ok uten ps

– Vi er vel den store, stygge ulven

Stor diskusjon blant listetoppane i Surnadal om grendaskular, bruk av matjord til bustadtomter, sjukeheimsplassar og eigedomsskatt.

Under onsdagens partipolitiske debatt i Surnadal, der listetoppane til kommunevalet møttest til debatt, vart det høg temperatur i panelet som følgje av enkelte spørsmål frå publikum.

Blant desse var dette:

– Det er mykje snakk om nyskulen på Øye, men kva med grendaskulane?

– MDG forheld seg til det vedtaket som er gjort om Todalsskulen, og ser det ikkje som aktuelt å legge ned nokon av dei andre grendaskulane i den neste perioden, sa Eli Vullum Kvande frå MDG.

– Vi seier ja til å behalde grendaskulane, dei er samlingspunkt for bygdene, og viktige for å få til tilflytting, sa Nils Petter Tonning frå FrP.

– Grendaskulane er absolutt innanfor det vi står for - å ha gode tilbod i nærmiljøa. Vi har programfesta at vi skal ha oppvekstsenter i heile kommunen. I Todalen sitt tilfelle gjekk vi i dialog med lokalsamfunnet for å finne ut korleis vi kan legge til rette og lokalsamfunnet bidra til positiv utvikling. Vi vil framleis ha grendaskulane, sa Margrethe Svinvik (Sp).

– Vi er vel då den store stygge ulven. Vi meiner at det med dagens folketal vil vere ei betre løysing med tre gode skular i kommunen. Vi ser for oss ein grendaskule i sentrum, ein på andre sida av Nordmarka og ein på andre sida av Eidet, sa Tor Rune Halset (H)

– Betyr det at de ser for dykk å leggje ned Mo og Todalen i løpet av perioden?, spurte konferansier Svein Sæter.

– Det kan vere det som ligg i korta då, ja. Vi kom med forslaget fordi vi gjekk gjennom tertialrapporten, der einingsleiar seier, svart på kvitt, at det å flytte ungane frå Todalen til Stangvik er eit muleg innsparingstiltak. Men det å ta opp skulestruktur passar visst aldri, uansett når i perioden det er. Vi meiner at tre gode skular vil vere ei god løysing, seier Halset.

– Vi er lista med flest todalingar, og då kan folk gjette kva vi tenker om dette. Vi er imot nedlegging av skulen i Todalen, seier Ole Stensby frå SV.

– Vi i KrF er for ein desentralisert skulestruktur. Vi gjorde eit vedtak i desember om at Todalsskulen skulle få fred ei stund, og tykte det var frykteleg rart at dette skulle opp igjen no, seier Mali Hildrun Settem (KrF)

– Vi i Ap har i programmet vårt sagt at vi ønskjer å vere trygge på at det er kvalitet og oppfølging av ungane våre, og vi trur det skjer noko der, når ein skule blir todelt og ikkje tredelt. Vi må gje eit godt tilbod til heile Surnadal, uavhengig av kvar vi endar opp med grendaskular, seier Annett Ranes frå Ap.

– Eg er ikkje usamd i dei pedagogiske argumenta til Høgre og Ap, men når vi fatta eit vedtak før jul, og ein vil ombestemme seg før sommaren, er ein med og fyrar opp under politikarforakt, seier Eli Vullum Kvande frå MDG.

På direkte spørsmål frå salen om Ap kjem til å foreslå nedlegging av Todalsskulen i løpet av neste periode, svarar Ranes frå Ap slik:

– Svaret er vel i grunn «Tja». Vi forheld oss til vedtaket frå desember, samtidig som vi må ta høgde for at dei økonomiske føresetnadene kan endre seg i løpet av ein periode på fire år.
 

Kamp om sjukeheimsplassar

Eit anna spørsmål gjekk på om partia ville gjenåpne dei åtte nedlagte sjukeheimsplassane.

– Det må vi gjere, dersom det blir behov for det, seier Margrethe Svinvik.

– Det kan vere at vi kanskje ikke får til å åpne desse igjen. Vi har dessverre ein frykteleg tung kommuneøkonomi, seier Eli Vullum Kvande, og legg til:

– Eg trur det er på høg tid at vi gjer noko med tilbodet vi gjev til sjukepleiarar som ønskjer å komme hit. Vi i MDG trur at for å rekruttere folk hit, må vi tenke litt annleis. Vi trur at folk heller treng meir tid enn pengar, og at vi kan lokke folk hit for å jobbe 90 prosent stilling for 100 prosent lønn, i staden for 100 prosent jobb til høgare lønn.

– Det var ganske stort fleirtal den gongen vedtaket om nedlegging vart gjort. Det vedtaket vart gjort med føresetnad om at vi skulle få gode rapportar, og det er viktig å følgje opp dette. Eg meiner det er viktig at vi som politikarar forheld oss til rapportane frå fagfolket, og ikkje tek eit standpunkt her i kveld om vi skal åpne plassane eller ikkje – utelukkande som valflesk, seier Annett Ranes.

