Stangvik Boligutvikling kjøper Stangvik Aldersheim:
– Vi må få ungdommane til Stangvika
Stangvik Boligutvikling vil lage 6-8 bueiningar i Stangvik Aldersheim, som dei kjøper frå Surnadal kommune for 500 000 kroner. – Målet vårt er hovudsakeleg å treffe førstegongskjøparane, og skape bulyst i Stangvika og Surnadal, seier leiar Bjørn Kristian Brøske.
Under tysdagens formannskapsmøte orienterte kommunedirektør Knut Haugen at det nystarta selskapet Stangvik Boligutvikling kjøper Stangvik Aldersheim for 500 000 kroner.
Det er ni lokale personar har gått saman om å stifte selskapet, og styret består av leiar Bjørn Kristian Brøske, Sjur Børve, Ole Ivar Andersen og Lars Inge Kvande.
– Det har i grunn gått slag i slag, og sjølve ideen er ikkje stort meir enn 14 dagar gammal, seier Bjørn Kristian Brøske.
Ein føresetnad for at kommunen ville selje, var at kjøpar måtte utarbeide ein plan for den vidare bruken av bygg og tomt.
Stangvik Boligutvikling formidla i denne planen at dei ønskjer å utvikle 6-8 bustadeiningar for sal, og at leiligheitene skal vere prisa og for unge førstegangskjøparar. Dei understrekar og at dei vil rehabilitere dagens eigedomsmasse, og peikar på at selskapet har kompetanse innan byggteknikk, administrasjon, bustadutvikling og finansiering.
– Vi ser på oss sjølve som heldige, som får kjøpe aldersheimen til ein slik pris. Prisen gjev oss mulegheita til å ta denne sjansen. Det er bra at kommunen tykkjer intensjonen vår er god, og at dei er med på å skape bulyst i grenda, seier Brøske, som fortel at dei ikkje var i tvil om at dei ville rehabilitere aldersheimen:
– Det er eit stort fint hus, på ei stor og spesiell tomt. Det finst ikkje mange slike store tomter, som ligg så fint til. Vi vil bruke den bygningsmassen for å lage nye leiligheiter, seier han.
– Med det utgangspunktet vi har, med tanke på kjøpspris og eksisterande bygningsmasse, trur vi at vi har ei stor mulegheit til å få til noko bra, seier styremedlem Ole Ivar Andersen.
Vil få med fleire på eigarsida
Brøske og styremedlem Andersen fortel at selskapet gjerne vil utvide eigarskapet.
– Vi ønskjer å få med oss fleire enn dei ni vi er i dag, så dersom nokon deler ønska og intensjonane våre, håpar vi dei tek kontakt.
Neste veke vil det bli arrangert eit allmøte, der Stangvik Boligutvikling håpar å komme i kontakt med både potensielle eigarar og kjøparar av leiligheiter.
– På allmøtet håpar vi at folk kjem med synspunkt og idear, og at potensielle kjøparar kjem med innspel på kva folk vil ha, seier Brøske.
Andersen fortel at det ikkje er tilfeldig at Stangvik Boligutvikling ønskjer å rette prosjektet litt ekstra mot førstegangskjøparar.
– I Stangvika er vi avhengige av å få ungdom til å flytte hit. Vi har mange ungdommar i alderen 16-25 år, som er ute for å studere eller jobbe. Forhåpentlegvis kan dette prosjektet bidra til at dei, eller andre, vel å flytte hit, for vi treng å få nye, unge folk hit til grenda, seier han.
– Det skjer mykje positivt i Stangvika for tida. Befolkningsutviklinga går rett veg, det er bygd fleire nye bustader og no ligg det og eit hus ute til sals, seier Brøske, og får støtte frå Andersen:
– Ja, hugs at det ikkje er meir enn sju-åtte år sidan skulebussen var full av ungar då den for frå Stangvika.
– Vi må ha som mål å klare å komme dit, eller i nærleiken, igjen, seier Brøske.
Har stor tru på prosjektet
Første ledd etter allmøtet blir å starte prosjektering av eigedommen. Her ønskjer selskapet å komme i kontakt med lokale personar som kan hjelpe til med dette.
– Prosjektet blir jo og så stort at det vil medføre mykje arbeid for ein entreprenør, seier Brøske, som har kjempetru på at dei skal lykkast med prosjektet.
– Vi har verkeleg tru på å få til dette. Vi veit at ein ikkje får noko gratis, og det blir mykje arbeid, men bygdeutvikling er ferskvare. Ein kan ikkje sitte og vente på at nokon andre skal fikse biffen.
– Når vi fekk kjøpe aldersheimen til den summen, har vi verkeleg trua på prosjektet. Vi må få hit ungdommane, det er rett og slett forferdeleg viktig, seier Andersen.
– Ja, vi som står bak dette er ikkje profittørar, vi gjer dette for bygda vår. Vår intensjon og vårt håp er at vi treff markedet, og altså spesielt førstegongskjøparar, som har lyst til å busette seg i Stangvika, seier Brøske.
Bjørn Kristian Brøske (t.v.) og Ole Ivar Andersen med Stangvikfjorden i bakgrunnen.