– Vi må heve statusen til yrkesfaga
I 2019 er heile 100 lærlingar innan 20 ulike fag innom Indre Nordmøre Opplæringskontor. – Dette viser at lokale bedrifter har eit stort behov for fleire fagarbeidarar, seier dagleg leiar Marit Drøpping.
Med kontor i yrkesfagbygget ved Surnadal vidaregåande skole, har Marit Drøpping og Indre Nordmøre Opplæringskontor eit godt utgangspunkt for god dialog med potensielle lærlingar.
Drøpping fortel at det i år er skrive 40 nye lærekontrakter gjennom Indre Nordmøre Opplæringskontor (INMO). Legg ein til dei 29 andreårslærlingane og dei 31 som har fullført fagbrev i løpet av året, har altså 100 lærlingar vore innom INMO i 2019.
– Vi kunne faktisk hatt lærlingar i fleire enn dei 20 faga vi har lærlingar i, for mange bedrifter har potensial til å bli godkjente i fleire fag, enten åleine eller i samarbeid med andre, seier Drøpping.
Ho rosar samarbeidet mellom skule og næringsliv i regionen.
– Det fungerer veldig godt, så det er aldri noko problem å få utplassert elevar. Næringslivet er så på tilbodssida, og dei som jobbar ved yrkesfag ved Surnadal vidaregåande skole gjer ein kjempejobb, seier ho, og legg til:
– Det er utruleg viktig at elevane får prøve seg ute i bedrifter, og ikkje berre gjere det praktiske arbeid i ein skulesituasjon. Dei elevane som går yrkesfag er utplassert i bedrifter allereie første- og andreåret på vidaregåande. Det er ein veldig god rekrutteringskanal, for då får bedriftene bli kjende med elevane, samtidig som elevane får lære om den reelle jobbkvardagen.
Flest læreplassar innan bygg og anlegg
Drøpping fortel at bygg og anlegg er det desidert største av fagfelta, målt i talet på læreplassar.
– Dei fleste er tømrarar. Realiteten er at behovet er størst på bygg og anlegg, og slik har det vore i mange år, seier ho, og fortsett:
– Det er ingen tvil om at Surnadal vidaregåande skole har linjer næringslivet etterspør, særleg då bygg og anlegg og teknisk og industriell produksjon (TIP).
Under eit frokostmøte i Surnadal Næringsforening nyleg, viste Drøpping fram ei stipulert oversikt over læreplassar hos dei 59 medlemsbedriftene til opplæringskontoret i perioden 2020-2025. Bedriftene held til i Surnadal, Rindal og Halsa.
Oversikta viser 17-19 læreplassar innan bygg og anlegg, 13-14 innan TIP, 4-5 innan helsefag, 3-4 innan barne- og ungdomsarbeidarfag, 1-2 innan restaurant og matfag, 1-2 innan logistikk og 1 innan automasjon.
– Dei stipulerte tala indikerer behovet blant bedriftene, som tross alt tek inn lærlingar først og fremst for å rekruttere folk med rett kompetanse. Og ved å ha lærlingar får jo bedriftene mulegheita til å få spissa kompetansen direkte inn mot det dei driv med, seier Drøpping.
Ho fortel at det og er behov for arbeidskraft innan helse og oppvekst, ei anna linje Surnadal vidaregåande skole tilbyr.
– Men her er det faktisk ikkje så mange elevar som søker læreplass.
Marit Drøpping (t.v.) og Eva Husby, leiar i Surnadal Næringsforening, etter at Drøpping presenterte Indre Nordmøre Opplæringskontor under eit frokostmøte nyleg.
– Mange mulegheiter berre i lokalområdet
I tillegg til tett oppfølging av lærlingar, lærekandidatar og lærebedrifter, jobbar opplæringskontor mykje med å få fleire til å søke seg til yrkesfagleg utdanning.
– Vi må heve statusen til yrkesfaga, og vi jobbar mellom anna ein del opp mot foreldra til elevane. I tillegg er vi til stades på møter, karrieredagar og liknande, og brukar Facebook aktivt for å presentere medlemsbedriftene våre, seier Drøpping og held fram:
– Ungdommane søker jo vidaregåande utdanning allereie halvvegs ut i 10. klasse, og då tenkjer ikkje alle like langt. Få av dei har det klart kva veg dei ønskjer å gå vidare, og vi ønskjer å gje folk som skal søke vidaregåande opplæring eit bilete av kor mange mulegheiter dei har, berre i lokalområdet vårt.
