ingress pipelife kommune

– Vi lyt trø til og bidra

Medan utstyrsmangelen skapar utfordringar i helse-Norge, støttar Pipelife Norge einingane i Surnadal kommune med 13 såkalla pandemikassar. Dei inneheld mellom anna 4 000 masker til andedrettsvern, og sikrar kommunen eit godt oppstartslager i tilfelle koronasmitte.

Måndag skreiv Trollheimsporten om at Surnadal kommune har fått helserelatert utstyr frå lokale bedrifter, og at dei sett stor pris på velviljen dei møter hos næringslivet.

I dag var Bjørn Sæterbø og Ronny Andersen frå Pipelife Norge på plass ved Surnadal sjukeheim, for å levere ikkje mindre enn 10 pandemikassar med utstyr. Desse kjem i tillegg til tre som vart levert sist fredag.

Kassane inneheld FFP2-masker, hanskar, handdesinfeksjon, munnbind og avfallspose, og einingsleiar ved Surnadal sjukeheim, Marit Moe Kvendbø, anslår at rørgiganten på Syltbakkan mellom anna har biedrege med heile 4 000 masker til andedrettsvern.

– Med desse 13 utstyrskassane har Pipelife verkeleg bidrege til at vi kan senke skuldrane våre og vere trygge på at dersom det brakar laus med smitte her, har vi ein god del utstyr å starte med, seier ho, og rettar ei stor takk til primus pandemikasse-motor Bjørn Sæterbø og resten av Pipelife:

– Bjørn har ordna opp i alt, og sidan første kontakt har det vore klare «Ja» å få frå Pipelife heile vegen. Eg tykkjer det er utruleg bra at dei viser slik ein vilje til å vere på hugget og bistå oss.

– Ikkje berre får vi 13 pandemikassar, men dei har og henta dei på lager i Røtet og køyrt dei heilt til døra vår. Det er topp service, og viser at dei ser kor viktig det er å trø til, slik situasjonen er, seier einingsleiaren.
 

Glade for å vere til hjelp

Bjørn Sæterbø fortel at pandemikassane Surnadal kommune no har fått, vart sendt til Pipelife-fabrikken i Surnadal i 2009, som beredskap då svineinfluensaen stod på som verst.

– Den gongen fekk vi nok tilsendt litt meir enn planlagt hit til Surnadal, og eg er av gamlesorten, som ikkje klarar å kaste noko som helst. Så desse kassane har eg gøymt og flytta mykje på opp gjennom åra, ler han.

Ifølgje Sæterbø var det først og fremst alle maskene, som og er godt eigna for å verne mot støv, som gjorde kassane interessante for Pipelife å behalde.

– Då koronaviruset dukka opp, og Marit tok ein ringerunde på leit etter utstyr på fredag, var det ei enkel avgjerd å gje vekk pandemikassane, seier han, og legg til:

– Det er bra at utstyret kan komme til nytte i beredskapen, etter at vi har samla på det i såpass mange år. Vi er glade for å kunne hjelpe, og håpar sjølvsagt at situasjonen aldri blir slik at kommunen må ta utstyret i bruk.

Sæterbø, som saman med kollega Ronny Andersen onsdag fekk utdelt blomster som takk for hjelpa, seier at det er eit bevisst val frå Pipelife å bidra i den store dugnaden mot koronaviruset.

– Eg klarerte med leiinga vår at eg fekk lov til å gje vekk dette, og beskjeden frå dei var klar: det er berre å gje dei det vi har, seier han, og fortsett:

– Når kommunen ikkje får tilgang til nødvendig utstyr, lyt vi trø til og hjelpe til.  Vi kan alle bli sjuke og trenge hjelp frå helsepersonell - også vi på Syltbakkan - så det gjeld å støtte opp.

Som mellom anna mangeårig anleggssjef på Nordmarka gjennom Surnadal IL Langrenn, er ikkje Sæterbø framand for dugnadsarbeid. Han er glad for å kunne bidra til fellesskapet i det han skildrar som «ei frykteleg spennande tid».