– Vi må lyse ut heile stillingar for å få folk til bygda. Kan nokon svare på om vi gjer det per i dag?, spør Ole Stensby frå SV.

– Undersøkingar frå sjukepleiarforbundet viser at vi i Surnadal ligg omtrent på topp i å lyse ut heilstillingar. Så det er vi heilt konsekvente på, svarar Margrethe Svinvik frå Sp.

– Vi trur det skal gå greitt å åpne dei åtte sjukeheimsplassane. Vi må få ned sjukefråvêret, for vi brukar 9-11 millionar kroner på dette berre ved sjukeheimen. Brukar vi desse millionane på tiltak for tilsette og bebuarar, har vi midlar som kan brukast på helse og omsorg. Eg likar Eli sin idé om å tenke annleis for å tiltrekke oss folk. Heiltidskulturen har vi, og har jobba godt med i mange år i kommunen, der føler eg vi er på god veg i alle sektorar i kommunen. Det viktigaste er at vi framsnakkar oss sjølve, at sjukeheimen får fram kor triveleg det er å jobbe der og bu der – for det trur eg det er, seier Tor Rune Halset.

– Eg er samd med Eli i at vi må vere kreative for å få folk hit til å jobbe på sjukeheimen. Nok sjukeheimsplassar er blant hjertesakene mine, dei som treng plass må få plass. Eg håpar verkeleg vi får til fleire plassar, seier Mali Hildrun Settem.

– Eg prøvde å behalde desse ved å bruke disposisjonsfondet, men vart nedstemt. Eg trur mange blir heime for lenge, og då går det utover dei næraste. Vi bruker altfor mykje pengar på sjukefråvêr, og sjukeheimsplassane må opp igjen. Vi i FrP er og for statleg finansiering av eldreomsorg, seier Nils Petter Tonning.
 

Usemje om eigedomsskatt

Frå salen kom det spørsmål om korleis FrP vil dekke inn dei 22 millionane kronene i eigedomsskatt dei i partiprogrammet sitt ønskjer å kutte.

– Vi har for høgt sjukefråvêr, og vi må sjå på den administrative strukturen. Vi kan gjere ting med mange ting, for å seie det slik. Ein kan ikkje berre ta vekk 23 millionar, men det er ein ekstraskatt for alle som sit her, og denne kjem oppå vanlig skatt. Eg vil gjerne fjerne den, men eg håpar vi kan ta det litt etter litt. Akkurat kva eg kan ta det bort på, det har eg ikkje i hovudet, men det skal vi komme med gode forslag på, svarte Nils Petter Tonning i FrP.

– Eg kan vere noko samd i at vi kan sjå på eigedomsskatten når det gjeld korleis vi skal klassifisere private bustader og fritidsbustader, men skal ein kutte 22 millionar blir det ikkje berre med sjukefråvêr, seier Tor Rune Halset (H).

– Sp tykkjer at eigedomsskatten er usosial, og vi er i utgangspunktet imot den. I Surnadal vurderer vi situasjonen slik, at økonomien ikkje tillet både å komme ned på ei forsvarleg økonomisk drift og redusere eigedomsskatten i den komande perioden. Difor har vi ikkje lova noko på dette, vi har lova at vi skal ha gode tenester og ei berekraftig drift, seier Margrethe Svinvik frå Sp, og utfordra Arbeiderpartiet:

– Ap vil innføre eldrevaktmester og gratis skulemat, betyr det at dei vil auke eigedomsskatten eller vil dei kutte i andre tenester?

– Ein eldrevaktmester er noko eg trur vi kunne fått til i samarbeid med lag og organisasjonar i samarbeid med frivilligsentralen, som nyleg er oppretta. Når det gjeld skulemat er dette ei ordning med gode effektar, som vi må få til gradvis, seier Annett Ranes frå Ap.
 

– Kven skal bli ordførar?

Det kom og spørsmål om utbygging av Buhagen Vest, der Ap, H, SV og FrP sa klart ja. MDG og KrF sa like klart nei, medan Senterpartiet meldte at dei tykkjer at å åpne kun Buhagen Vest er eit dårleg forslag, og at dette må sjåast i samanheng med Øyagardslia og Høgberget.

Eli Vullum Kvande frå MDG tok replikk:

– Denne diskusjonen viser det igjen, at vi ikkje klarar å sjå verdien av matjord. Naturen taper igjen og igjen for samfunnsinteresser, seier ho.

Heilt på slutten av kvelden stilte konferansier Sæter tusenkronersspørsmålet:

– Kven vil de at skal bli ordførar?

– Den som gjev oss mest på klima, seier Eli Vullum Kvande (MDG).

– Vi har sagt at vi trur det kan vere greitt med eit skifte, seier Nils Petter Tonning (FrP).

– Vi har hatt eit godt samarbeid med den eine vegen, og ser gode mulegheiter den andre vegen, seier Tor Rune Halset (H).

– Vi er eit både eit raudt og eit grønt parti. Så det betyr «Tja», seier Ole Stensby (SV).

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid, og ser for oss å fortsette det. Men det viktigaste er at KrF kjem inn, seier Mali Hildrun Settem (KrF).