Willy Karlstrøm TP-redaktør_350x242

- Trollheimsporten er ein felles møtestad på nettet

- Det er fantastisk å vere redaktør i Trollheimsporten! Flotte medredaktørar med stå-på-vilje gjer at vi i praksis har folk på vakt 24 timar i døgnet kvar dag. Det seier Willy Karlstrøm, som har vore dagleg leiar og hovudredaktør i tiårsjubilanten Trollheimsporten sidan 1.februar 2009, da han tok over etter Gunnar Bureid.

Willy var også med det aller første året i Trollheimsporten, da gjennom Driva, der han var tilsett som journalist. Willy har vore journalist i lokalaviser sidan 1982, mest i avisene Sør-Trøndelag og Driva. Han har også bakgrunn som redaktør i Søvesten og Opdalingen, før han returnerte til Rindal og Trollheimsporten med solid erfaring og gode lokalkunnskapar.

Willy legg ikkje skjul på at Trollheimsporten har gjennomgått omfattande endringar sidan starten for ti år sidan.

- Det har gått frå dugnad til AS, og omveltingane har vore store. Vi må drive ”butikk”, og det var ei av årsakene til at nedslagsfeltet vart utvida til også å omfatte Surnadal. Næringsgrunnlaget var ikkje stort nok i Rindal, seier Willy.

Trollheimsporten har sidan mars i år leigd ei 50 prosent webredaktørstilling hos Amfi Kreativ. Willy Karlstrøm fortel at utvidinga har ført til høgare medlemstal, fleire brukarar og eit enda større engasjement om portalen.

- Det er mykje betre at Rindal og Surnadal saman løftar noko som allerede fungerer bra, enn at partane skal knive om medlemmer og lesarar. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, og Trollheimsporten fungerer som ein felles møtestad på nettet.

Redaktøren konstaterer at Trollheimsporten har blitt meir kommersiell, og har fått både ny profil og nye sider.

- Alt ligg an til økonomisk overskot i år. Samtidig meiner eg vi har klart å ta vare på folkelegheita, og tilbakemeldingane tydar da også på at vi har lukkast med det. Vi har ivrige brukarar, og Trollheimsporten skal vere ein portal der det er låg terskel for å kome på trykk med bilder, lesarbrev og informasjon om smått og stort.

Ei av ”gåvene” til Porten-brukarane i jubileumsåret er auka satsing på presentasjon av gamle bilder.

- Gjensyn med historia er svært populært. Difor kjem Edgar Kattem med jamne mellomrom til å presentere bilder frå sitt rikhaldige arkiv. Eg kjem også til å ha mange arkivdykk, og det blir presentasjon av bilder frå ”gammel-Porten”. Rindalingane har gjennom mange år vore dyktige til å bidra, og vi oppfordrar også surnadalingane om å sende inn gamle bilder til e-postadressa redaktor@trollheimsporten.no.

- Det er også adressa å bruke for andre henvendingar til Trollheimsporten, og folk må gjerne kontakte meg på willy@trollheimsporten.no også. Sjølv om målet vårt er å dekkje så mykje som muleg av det som skjer i Rindal og Surnadal, er det umuleg å nå over alt for oss i redaktørgruppa. Vi håpar folk har forståing for at vi må ha fri av og til. Oppfordringa til folk er: Ta med kamera når du er ute på noko, knips bilder og send dei til Trollheimsporten med litt tekst til. Så kjem det på trykk, lovar Willy Karlstrøm.