1500 Gunn Astrid Hove og Wilde Wahl Berge

Rekorddeltaking på Operasjon Dagsverk:

– Vi jobbar for ei veldig god sak

Torsdag gjekk årets Operasjon Dagsverk av stabelen. Inntektene frå årets aksjon går til eit prosjekt i regi av Caritas Norge, og skal støtte 15 000 ungdommar i DR Kongo sin kamp for ei betre framtid. – Vi som bur her er heldige, og det er bra at vi får jobbe for unge på vår alder, som ikkje er like heldige, seier Brit Heggem.

Ingressfoto: Gunn Astrid Hove (t.v.) og Wilde Wahl Berge valte å jobbe hos Cafe Dan under årets Operasjon Dagsverk.

Under den årlege aksjonen Operasjon Dagsverk (OD) bidreg ungdommar med arbeidskraft til inntekt for gode formål, og 2019-utgåva har fått namnet "Til hvilken pris?".

Minsteprisen for ein elev ved ungdomsskule er 300 kroner, medan minsteprisen for ein elev ved vidaregåande opplæring er 400 kroner.

Inntektene går til Caritas Norge sitt prosjekt i Den demokratiske republikken Kongo, der om lag 40 000 unge kvar dag risikerer livet når dei jobbar i gruver for å utvinne mineralar.

Desse mineralane vert bruka i mobiltelefonar, nettbrett, datamaskiner og liknande, og mange sluttar på skulen for å jobbe i gruver - rett og slett fordi familien deira ikkje har råd til skulegongen. Arbeidet i gruvene gjer at mange ungdommar som kjem tilbake til skulen er traumatiserte, eller er så langt bak pensum at dei ikkje klarar å halde følgje med undervisninga. 

Operasjon Dagsverk opplyser på heimesidene sine at årets prosjekt skal sikre yrkesopplæring, rettigheitsarbeid og beskyttelse for ungdommane. På denne måten skal ungdommane kunne velje vekk gruvearbeid og grupper som jobbar for ungdommane skal styrkast. I tillegg skal lokalsamfunnet lærast opp om ungdom sine rettar, og korleis overgrep kan førebyggjast. Prosjektet skal og gje ungdommar betre oppfølgjing hos psykologar og legar.
 

– Ein vanleg dag på jobb

– Vi jobber for ei veldig god sak, for å styrke rettane til ungdommane som jobbar i gruvene i Den demokratiske republikken Kongo, seier Gunn Astrid Hove, som til dagleg går andreåret studiespesialisering.

Saman med Wilde Wahl Berge jobbar ho på Cafe Dan under Operasjon Dagsverk, og det trivst dei to godt med.

– For oss er i grunn dette ein vanleg dag på jobb, sidan vi jobbar på Cafe Dan elles og. Vi var her under OD i fjor og, så vi jobbar i eit kjent og trygt miljø, seier Hove, og får støtte av helsefag-elev Wahl Berge:

– Sidan vi i dag er litt fleire folk på jobb enn vanleg blir det litt meir vasking og slikt enn vanleg, men det er triveleg å vere her, på ein plass vi kjenner godt.

Ingrid Pedersen hos Cafe Dan ser på det å ha Hove og Wahl Berge på plass i samband med Operasjon Dagsverk som ein vinn-vinn-situasjon:

– Dei er dyktige jenter, som jobbar for ei god sak, og som vi kjenner godt frå før. Så ja, det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Pedersen.


98 prosent deltaking

Rekordhøge 98 prosent av elevane ved Surnadal vidaregåande skule deltek i årets Operasjon Dagsverk. Blant dei er Brit Heggem, som er på plass hos Extra.

– Eg tykkjer saka i år er veldig god. Vi som bur her er heldige, og det er bra at vi får jobbe for unge på vår alder, som ikkje er like heldige, seier Heggem, og fortsett:

– Inntektene går til å hjelpe dei som jobbar i gruvene, og som ikkje får seg utdanning, så OD er eit godt og viktig opplegg.

Som Hove og Wahl Berge, brukar også Heggem, som går tredjeåret studiespesialisering, OD-dagen hos ei bedrift ho kjenner godt.

– Ja, eg jobbar her på Extra til vanleg og, så det er i grunn som ein vanleg dag på jobb, seier Heggem, som trur at Operasjon Dagsverk og er nyttig for bedriftene som tek imot elevar.

– Det er ei god mulegheit for dei og, i og med at dei kanskje finn nokon som kan halde fram med å jobbe der også etter OD-dagen.

690 Brit Heggem.jpg
Brit Heggem på jobb hos Extra under Operasjon Dagsverk torsdag.