likevel ikkje fortvile. Trollheimsporten er på plass for å følgje cupoppgjeret mellom Surnadal og Molde direkte, og skal rapportere fortløpande om det som skjer i løpet av kampen.
Vinn gåvekort: Trollheimsporten har også tippekonkurranse i samband med cupkampen. Tipp resultatet av oppgjeret, og vinn eit gåvekort frå AMFI Surnadal på 300 kroner! Delta i konkurransen her.
Surnadal sitt mannskap treng all muleg hjelp frå eit talrikt heimepublikum i morgon. SIL Fotball melder om at dei 150 første ungane som kjem i klubbdrakt, får ein fotball! Les meir om det på laget si heimeside.

.png)