Ho har tru på at jamne drypp via Facebook bidreg til å synleggjere mulegheitene som følgjer med ei utdanning innan yrkesfag, og presiserer og at ein i mange bedrifter kan ta fleire fagbrev.
– Då får ein eit endå breiare grunnlag, seier Drøpping.
Ho peikar på at lokale ungdommar har ein tendens til å velje dei utdanningstilboda som er tilgjengelege i nærområda deira.
– Det er viktig for mange å gå på nærskulen, og sleppe å bu på hybel. Difor er det viktig at skulen beheld dei utdanningstilboda næringslivet treng. Vi er opptekne av at vi må halde fram samarbeidet mellom skule og næringsliv, for å utdanne dei fagarbeidarane bedriftene etterspør, seier Drøpping.
I og med at elevtalet går ned, er det større kamp om søkarane enn nokon gong, fortel ho.
– Når fylkesøkonomien no er slik at dei berre skal sette i gang heile klassar, går ikkje dette heilt opp. Då håpar eg at behovet i næringslivet vil bety ein del, når fylket skal vurdere kva studietilbod dei ulike skulane får tilby, seier Drøpping, og legg til:
– Det er ikkje sjølvsagt at vi greier å skaffe lærlingar, dersom vi ikkje har dei rette linjene å tilby dei som skal utdanne seg.
Mange grunnar til å bli godkjent lærebedrift
Den daglege leiaren ved Indre Nordmøre Opplæringskontor meiner bedriftene som er godkjende lærebedrifter har all grunn til å skryte av det.
– Det er mange fordelar ved å vere godkjent lærebedrift. Det er god reklame for bedriftene, så eg håpar så mange som muleg brukar det aktivt i marknadsføringa si. Det er og lurt i anbod, spesielt til det offentlege, seier Drøpping, og legg til:
– Ofte kan det å ha lærlingar i bedrifta og gje ein boost for dei som jobbar der frå før, for ein må skjerpe seg litt, og vere gode rollemodellar for lærlingane. Ein får rett og slett sett litt fokus på eigen praksis.
Ho fortel at det naturleg nok må leggjast litt til rette for lærlingane, særleg i starten, men at dei lokale lærebedriftene er flinke til nettopp det.
– Eg tykkjer bedriftene er flinke til å ta vare på lærlingane, i det som tross alt er ein travel kvardag der dei og skal utføre sin eigen jobb, seier ho, og fortsett:
– Bedriftene er og veldig flinke til å tenke at ein må hjelpe lokal ungdom, slik at dei skal få fullføre utdanninga si. Det er så mange gode pedagogar der ute i helsefrakkar, «lortåte» kjeledressar og anna arbeidsantrekk, at det er kjempeartig å sjå.
For å bli godkjent lærebedrift må bedrifta kunne tilby arbeidsoppgåver som er relevante opp mot læreplanen, og dei må ha ein godkjent fagleg leiar.
– I tillegg vil eg legge til at dei bør ha motiverte instruktørar. Det er ikkje noko formelt krav, sjølvsagt, men det er utruleg viktig at dei som jobbar med lærlingen til dagleg er motiverte.
– Med ein god tone på arbeidsplassen får bedrifta ein motivert lærling, for entusiasme for faget er smittsamt. Motiverte instruktørar er og god reklame overfor framtidige lærekandidatar, seier Drøpping.
Ho omtalar læretida som «to år med jobbsøknad».
– I løpet av dei to åra du er lærling lærer du deg eit fag, og får ein ganske bra betalt jobb. Men har du eit fagbrev, viser det berre at du kan sjølve faget.
– Det som går på stabilitet når det gjeld oppmøte, samarbeidsevne og korleis du jobbar – det viser du i læretida. Ein har to år på å vise seg fram for å få vidare jobb, seier Drøpping.
Ingressfoto: Ståle Sæterbø (t.v.) og Per Egil Fiske (t.h.) er lærarar ved teknikk og industriell produksjon ved Surnadal vidaregåande skole, og har dermed tett dialog med Indre Nordmøre Opplæringskontor og Marit Drøpping.
Indre Nordmøre Opplæringskontor er medlem av Trollheimsporten.