– Ein merkar at stemninga i bygda er annleis enn før. Folk held avstand, og det er tydeleg at folk tek dette på alvor no. Vi får håpe dette går nokon lunde bra til slutt, seier han, og legg til:

– Så ser ein av dette at det kan vere lurt å vere av gammelsorten av og til – det har sine fordelar at ein aldri klarar å kaste noko.

pipelife kommune 4.jpg
Pandemipakkane inneheld FFP2-masker, hanskar, handdesinfeksjon, munnbind og avfallspose.

 

– Tek gjerne imot meir utstyr

Marit Moe Kvendbø er klar over at mange helseforetak og mange kommunar er på jakt etter den typen utstyr som kommunen no har fått av Pipelife. Ho er difor glad for at hjørnesteinsbedrifta har tenkt lokalt.

– Vi er veldig glade for at dette kjem Surnadal kommune til gode, og at Pipelife reserverte det dei hadde til oss. Vi har rett og slett fått alt dei har, og dei viser ein utruleg fin, lokal lojalitet, seier ho, og legg til:

– Det at lokale bedrifter tenker lokalt, i staden for å gje til alle som spør, gjev ein enorm tryggleik for oss i Surnadal. No veit vi at vi har eit godt oppstartslager.

Kommunen har allereie starta jobben med å fordele pandemikasse-utstyret på dei ulike einingane innan helsesektoren. Nokre av kassene er allereie køyrt ut til bu- og aktivitet, heimetenesta og til helse- og familie, som består av til dømes tenester som jordmor og helsestasjon.

– Alle helseeiningane har no eit lager lokalt hos seg, medan resten er lagra hos oss på sjukeheimen. Det betyr at vi har kontroll så langt, samtidig som vi i går sendte inn bestilling og utstyrsbehov til fylket.

Fylket har no nemleg starta innhenting av bestilling og bedt om anslag om kva kvar enkelt kommune treng. Det vert deretter jobba med å få nødvendig utstyr til Noreg, men per no har ikkje Surnadal kommune fått nokon dato for når dette utstyret kjem.

– Difor er det så fenomenalt at Pipelife gjev oss det dei har gjort, og prioriterer oss, seier Kvendbø.

Etter Trollheimsporten sitt oppslag måndag, har og Nordmøre Folkehøgskule teke kontakt med einingsleiaren ved Surnadal sjukeheim.

– Kjell Gunnar Polden ringte i går kveld, og sa at folkehøgskulen hadde 70 munnbind liggande, som i utgangspunktet skulle brukast i samband med skuleturar. I og med at desse turane no er avlyst, fekk vi tilbod om dei. Det takka vi gladeleg ja til, og set stor pris på, seier ho.

Kvendbø understrekar:

– Sjølv om vi har vore så heldige at vi har fått ein del med Pipelife, tek vi gjerne imot meir. Er det andre bedrifter som har utstyr av denne typen, som dei kan avsjå, er vi veldig glade for det. Det kan og vere aktuelt å betale for det, for det er så enkelt som at jo meir utstyr vi har, jo tryggare er vi.

(Alle foto: Surnadal sjukeheim).

pipelife kommune 1.jpg
Ronny Andersen (t.v). og Bjørn Sæterbø frå Pipelife får blomster av vaktmester Daniel Haarstad-Bøe og einingsleiar Marit Moe Kvendbø ved Surnadal sjukeheim.

pipelife kommune 2.jpg
Kommuneoverlege Bjørn Buan og einingsleiar for Helse- og familie, Gunn Bredesen, var og på plass under onsdagens overlevering av pandemipakkar.

pipelife kommune 3.jpg
Bjørn Sæterbø og Daniel Haarstad-Bøe.

pipelife kommune 6.jpg
Totalt har Pipelife gjeve Surnadal kommune 13 pandemipakkar. Einingsleiar Marit Moe Kvendbø anslår at det mellom anna betyr 4 000 munnbind til andedrettsvern.

pipelife kommune 5.jpg

i sak pipelife kommune.jpg
Surnadal kommune sett stor pris på hjelpa frå Pipelife, som på si side er glade for å bidra til styrka beredskap.