Tor Rune Halset og Øyunn Fugelsøy Aune 5 2000

Etablerer den nye butikkjeda The LOOX:

– Stort for oss å opne butikk i Surnadal

Den nye butikkjeda The LOOX har allereie opna 12 butikkar, frå Rørvik i nord til Farsund i sør. 17. september opnar dei ny butikk i Alti Surnadal. – Det er den vi gler oss aller mest til, seier Tor Rune Halset og Øyunn Fugelsøy Aune, som no er på jakt etter den rette personen til å drive butikken.

Ingressfoto: Tor Rune Halset (t.v.) og Øyunn Fugelsøy Aune i The LOOX er klare for å overta stafettpinnen etter Ringo i Alti Surnadal. 
 

17. september er det på dagen ni år sidan Tor Rune Halset opna Don & Bella i det som då heitte Amfi Surnadal, no Alti Surnadal. Det er altså slett ikkje tilfeldig at han same dato i år opnar ny butikk – denne gongen i The LOOX-kjeda, saman med Øyunn Fugelsøy Aune og Maria Rudi.

The LOOX, som skal tilby "alt innan skjønnheit og velvære", skal ligge godt plassert i det som vert enden av den nye hovudhandlegata i Alti-senteret, der Ringo har vore fram til no. Butikken vert ein del av ei storsatsing frå eigar og dagleg leiar Tor Rune Halset si side.

– Ja, det er ei offensiv satsing, smiler Halset, og held fram:

– Ein må fort rekne med investeringar på om lag ein million kroner per butikk, når ein inkluderer eigeninnsats og heile opplegget rundt.

For Halset sin del starta det heile då VITA gjekk konkurs, og 1. november i fjor kom nyheita om at han hadde inngått avtale om kjøp av 10 butikkar. Ein månad seinare vart namnet The LOOX offentleggjort, og 12. mars publiserte Trollheimsporten sak om at den første butikken var omprofilert med The LOOX-namn og skilt. 

No har Halset altså allereie opna 12 butikkar, i løpet av juli opnar to til og i september kjem butikken i Surnadal.

På spørsmål om han har planer om å halde fram investeringane gjennom kjøp av nye butikkar, fortel Halset at han stadig er i dialog med fleire partar det kan vere aktuelt å gjere forretningar med.

Samtidig er han klar på at koronapandemien gjer vidare utvidingar utfordrande på det noverande tidspunkt.

– Det er klart at det er tøffe tider med koronasituasjonen, så akkurat no er bremsene på. Det er snakk om store investeringar. Det er greitt med dei butikkane som er heilt nye, der vi kan ta inn dei varene vil ønskjer og starte med blanke ark, seier han, og fortsett:

– Der vi har teke over eksisterande butikkar er det både kostbare og utfordrande prosessar å fase ut til dømes helsekost, og seriar vi ikkje får eller vil halde fram med å selje.

– Ja, det å byggje opp ei heilt ny butikkjede er ikkje gjort på ein dag, seier Øyunn Fugelsøy Aune.

Ho er kategori- og marknadssjef i The LOOX, og fortel at ho aldri var i tvil då Halset ringte for å tilby henne jobb. Aune og Halset jobba saman på Thon Hotel Surnadal i to år, og no utgjer radarparet to tredjedelar av administrasjonen i The LOOX. Den tredje, Maria Rudi, held til i Oslo.

– Eg visste ikkje kva eg gjekk til då Tor Rune ringte, men sa likevel ja omtrent før han hadde spurt. Han er ein enorm ressurs, og veit vi utfyller kvarandre og jobbar godt saman, seier ho, medan Tor Rune Halset supplerer:

– Øyunn har kontroll på alt. Det er stor takhøgde oss imellom, og vi forstår korleis den andre tenker. Så når Øyunn seier «Halset!» og legg armane i kors, då veit eg at eg må høyre etter, smiler den boblande entusiastiske gründeren.

– Ja, eg må halde han litt på jorda innimellom, ler Aune.

690 Tor Rune Halset og Øyunn Fugelsøy Aune 3.jpg

690 Tor Rune Halset og Øyunn Fugelsøy Aune 2.jpg

690 Tor Rune Halset og Øyunn Fugelsøy Aune 4.jpg
Tydeleg god stemning mellom Tor Rune Halset (t.v.) og Øyunn Fugelsøy Aune, sjølv om Aune av og til må vere litt bestemt og halde Halset "på jorda". Dei to vart eit radarpar då dei jobba saman for Thon Hotel Surnadal, og no er dei i gang med satsinga på The LOOX.
 

