1500 fellesbilde skibonanza ingress

Skibonanza 2019:

- Starten på ein tradisjon

Næringsliv og frivilligheit i Surnadal gjekk laurdag saman om ein heidundrande kick-off for skisesongen. – Dette vil vi byggje vidare på, seier initiativtakar Tore Korsnes.

Skibonanza 2019 gjekk av stabelen i foajeen og Finstuå i Surnadal kulturhus laurdag, og publikum tente tydeleg på ideen om ein felles kick-off for vintersportsesongen.

Arrangementet var eit samarbeid mellom Sport1 Surnadal, InterSport Olaf Moen, Kårvatn Fjellutstyr, Trollheimen Aktiv, Surnadal Alpinsenter, Surnadal IL Langrenn og Surnadal IL Alpint og Freeski.

Dei mange besøkande fekk dermed ein kombinasjon av gode råd og gode tilbod på både nytt og brukt utstyr, og primus motor Korsnes var storfornøgd med korleis den første Skibonanzaen i Surnadal gjekk føre seg.

– Eg tykkjer dette gjekk veldig bra, for alle er fornøgde, både butikkane, idrettslagsgruppene og dei som har vore innom oss. Då har vi allereie komme langt, seier han.

Korsnes fortel at ideen om å samle vintersportskreftene i kommunen til denne typen kick-off, er fleire år gammal.

– Ja, eg og sambuaren min har diskutert dette i mange år, for kvifor skal ein sitte på kvar si tue når ein kan samarbeide? I år kom vi til at vi skulle ta eit skikkeleg tak og prøve dette opplegget, seier Korsnes.
 

Noko å byggje vidare på

Han håpar at denne første utgåva av Skibonanzaen er noko som kan byggjast vidare på.

– Eg både trur og håpar at dette er starten på ein tradisjon. I mine auger er Surnadal ei vintersportsbygd, og vi hevdar oss både i langrenn, alpint og freeski. No har vi fått samla dei ulike greinene og næringslivet til felles kick-off, med rekruttering i fokus, seier Korsnes, og legg til:

– Nettopp det med rekruttering er alltid ei utfordring, så kanskje kan dette samarbeidet vere noko vi kan byggje vidare på.

Initiativtakaren tykkjer det er stas at både dei aktuelle butikkane og idrettsgreinene stilte opp på Skibonanza 2019.

– Alle dei lokale sportsbutikkane er her, og i tillegg til langrenn, freeski og alpint, er og randoneeklubben, som ser ut til å starte opp igjen, på plass. Og det at alle er så fornøgde og butikkane fortel at salet har vore bra, viser at dette er noko å gå vidare med, seier han.
 

– Ein suksess

I tillegg til kjøp og sal av utstyr og Surnadal Alpinsenter-sesongkort, fekk publikum sjansen til å få råd frå- og utveksle erfaringar med erfarne skifolk.

Mange nytta mulegheita til å få råd om alt frå smurning til kva for ski ein bør velje, og publikum såg ut til å vere like fornøgde opplegget som arrangørane.

Frode Hågen Raaen og Steinar Aasbø frå Surnadal IL Langrenn er veldig positive til opplegget.

– Det har vore mykje folk innom for å få tips til smurning og kva for skisortar ein bør velje, og mange har vore nysgjerrige på rulleski. Mange som har vore innom har fått kjøpt seg gode konkurranseski til få hundrelappar, og i tillegg har butikkane som er på plass god omsetning. Så arrangementet er utvilsomt ein suksess, seier Aasbø.

Han fortel at langrennsgruppa i Surnadal IL i år sender rekordmange personar - 40 i talet - til Bruksvallarna i Sverige på treningssamling.

– Dette er absolutt starten på ein tradisjon. For vår del handlar det hovudsakeleg om å vise ansikt, og å vekke folk si interesse for Nordmarka, seier Aasbø, og får støtte frå Raaen:

– Ja, det gjeld å få folk ut på ski. Nordmarka er for alle.

Neste helg skal langrennsgruppa ha barmarkssamling, men Aasbø innrømmer:

– Barmarkssamling er fint det, for alle del, men no håpar vi sjølvsagt at snøen kjem snart.
 

Ingressfoto: Lars Inge Harang (Trollheimen Aktiv f.v.), Fredrik Thoresen Sletten (Kårvatn Fjellutstyr), Britt Brauten (Sport1 Surnadal), initiativtakar Tore Korsnes, Gry Norshusstuen (Sport1 Surnadal), Odd Rune Hoem (Surnadal Alpinsenter) og Anders Grimsmo (Surnadal IL Alpint).

690 steinar aasbø og frode hågen raaen.jpg
Steinar Aasbø (t.v.) og Frode Hågen Raaen frå Surnadal IL Langrenn var storfornøgde med Skibonanza 2019.

690 jo kvande hansen intersport.jpg
Jo Kvande Hansen og InterSport Olaf Moen var på plass i kulturhuset laurdag.