– Vi er glade for å kunne bidra
Neste veke er det klart for Demensaksjonen 2019, og også i år stiller Surnadalsrussen opp som bøssebærarar. Dei er glade for å hjelpe til, og Heidrun Solstad i Surnadal demensforening og helselag ber folk ta godt imot bøssebærarane.
Det har etter kvart vorte tradisjon at russen stiller opp som bøssebærarar i samband med Demensaksjonen, og Surnadalsrussen 2020 følgjer flott opp, i det som blir den 16. strake gongen russen er med på denne dør-til-dør-aksjonen.
Frå måndag 16. til torsdag 23. september kjem dei til å ringe på dørene hos dei aller fleste husstandar i Surnadal, og russepresident Hanna Svinvik fortel at ungdommane gler seg.
– Vi er glade for å kunne bidra, og inntektene går til ei veldig god sak. Russen er veldig positivt innstilte til aksjonen og bøssebæringa, seier ho.
Det er musikk i øyrene til Linda Bergheim, nyvalt leiar i Surnadal demensforening og helselag, og demenskontakt Heidrun Solstad, som jobbar i heimesjukepleia.
– Det er heilt topp at russen er med på aksjonen, det sett vi veldig stor pris på. Dei gjer alltid ein fenomenal jobb, seier Solstad.
Ho fortel at fjoråret var spesielt bra, med tidenes nest beste resultat for Demensaksjonen.
– Og då var Møre og Romsdal øvst på lista over dei som samla inn mest, seier ho.
Ifølgje Nasjonalforeningen for folkehelse er det no 78 000 personar i Noreg som lev med demens, og 10 000 nye som får det kvart år. Det betyr at om lag 350 000 pårørande er berørt, og foreininga slår fast at talet på nordmenn som lever med demens vil fordoble seg innan 2040.
– Det gjer at behovet for midlar til vidare forsking er stort, seier Solstad, og fortel at inntektene frå Demensaksjonen i all hovudsak vil gå til nettopp forsking.
– Det finst ingen kur mot demens, og inga behandling. Det er ein sjukdom som er aktuell på verdsbasis, og som det må lærast meir om, seier ho.
Bergheim, Solstad og Svinvik håpar på god mottaking og oppslutning for årets aksjon.
Russen fekk ei liste over dei ulike rutene i kommunen, og Hanna Svinvik, som for øvrig er dottera til Surnadal sin komande ordførar, Margrethe, fortel at velviljen blant russen var så stor at alle rutene raskt vart fylt opp med elevar.
– Eg er veldig imponert over at dei har klart å fylle alle rutene, då er heile bygda dekt, seier Bergheim, og fortel at Åsskard helselag tek seg av rutene i Åsskard.
– Demensaksjonen er noko dei aller fleste kjenner godt til frå før, så eg veit om folk som sit klare og gler seg til bøssebærarane kjem på besøk. Kvar krone tel, så eg håpar at folk tek godt imot bøssebærarane, seier Heidrun Solstad.
Leiar i Surnadal demens og helselag, Linda Bergheim (f.v.), demenskontakt Heidrun Solstad og russepresident Hanna Svinvik.