Lyser ut stilling i Surnadal

The LOOX har både franchise-butikkar, der franchise-takaren står for varelager og drift av butikken, og butikkar der kjeda sjølv står for desse tinga. I butikkane av den sistnemnde typen, er det tilsette kommisjonærar som har ansvaret for den daglege drifta.

No lyser The LOOX ut stilling som nettopp kommisjonær for butikken i Alti Surnadal.

– Det er ei gylden mogelegheit for den rette personen. Vi vil ha ein kommisjonær med stå-på-vilje, ein kremmar. Det må ein vere for å gjere både seg sjølv og kundane fornøgde, seier Tor Rune Halset, og fortsett:

– Her får ein i grunn ei scene, klar til at ein får leve ut draumane sine. Eg har drive butikk her sjølv, så eg veit det er mogeleg, men ein må stå på og ha god kunnskap om det ein skal selje.

Mange har allereie vore i kontakt med Halset og Aune om både jobben og butikken, som opnar dørene om tre månader.

– Folk seier til oss at dei gler seg, og det gjer vi og. Det blir stort for oss å få ein butikk i Surnadal, seier Aune.

Ideen og samarbeidet som førte til at Halset tok sats, stammar og frå Surnadal. Ni av dei ti første butikkane han kjøpte i fjor haust, var del av ei portefølje Alti Forvaltning tok over frå Jotunfjell Partners.

– Det var Lars Ove og Lars Løseth som først spelte inn denne mogelegheita, seier Halset, som tente på ideen med ein gong.

– Og no når eg har satsa vel eg å sitere Lars: «Det kan no gå godt og», smiler han, og deler ut ros til Alti-sjef Lars Ove Løseth.

– Han har vore heilt fenomenal til å bry seg, og tek jamt kontakt for å høyre korleis det går med oss. Det er utruleg viktig å ha god dialog med samarbeidspartnarane sine, seier Halset.

Ni av The LOOX-butikkane ligg eller kjem til å ligge i Alti sine senter. I tillegg er tre butikkar i senter eigd av Olav Thon Gruppen, og The LOOX har og samarbeid med Scala Eiendom og Angvik Eiendom.
 

Godt motteke konsept

Halset og Aune fortel at dei slo saman to butikkar og laga ein større butikk i Alti Storkaia i Kristiansund.

– Då heile Noreg stoppa på grunn av koronaviruset i midten av mars, brukte vi tida til å slå saman to butikkar. Det var tøft, men rett å gjere, seier Halset, og viser til at den nye butikken no har større omsetning enn dei to gamle hadde til saman.

Då koronarestriksjonane vart innført, var Halset og Aune på «turné» for å ferdigstille butikkar og hjelpe dei i gang. Etter ein tur til Stathelle vart det 14 dagar i karantene heime i Surnadal, og dei innrømmer at pandemien har vore ei ekstra utfordring.

– Det har vore tøft, og vi har merka pandemien godt, både når det gjeld å få varer og det som trengs til butikkane frå utlandet, og ikkje minst at den norske krona er svak opp mot dollaren og euroen, seier Halset.

Han er full av lovord om The LOOX sine leverandørar:

– Sjølv om den svake krona har gjort at dei ikkje tør å kjøpe inn like store mengder som dei vanlegvis gjer, er vi heldige, som har eit sterkt lag av flinke leverandørar. Dei stiller opp for oss.

– Her hjelper det jo sjølvsagt at Tor Rune har samarbeidd med dei i sikkert 124 år allereie, smiler Aune.

Duoen ser lyst på den vidare utviklinga til The LOOX.

– Vi har med oss ein gjennomgåande positiv gjeng franchisetakarar, kommisjonærar og tilsette, som har kjøpt konseptet vårt frå første dag, seier Aune, og får støtte av Halset.

– Ja, det er ein fantastisk gjeng, og folk har vore utruleg positive til det vi har presentert for dei, seier han.

Sjølv om det er nytt for Halset å drive med «alle førebuingane bakom det å drive butikk», som han kallar det, har han tru på at The LOOX-konseptet skal lykkast.

– Det er mykje som skal på plass, av kommunikasjonsløysingar, data og programvare, banksamband og så vidare. Målet mitt og filosofien min er å spele dei andre så gode at eg ikkje treng å ligge og bekymre meg om kveldane, smiler han.

I august er det kick-off og strategisamling for The LOOX-gjengen, og 17. september kjem altså konseptet til Alti Surnadal.

Øyunn Fugelsøy Aune fortel at The LOOX bevisst har satsa på butikkar i distrikts-Noreg, eller i alle fall utanfor dei største byane.

– Difor håpar vi sjølvsagt at surnadalingane, og andre, held fram med å handle lokalt og dermed støtte opp om dei lokale butikkane sine, seier Halset.


The LOOX er medlem av Trollheimsporten.